Dag og Tid nr. 39, laurdag 25. september 2004:

Leiar:
Politikarar, ta meir fri!

Det går visse rykte om at valkampen alt er i gang. Det kan ikkje vera noko å vinna på dette. SV, som har sett det heile i gang, burde ta seg ein tur til Storbritannia. I England vel dei eit Underhus på tre-fire veker, og britiske valkampar varer knapt lenger enn det.

USA har derimot gått til det ekstreme andre vegen. Alt no talar ein om kven som skal erstatta Bush om fire år om han vert attvald i november. Hillary Clinton har vel sikta seg inn mot det same valet i 2008. Og den mest intense amerikanske presidentvalkampen held på i over eit år. Eg tvilar på om strategane i SV vil finna ei einaste positiv side ved denne utviklinga i amerikansk politikk. Så kvifor då gjera det same her heime?

Organiserer ein politikken kring lange valkampar, vert vi leie. Vi får stadige valkamputspel av typen «Gå eller bruk sykkelen til jobben og trekk frå tida du brukar på arbeidstida», som Bjarne Håkon Hanssen frå Arbeidarpartiet presenterte med fullt alvor under valkampen i fjor. Kvaliteten på dei politiske vedtaka kjem til å lida av ein lang valkamp. Eit land med ei mindretalsregjering krev at alle politiske parti tek medansvar for heilskapen her og no, og ikkje stadig posisjonerer seg til neste val.

Annonseringa av valkampen eit år føre valet gjev inntrykk av at det går føre seg ein alvorleg kamp om sakene. Det vert skapt ein overspent atmosfære for å gje inntrykk av at det står mykje på spel, og at skilnaden på regjeringsalternativa er stor. Det kan knapt vera rett.

Oppmodinga til politikarane må heller vera: Ta meir fri! Det slår ein støtt når ein skrur på fjernsynet – er han der no igjen? Han var der jo i går kveld òg. Og han har vore på jobb sidan tidleg morgon. Vi vil ha meir diskusjon, ikkje argumentasjon. Den konflikt- og slagordsorienterte politikaren er trøyttande og berre interessant for politiske kommentatorar som har gjort det til heiltidsgeskjeft å kommentera spelet mellom politikarane.
Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |