Dag og Tid nr. 39, laurdag 25. september 2004:

Kommentar:
Røyrleggjar i sex-sjokk

Eg er i den heldige stoda at eg har ein son som diggar Monty Python. Slik eg også kunne for utrulege tretti år sidan, kan han lange utdrag utanboks. Éi av samværsformene våre er å framføre sketsjane for kvarandre ved matbordet. Dette har ein tendens til å toppe seg til frukost på laurdagar.

Ein av dei sketsjane vi liker best, skildrar kanskje ikkje heilt tilfeldigvis eit møte mellom ein far og ein son. Faren, ein hardt balen arbeidskar, skjeller ut sonen, ein forfina liten pyse. Nei, kjeftar faren, gallamiddagar var ikkje bra nok for deg. Du har alltid forakta meg for den skarve filmregissøren eg er. Du ville noko anna og betre, men gløym ikkje at ærleg slit med film har vore bra nok for slektledd etter slektledd her nede i London, og at det er filmen som har skaffa mat på bordet her i huset. Sonen står på sitt. Han følte seg kalla til kolgruvene. Han ville ned under jorda for å realisere seg, og da laut han kome seg unna til gruveeldoradoet Barnsley. Faren må da vel skjøne av livet består av noko meir enn la nouvelle vague (dette var trass i alt tidleg syttital), og han skal ikkje hindre son sin i å finne fram til sitt sanne eg, og så bortetter.

Grunnen til at vi synest dette er så forskrekkeleg morosamt, reint bortsett frå at det representerer ein måte å ritualisere og dermed ufarleggjere heile ødipusproblematikken på, er sjølvsagt at gallamiddagsketsjen bruker eitt av komikkens standardknep. Han snur det tilvande og kjende beint på hovudet, slik at det familiære blir framandgjort. Vi blir redde, dermed ler vi.

Monty Python var vellykka fordi samfunnssatiren var intelligent, godt observert og ofte, slik som i dette tilfellet, føregreip den samfunnsutviklinga som var på gang under den krisetida tidleg syttital var. Dei obduserte dei ikkje lenger gangbare mytane i ein falleferdig modernitet ved overgangen til det ettermoderne, i dette eksempelet den mykje omsungne overgangen frå industrikultur til kulturindustri.
Ettertida har gitt dei rett. Der vi før hadde eit industriproletariat og ein medieelite, held vi no på å få omtrent det motsette.

Eg fekk stadfesta seinast i går av ein hyggeleg NRK-journalist at overproduksjonen av journalistar i Noreg held på å bli stor. Mediefag i ulike praktiske og teoretiske avstøypingar florerer frå landsende til landsende, her som elles i den ettermoderne verda. Mange av dei lysaste unge hovuda søkjer seg dit. I ei tid der ein bruker så mykje tid på å sjå på media, er det om å gjere å kome inn der for bli sedd. Kanskje det ikkje er fullt så enkelt å få oppfylt dette primærønsket andre plassar i samfunnet lenger heller, når så mange band som batt har losna.

Same kva ein gjer, t.d. i yrkessamanheng, skal det synleggjerast, dvs. kome i media. Brød har ikkje lenger verdi dersom det ikkje kjapt kjem i omløp i sirkusmanesjen.
Heldigvis er det enkelt å tilkalle ein journalist. Basismodellen er at to personar møtest på eit gatehjørne for å overrekkje noko. Ring avisa, så kjem det ein journalist springande med fotograf på slep. Har du eit tema klart, kjem du iallfall i avisa.

Prøv derimot å tilkalle ein røyrleggjar, eller ein elektrikar, for ikkje å snakke om ein snikkar som er villig til å mekke på huset ditt. Dette krev lang innsats, ei underdanig og respektfull haldning i kropp, stemme og sinn, og svimlande pengesummar.
Ettersom vi lever i eit marknadssamfunn, er det lett å framskrive utviklinga. På same måte som akademikarar i Noreg er billege, fordi det er så mange av oss, kjem prisen på utlærde mediefolk til å stupe for så å dale. Prisen på og statusen til handverkarane derimot, kjem til å stige jamt.

Det medieproletariatet vi kjem til å få, vil ha to hovudtrekk som i og for seg definerer dei som proletariat. Dei vil bli svært mange, og dei vil vere desperate og konstant på jakt etter arbeid. Samtidig vil talet på ein del av dei gruppene som media tradisjonelt har interessert seg for, auke, særleg andre slike som er i media. Det er sjølvsagt reint påfallande i kor stor grad media skriv og pratar om seg sjølve. Men når det blir så mange mediefolk, altså nyhendeopplesarar, spaltistar av det lettare forsofne slaget, veikt funklande såpeoperastjerner m.m., samtidig som dei blir stadig meir deklasserte sosialt, da kan ein forvente at mediekonsumentane si interesse for slike tradisjonsrike objekt vil dabbe av, og så på sikt forsvinne heilt.  
Kven vil så vere igjen? Jo, handverkarane.

Ingenting tyder på at menneska si interesse for det som trass i alt er  det mest spennande i livet, sex og pengar, vil endre seg. Dermed bør vi kanskje alt no åtvare dei komande handverkarstjernene om kva dei har i vente.
Om kort tid vil det nemleg kome ein ny type overskrifter inn i norske blad og tv-sendingar: Røyrleggjar i sex-sjokk. Nokon kjem nemleg til å skjøne at her er det ein marknadsnisje. Ingen kjem til å bry seg lenger om nokre utarma, livstrøytte småkjendisar med bakgrunn i radioens sportssendingar ligg fire i senga i Oslo og puler med den einarma stedottera til den eine av dei. Det vil derimot ha stor offentleg interesse at ein røyrleggjar på t.d. Majorstua, ja jamvel på Fræna, har uttalt seg til media om at han her om kvelden hadde klart å sjekke opp nokon, og at han tykte det hadde vore kjekt.
Tre murarar i bøttekott og Homosnikkarar hamrar best vil vere dei kjæraste nådegåvene ein pressa redaksjon kan få.

Nytt om dei høgaste prisane som er betalte nokon gong for moderne kunst vil falme samanlikna med stadig nye skrekkmeldingar om dei høgaste fakturaene som er sende for utført muring. Dei fem komma éin millionar dollarane som Astrup Fearnley betalte for Jeff Koons sin porselensfigur av Jacko med ape, vil bleikne mot det dei kjem til å punge ut med for ein levande handverkar i bur. (Og han kjem neppe til å gjere teneste utelukkande som utstillingsgjenstand, må vete.)
Viss du, kjære lesar, trur eg overdriv, tenk berre på korleis det var å vere flyvertinne på sekstitalet, og kva det vil seie no.
Eller lærar.
Stephen Walton

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |