Dag og Tid nr. 38, laurdag 18. september 2004:


Roald Helgheim

Folk flest
flyktar ikkje hit


Mens politikarar og media i vestlege land ropar opp om ein ukontrollert straum av flyktningar og asylsøkjarar, viser statistikken at talet på asylsøkjarar i Europa i 2003 var det lågaste på mange år. Fire av fem menneske på flukt i verda er å finne i Afrika eller Asia, og to av tre er flyktningar i eigne land. Det kan ein lese som opningsord i ein artikkel i Flyktingregnskapet 2004, ein publikasjon utgitt av Flyktningerådet med undertittelen «Alt om mennesker på flukt over hele verden». Publikasjonen burde vere pensum i skulen og tvangslesnad for alle som uttalar seg om spørsmålet. Her står tala som er verde å vite om alle land i verda. Vi snakkar om 40 millionar menneske, dei fleste kvinner og born, som er på flukt i eller utanfor sitt eige land. Faktisk er det talet på flyktningar innanfor eigne land som aukar mest, og det er dei som er minst verna av internasjonale konvensjonar. Dette kan du også lese om i ein annan fersk global rapport, Internal Displacement, utgitt av Flyktningerådet.

I innleiinga til 2004-rekneskapen skriv generalsekretær Raymond Johansen i Flyktningerådet at ettersom brorparten av flyktningane er i fattige land, kan dei «uten større problemer glemmes av Vesten. De er ingen trussel mot våre samfunn, verken politisk, økonomisk eller militært. Det er da også dette som skjer». Det skriv han i ein publikasjon som utan fakter gjer opp med myten om at flyktning- og asylspørsmålet er eit vestleg problem. Det er dei fattige landa sitt største problem. Når det gjeld flyktningtettleiken i til dømes Pakistan, er han 1 til 119, altså ein flyktning (utanfrå) pr 119 menneske i landet. I Norge er det ein for kvar 409 nordmenn. I mange afrikanske land er tilhøvet rundt ein til femti, men dei fleste er ingenting mot det landet problemet er størst i, Palestina, der ein av to er flyktning. I heile Asia er det også i absolutte tal flest flyktningar i Midtausten.

Av verdas 20 største produsentar av menneske på flukt, er ni land i Afrika, åtte i Asia. Av desse finn berre eit lite mindretal vegen til Vesten. Likevel er eg viss på at svært mange når dei tenkjer på flyktningar, ser for seg ein straum frå u-land til i-land, endå det i 2003 handla om 463.000 menneske som søkte asyl i 36 industriland – det lågaste talet sidan 1997. Om landa er store eller små, så hugs det vi nett lærde, at også i høve til folketalet er prosenten i vår rike del av verda liten.

Bakgrunnen for denne oppramsinga mi er openberr. Framlegget om å eksportere eit norsk asylproblem til den fattige delen av verda, som frå før har flyktningproblem vi ikkje er i nærleiken av, er ikkje av ny dato, sjølv om det nyleg fekk ein uventa aktualitet. For ikkje så lenge sidan stod det i Sunday Times at EU-kommisjonen vurderer interneringsleirar for flyktningar i til dømes Tunisia og Libya. Framlegget kom frå den europeiske høgrepolitikaren Rocco Buttiglone, som i november tek over som justis- og tryggingskommisær i Europa. Her skal ein lage «mottakssenter» for å luke ut illegale immigrantar før dei set foten på europeisk jord. «Sentrene skal også ta motet fra dem som ikke kvalifiserer seg, og disse bør sendes tilbake sine opphavsland», sa Buttiglone, sitert i Aftenposten. «Lederen for det italienske fremmedpolitiet, Alessandro Pansa, skal alt ha vært i Libya for å lodde stemninga hos oberst Muammar Gadaffi.»

I Norge er Frp det politiske opphavet til eit framlegg om norske asylmottak i «nærområda» i Afrika og andre stader. Partiet gjorde for eit år sidan framlegg om asylmottak i Aust-Europa, Asia og Afrika, skryt Frps Per Sandberg av. No hengjer også Erna Solberg seg på. «At det kunne være bedre for noen å bli værende i nærmiljøet, tror jeg faktisk er riktig. Jeg tror at det er en del som faller så på utsiden av vårt samfunn at de faktisk hadde hatt det bedre hvis de var blitt tilbakeført til et område hvor kulturen var nærmere og hvor de hadde følt at de mestret situasjonen sin bedre», seier ho til Stavanger Aftenblad.
Eg tykkjer utspelet frå EU-kommisjonen er reinare ord for pengane. Den platte retorikken frå Solberg dekkjer over det flyktningrekneskapen viser til overmål: Det handlar ikkje om noko globalt samarbeid på lik fot for å løyse eit globalt problem. Både for Norge og EU handlar det om å stengje flest mogleg ute frå vår del av verda. I vårt tilfelle er det å flytte eit norsk politisk problem lengst mogleg unna. Elles har eg lenge lurt på korleis ein i praksis har tenkt å etablere ein slik norsk statleg institusjon i eit anna land.

Berthold Grünfeld fekk i Dagsavisen 10. september spørsmål om kva land som kunne tene som modell for norsk innvandrings- og språkpolitikk. «Følg Israels eksempel», sa han. «De har hatt innvandring av en million russere, og det har de klart». Ungdommen vart køyrd gjennom eit effektivt program, kunne han fortelje. Men innvandringa av russiske jødar var ønskt og oppmoda til, av eit Israel som treng å styrkje seg militært og på andre måtar mot Palestina. For å stå sterkare mot det folket dei har røva landet frå, med det i særklasse største flyktningproblemet i verda som resultat. I tillegg har også Israel etter det flyktningrapporten fortel, 200.000 internt fordrivne. Det er dei noverande arabiske innbyggjarane innanfor Israels grenser som også vart jaga frå heimstadene sine, og som til dags dato blir nekta å vende attende, slik dei vart lova. Siste dom om dét fall i israelsk høgsterett i fjor. Det er det israelske eksemplet.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |