Dag og Tid nr. 39, laurdag 25. september 2004:
Irak:
Dei nakne fakta
Minst 15.000 sivile er drepne i Irak etter at invasjonen tok til.
Svein Gjerdåker
Organisasjonen Iraq Body Count med base i England oppdaterer kvar dag talet på drepne som fylgje av krigen i Irak. Minimumstalet er no oppe i 12.800. Maksimumstalet er 14.841.
Dette er rett og slett tala på drepne som media har vore i stand til å rapportera. Det reelle talet er heilt sikkert høgare, seier grunnleggjaren av Iraq Body Count, Jon Sloboda til The Guardian.
Tala inkluderer 7350 sivile som vart drepne av okkupasjonsstyrkane under Operation Iraqi Freedom mellom 19. mars og 30. april 2003.
Iraq Body Count driv også eit kontinuerleg arbeid med å identifisera og leggja inn alle drepne på ein database tilgjengeleg på internet. Så langt er denne lista oppe i 3029 namn.
«No body counts»
We dont do body counts, seier general Tommy Franks i den amerikanske sentralkommandoen. Amerikanske styresmakter viser til at dei ikkje har hatt ressursar til å halda oversikt over talet på drepne sivile.
For dei friviljuge organisasjonane er det svært vanskeleg å få ei fullstendig oversikt over det eksakte talet på drepne sivile. Mange viser til at Iraq Body Count er den mest truverdige. Amnesty International opererer med minst 10.000 drepne sivile det første året, men seier at det er så farleg i mange deler av landet at det er umogleg å etterforska meir enn ei handfull av dei drapa som vert innrapporterte.
Human Rights Organization i Irak hevdar at minst 30.000 sivile er drepne og viser til rapportar frå media, men utan grunnlag i eigne statistikkar.
Tusen frå USA
The Brookings Institution i Washington oppdaterer tre gonger i veka sin Irak-indeks. Indeksen gjev ei oversikt over talet på drepne og skadde amerikanske soldatar, drepne irakiske politimenn, irakiske fangar, talet på kidnappingar med meir. Datagrunnlaget er i all hovudsak basert på offisiell informasjon frå USA.
Situasjonen er gått frå relativt dårleg til endå verre, skriv Michael E. OHanlon, ansvarleg for indeksen.
Det er enno von om suksess, men visjonen om eit blomstrande, fredeleg demokrati i Irak ser utvilsamt svært fjern ut. USAs einaste utgang på denne krigen ser ut til å vera å halda stand mot opprørarane lenge nok til at irakarane sjølve kan overta krigen slik at vi kan ta troppane våre heim innan to-tre år.
Det finst også ei positiv utvikling. Den nye irakiske regjeringa er relativt populær og ein reduksjon i den amerikanske profilen i landet har redusert anti-amerikanismen som har fyrt opp under motstanden mot okkupasjonsstyrkane.
Men den irakiske økonomien er dårleg, arbeidsløysa er på minst 30-40 prosent, helsevesenet er elendig til liks med tilgangen på elektrisitet og reint vatn. Kriminaliteten er svært høg og åtaka på dei amerikanske styrkane held fram. Sjølv om amerikanarane har hatt relativ militær framgang mot opprørsleiaren Moktada al-Sadrs Mahdi i Najaf, er det mange byar att utan amerikansk kontroll og som er fristader for terroristar og opprørarar, skriv OHanlon på nettsida til Iraq Body Count.
Ingen ny Vietnam-krig
Krigen i Irak har vore meir omfattande enn kva amerikanarane hadde venta, men i eit samanliknande perspektiv er dei førebelse tapstala i Irak relativt låge, seier Nils Petter Gleditsch.
No kjem sannsynlegvis kamphandlingane til å halda fram og tala kjem til å auka, men lite tyder på at vi kjem til å oppleva dei store tapstala. Dersom dei islamistiske opprørarane i Irak hadde fått støtte frå ei stormakt, kunne vi fått ein konflikt som var mykje større. Irak-konflikten er blodig og øydeleggjande for Irak og kan skada verdssamfunnet, men vert neppe som dei store konfliktane vi har hatt sidan andre verdskrigen, seier Gleditsch, som arbeider med eit forskingsprosjekt som skal kartleggja omfanget av krigar i moderne tid.
Gleditsch viser til at det er vanskeleg å samanlikna Irak-krigen med andre krigar.
Til ein viss grad kan ein samanlikna Irak-krigen med Vietnam-krigen, men den er likevel svært ulik fordi du ikkje har ei stormakt som støttar opp om den andre sida. Irak-krigen liknar vel meir på kolonikrigane, sjølv om eg ikkje trur at amerikanarane har langsiktige interesser av å verta verande i Irak.
Talet på væpna konfliktar gjekk noko opp etter den kalde krigen, men har no gått klart ned att og er i dag lågare enn nokon gong sidan tidleg i 1970-åra. Også talet på drepne har gått ned. Det er færre som vert drepne i dei ulike konfliktane i dag enn tidlegare, ifylgje Gleditsch.
Dei fem største krigane etter andre verdskrigen har vore Vietnam-krigen, Korea-krigen, den kinesiske borgarkrigen, Iran-Irak-krigen og krigane i Afghanistan. Alle desse krigane hadde frå ein halv til to millionar døde på slagmarka.
1000 drepne amerikanske soldatar. Kva seier du til det talet?
Det er eit høgt tal, men det var 54.000 i Vietnam. Det har vore ein del væpna konfliktar dei siste åra der amerikanarane har vore lite viljuge til å ta tap. I Somalia trakk dei seg ut etter 18 døde. Men situasjonen er annleis etter 11. september. Amerikanarane kjenner seg no meir direkte engasjerte i ein kamp som har råka dei sjølve og er difor viljuge til å ta større tap enn tidlegare. Men det er heilt sikkert ei grense for kor mange, og på eit eller anna tidspunkt oppstår det ein krigstrøyttleik som gjer at dei ser seg aktivt rundt for å finna ein veg ut av konflikten.
I dag er det 162.000 soldatar i Irak. Er det eit høgt tal?
Ja, og det er noko som gjer at krigen liknar på Vietnamkrigen, sjølv om det der var over 500.000.
Kva rolle kan slike konkrete namnelister og oppteljingar av drepne og skadde sivile på internet ha å seia for krigen?
Det er ein måte å visa at dette dreiar seg om einskildmenneske og familiar som har mista sine kjære. Vi såg det same etter åtaket på World Trade Center. Etter kvart som det vert mange, kjem det først og fremst til å bidra til å undergrava støtta til okkupasjonen i den amerikanske opinionen.
|