Dag og Tid nr. 39, laurdag 25. september 2004:
Roman:
Halvferdig oppvekstroman
Oppvekstromanar er ein krevjande sjanger å meistre. Glimtvis skriv ho godt, men debuten til Laura Djupvik er ikkje vellukka.
Laura Djupvik:
Båten er så liten
Samlaget
112 sider
Det er mange forfattarar som har debutert med oppvekstromanar. Dette er ein svært krevjande sjanger. Er han vellukka, kan det ofte bli spennande og stor litteratur. Slik er det ikkje alltid, sidan det er veldig lite som skal til for at nerven i forteljinga glepp. Laura Djupvik (f. 1970) debuterer på Samlaget denne hausten med den vesle romanen Båten er så liten. Romanen handlar om Dagny. Ho er i byrjinga av tjueåra og har flytta til Oslo frå den vestlandsøya ho voks opp på. Kontrasten mellom det vesle gjennomsiktige lokalsamfunnet og anonymiteten i storbyen ligg under forteljinga som eit strukturerande grep. Dagny er både forteljar og hovudperson. Heime på øya lengta ho ut, og i byen lengtar ho heim. «I Oslo, som her heime, har eg vore som på vent. Venta på å få kome heim... No som eg er her er eg framleis på vent», for både ho sjølv og øya har endra seg
Ein ny dag
Romanen byrjar med at Dagny vender attende til øya på hausten. Ho skal rydde opp i huset etter at mora er død. I huset står framleis julepynten etter sist jul oppe og fortida er til stades heile tida. Kvar knirk og lukt i huset har eit minne frå tidlegare, og Dagny møter seg sjølv i barndom og ungdom. Forholdet til søstera Anna står sentralt. Dagny var den stille og tilbaketrekte, medan Anna alltid var den som fekk merksemd, var flinkast og penast. I dag er ho skodespelar, slik som ho alltid tidlegare var ei anna. Personar og hendingar som var viktige for henne som ungjente, kjem til live att. Dagny legg kabalen det er å finne ut kvifor ho er vorten som ho er. Noko må byrje på nytt. Det er på tide med
ein ny dag for Dagny. Vegen fram mot det nye går gjennom fortida «Eg ventar på det som var før». Dagny er åleine i huset, men treng nokon å tru seg til, og å fortelje til. Derfor diktar ho opp ein kjærast, Han, som ho fortel til og som ho førestiller seg at lever med henne i huset på øya. Dette er eit godt grep.
Sentimentalt
Djupvik har ein psykologiserande innfallsvinkel til personar og miljø. Havet omsluttar øya, stengjer dei ute frå resten av verda. Havet avgrensar tilværet deira. Dette gjer noko med folka på øya og måten dei er mot kvarandre, drøymer og saknar. Djupvik byggjer opp forteljinga si ved hjelp av fleire tydelege kontrastar: fortid notid, øy by, nærleik avstand, liv død, mann kvinne. Dessverre blir desse kontrastane eit altfor høgt ytre reisverk. Personframstillingane greier korkje å kome over, eller bli til live. Historia skiftar mellom fortid og notidserfaringar. Dette er ei krevjande forteljeform som dessverre heller ikkje fungerer heilt. Vi møter Dagny både som lita jente og ung kvinne. Dei to versjonane av henne har kvar sine sakn og draumar, men sjølv om eg-forteljaren insisterer: «Ikkje trøyst meg, eg treng det ikkje», blir forteljinga svært
sentimental. Personframstillingane rundt henne forblir dessverre også statiske. Personane kring henne kjem berre glimtvis til syne. Forteljarstemma er personleg til stades i teksten, men stemma verkar noko livlaus og uutvikla på denne lesaren. Djupvik nyttar ein repeterande og insisterande tone, men repetisjonane gjer dessverre forteljinga meir keisam og uttværa, enn fortetta.
Bibliotekhylling
Laura Djupvik kjem frå Gurskøy på kysten av Sunnmøre. Baksideteksten fortel at ho har jobba som journalist og med litteraturformidling på bibliotek. Biblioteket og den rolla det har som litterær skattekiste for små lokalsamfunn, står sentralt i Djupvik sin romandebut. På mange måtar er Båten er så liten ei hylling til dei små lokale filialane. Biblioteket opnar det elles så lukka lokalsamfunnet. Det gir dei einsame nye tankar og impulsar. Det opnar verda og gjer øya større. I Dagny sin barndom var det mora som las og som lærde henne å lese. Når mora plutseleg sluttar å kome heim med bøker frå biblioteket, anar ho uråd. Da er det fare på
ferde. Da raknar verda. Denne delen av romanen er god. I skildringa av den lesande mora og kva litteraturen gjer med forholdet mellom mora og ungane, skriv Djupvik med engasjement og språkleg sikkerheit. Dette skulle eg gjerne lese meir om.
Djupvik vart intervjua her i avisa i samband med lanseringa av haustlista til Samlaget. «Eg tykkjer det er på tide at eg kjem med ein roman», sa debutanten da (21.08.04). Å ha eit ønske om å debutere som forfattar er ikkje det same som å kome vellukka frå det. Utsegna hennar seier sjølvsagt ingenting om den litterære teksten, men eg må innrømme at ei slik utsegn gjorde at eg har las Båten er så liten ekstra grundig. Men romanen minkar dessverre ved kvar gjennomlesing. Laura Djupvik er ein dyktig journalist (mellom anna i Morgenbladet). Ho har eit sterkt ønske om å fortelje. Glimtvis skriv ho godt. Derfor trur eg ho hadde tent på å vente med den skjønnlitterære debuten, sidan Båten er så liten ber heller dårleg.
Nora Simonhjell
|