Dag og Tid nr. 39, laurdag 25. september 2004:


Lyrikk:
Mystikaren Vold
Jan Erik Volds nye diktsamling har noko sams med den aldrande Tarjei Vesaas.

Jan Erik Vold:
Drømmemakeren sa
Gyldendal

I det ytre er Jan Erik Volds nye diktsamling, Drømmemakeren sa, nøyaktig slik ein skulle venta seg. Det same kvadratiske bokformatet. Den same diktforma, med dikt som inneheld avsnitt på fire liner («Vold-strofa»). Den same matematiske strukturen, med 12 liner i kvart dikt, 12 dikt i kvar del, og 12 delar i boka.
Dei siste tjue åra har Vold sine samlingar dessutan kome i puljer, med tre diktsamlingar på tre år og så ein pause. Ein kan såleis oppfatta Drømmemakeren sa som avslutning på ei pulje eller ein trilogi som byrja med Tolv meditasjoner for to år sidan, og heldt fram med stensilheftet Diktet minner om verden i fjor.
Og Vold må finna seg i å bli vurdert etter den høge standarden han sjølv har sett.

Sufi
Drømmemakeren sa inneheld mange ulike teksttypar. Her er politiske parolar. Her er halvt skjulte diktkommentarar. Kvardagslege observasjonar. Helsingar til venner.
Alt dette er ikkje poesi, i den tydinga dette ordet etter kvart har fått innanfor den modernistiske horisonten. Mykje av det er vers av andre typar, til dømes slike vers ein gjerne omtalar som tanke- eller høvesdikt.
Men av og til flammar det opp skikkeleg. Og då særleg i dei tekstane der Vold gjer noko som så vidt eg kan forstå, er nytt for denne samlinga: Han nærmar seg Midtausten. Her er pyramidar, mumiar, hieroglyfar, kamelar, ørken og Mekka. Og han nærmar seg dei arabiske mystikarane, sufiane.
I forlenginga av dette skriv Vold nokre merkelege, gåtefulle dikt:

JEG GÅR KLEDD
i min
egen
skygge. Jeg minner

om, jeg
minner
om, jeg minner alle frakker om
en snøball av svart

som seiler
gjennom rommet. Der den slår ned
blir det
hvitt og rødt.

Dette er ei gåte.
Denne gåta har ei løysing.
Mitt forslag til løysing er dette: Den som fører ordet, seier at han er kledd i sin eigen skugge. Han og skuggen høyrer saman. Men i løpet av diktet ser ein at ein følgjer «en snøball av svart», altså skuggen av ein snøball, fram til snøballen landar. Der blir snøballen og skuggen eitt med kvarandre, og med målet, som byrjar å blø.
Vidare merkar ein seg at diktet er retta til «alle frakker». Ein mørk frakk liknar på ein skugge. Men frakk er òg uniformen til maktmenneske. Maktmenneska er eitt med frakken sin. (Og maktmenneska er skuggen i verda.)
Men diktet er ikkje bare ei påminning til frakkane eller maktmenneska, slik ein kunne tenka seg utifrå formuleringa «jeg minner alle frakker om». Det er òg, eller i staden, ei konstatering av at den som fører ordet minner dei om, altså gjev dei assosiasjonar til, skuggen av ein snøball som er på veg mot målet sitt.

Poeten ser seg sjølv som ei påminning til maktmenneska. Med ein assosiasjon til ei anna symbolhandling: å kasta stein mot soldatar. I ei diktsamling som, i alle fall slik eg oppfattar det, knyter sympati til det arabiske perspektivet gjennom å ta tenkemåten i den delen av verda innover seg.
Politisk-subversivt, gåtefullt og poetisk på ein gong.

Ikkje bare bra
Samstundes må det innrømmast at dette er ei særs ujamn samling. Her er det mykje tynn suppe mellom høgdepunkta. Og særleg ein ting må eg peika på. Det er når Vold delar opp ord, slik at dei blir ståande som dette:

Melankoliens overvurderte
posi
sjon.

Når eg kjem til desse lineskifta, blir eg heilt kald. For dette er eit grep som ikkje er friskt lenger. For 30 år sidan var det kreativt. Nå er det ein uvane. Og denne uvanen kjem att, gong etter gong.
Så konklusjonen for min del må bli noko slikt som dette:
Drømmemakeren sa
er ei ujamn bok. Sjølv om ein aksepterer at dikta ikkje er meinte å bli lesne som poetisk modernisme, er det likevel altfor mange av dei som er svake. Samstundes inneheld boka 11 dikt som kvart og eitt av dei kunne inngått i ein antologi over den beste norske lyrikken gjennom tidene (sjå side 73, 82, 86, 87, 93,117, 126, 138, 140, 166 og 170). Boka er med andre ord ujamn på same måte som dei siste bøkene til Tarjei Vesaas.
Hadle Oftedal Andersen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |