Dag og Tid nr. 39, laurdag 25. september 2004:

Klok på bok 680:
Eg leitar etter deg

Imponerande mange kunne sin Hamsun!
Eg trudde at dei færraste kjende til det merkelege diktet på dialekt, men der tok eg feil. Berre les kva Per Åsmundstad frå Ringebu skriv om Kpb 678:

Løysinga var ikkje vanskeleg for den som har interessert seg for Knut Hamsun ein mannsalder. Boka var ikkje lett å få tak i. Det var på flyplass i Wien eg kom over boka
Bjørger fyrste gongen og da i tysk omsetjing. Eg gjekk meg rett på boka i bokkiosken der. Det var nett som ho stod og venta på meg. Dette hende i juni 1999 da vi mellomlanda i Wien på tur til eit leikstemne i Graz. Boka var utgjeven av Deutscher Taschenbuch Verlag GmbH & Co KG, omsett til tysk etter 1981-utgåva utan illustrasjonane av Karl Erik Harr. Eg kjøpte boka tvert, men eg var framleis på leiting etter den norske utgåva. Ein systerson fann ho ikkje på Kjerringøy eller i Bodø. Eg leitte i fleire bokbuer som sel gamle bøker, utan resultat. Så kom eg til å nemne dette for ein kjenning i Vågå, Reidar Grindvold, og han kunne fortelja meg at formannen i Hamsunlaget i Lom, Per Eiliv Nyrnes, kunne skaffe meg boka. Det stemte; laget der hadde kjøpt restopplaget av 1981-utgåva, og eg kjøpte nokre.
Det som gjorde meg undren var at Knut Pedersen Hamsund, som han framleis kalla seg da 1. utgåva kom ut i 1878, meistra så godt Loms-målet. Ved nærare ettertanke var det naturleg da folket hans var frå Lom og Våga, og det vart ein heil «koloni» av gudbrandsdølar kring dei på Hamarøy, medan Knut voks opp. Diktet står i 1981-utgåva og heiter «For tak og sleet»... Typiske Loms-namn som Sulheim, Kveen og personnamna Per og Thora er med. Far og mor til Knut heitte au det same! Hamsun vedkjente seg nok korkje
Den Gaadefulde eller Bjørger. Han rekna dei som ungdomssynder som ikkje heldt mål, skriv Per Åsmundstad.
Og for det får han premien denne gongen.

Kjell Olav Stangeland på Bryne har løyst oppgåva på sin måte – og skriv:
Sjølv om eg er litterært interessert, er det bare unntaksvis tekstane i Kpb seier meg noko som helst, heller ikkje når løysingane ligg føre. For første gong prøvde eg å løysa oppgåva, og det var gjort på 30 sekund. La inn orda myklas og flysse i google, og dermed vart det treff på ein artikkel av Olav Solberg, Høgskolen i Telemark... Eg kunne sjølvsagt ha bløffa til meg store kunnskapar ved å sitera artikkelen utan å gi kildetilvising. Eg ser ikkje vekk frå at mange klokingar gjer det på den måten.

Frå min usle plass i smalefloren kan eg ikkje hindra nokon i å bruka nettet, men sjølv likar eg no best å leita i eige minne, bokhylle eller bibliotek.
Norlitausene har brukt google-metoden – og sukkar:
Det er vel ikkje meininga at vi alltid må ut i cyberspace for å løysa dine gåter?
Nei, det er det slett ikkje. Alt finst slett ikkje der ute. Berre vent!

Elles så takkar eg mykje for rett svar frå Harald Spangen i Trondheim, Nils-Aksel Mjøs og Egil Hamre, Jan Olav Gatland og Lars Helge Nilsen i Bergen, Gunder Runde på Strømmen, Truls Johannessen i Fredrikstad, Gudmund Harildstad, Olav Molven, Thor Henriksen, Hilde Matre Larsen i Oslo, Skeisebibliotekarane i LASK, Gunnar Bæra på Løten, Odd Myrvold i Vikersund, Ingrid Lomholt i Naddvik, Brita Lundeland i Aurland og Elen Maria Todal i Aure.
Utruleg at mange løyste oppgåva!

Klok på bok 680

Catherine Tekakwitha, hvem er du? Er du (1656-1680)? Er det nok? Er du irokesernes hellige jomfru? Er du Liljen som vokser på Mohawkelvens bredder? Kan jeg elske deg på min egen måte? Jeg er en gammel lærd som er blitt vakker på mine eldre dager. Det er hva som skjer med ansiktet ditt når du sitter på baken i årevis. Jeg er kommet hit for å lete etter deg, Catherine Tekakwitha.

Forfattaren har nett fylt rundt år, og eg gler meg til at han skal ytra seg på nytt med det første.
Send svaret til klok@dagogtid.no, Postboks 7044, St. Olavs plass, 0130 Oslo, eller til faksnummer 22 41 42 10.
Lukke til!
Barrabas

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |