Dag og Tid nr. 38, laurdag 18. september 2004:
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen:
Mellomstilen middelsnittet
I Norge er vi alle middelkulturelle», hevdar Espen Ytreberg i eit friskt, nokså moderat essay i Samtiden nr. 3 2004. Han kjem med passeleg provoserande påstandar, av typen: «Norsk middelkultursmak er underbeskrevet i norsk kulturhistorie og undervurdert i norsk kulturdebatt». Slik har han sett i gang ein måteleg kontrollert debatt. Så har han då også sjølv med kledeleg koketteri skrive at han som akademikar i kulturfag er «en klar kandidat til å utøve høykulturell smak og rangeringer», men at han samstundes er lett å presse til å vedkjenne seg til «middelkulturen». Somme har skjøna Ytreberg slik at han hyllar middelkulturen som folkeleg og dermed god.
Kultursosiologen Pierre Bourdieu brukte å seie at «akademikarar forvekslar ofte universet med Universitetet». I ein viss monn har Ytreberg gjort just dét, som norsk akademikar fell han inn under idealtypen på eit mellomkulturelt gjennomsnittsmenneske, ein som vil ha djupe opplevingar og innsikter utan alt for mykje strev. Men akademikarar klagar då jamt over at dei ikkje blir høgt nok skatta. Etter mi meining er akademisk sutring ei av dei mest reaksjonære kreftene i verda.
Visseleg, forsonlege drag finst: Norske akademikarar er blitt jamt dårlegare på small-talk, café-pjatt. Der så mykje putl som dei har for seg og gjer med seg sjølve der inni den litt innestengde Oslo-café-lufta, medan vi andre er meir opptekne av kva som går føre seg i andre delar av verda. Så no keier eg meg oftare og oftare, oftast over utvatna Oslosamtalar som sig som rykte over fjella. Men det er då berre keisame menneske som aldri keier seg, som Søren Kierkegaard seier, så eg er takksam. Og enno finst mange nok akademikarar som ikkje plent tykkjer dei må lage festivalar eller dialog-caféar eller multimedia-show, og som legg ut om faget sitt heilt til tilhøyraren utmatta må kome seg
vidare, men kanskje ikkje utan å ha snappa opp noko han eller ho ikkje visste før. Takk til alle desse, som bryt med middelstilen. I tillegg har eg framleis mange nok kollegaer med fres i, som kastar seg ut i kva som helst diskusjon og har nok å fortelje frå alle kantar av verda til at eg har det somtid umåteleg interessant og spennande. («Måtte du leve i interessante tider», sa kinesarane før, og meinte visst ikkje noko godt med dét).
Dersom akademikarane er mellomkulturelle, er der såleis framleis nokre av dei som enno ikkje er blitt slike som Georg Johannesen ein gong kalla sentrums-ekstremistar. Det er dei som ikkje berre krev at kultur skal vere lett, lystig og lødig på same tid men som forlanger at du skal vere samd med dei, for om ikkje, er ikkje verda rett! Det er den sorten maniske raudblyant-lærarar du ikkje må stengje inne i rom der det heng eit bilete skeivt på veggen, for får dei ikkje retta det opp, så kan dei beintfram forgå av ergring. Men opensindige kan dei vere, i kulturdebattar går den slags middelkulturelle inn for sadomasochistisk sex mellom prestar, eller dei synest at frigjorde muslimske jenter både må få gå med slør på skulen og liggje med dorske, norske gutar eller omvendt. Middelkulturelle litteratar skriv svære melodramatiske verk om alle dei forferdelege ting som kan hende i norske familiar og parforhold og klimakterier og institusjonar og kva ein elles vel kan tenkje seg. (Flest
alle nyare norske romanar er melodramatiske oppgåve: Finn unnataka!) Drifta bakom melodramaet er å allmenngjere seg sjølv og eiga livssynsing. Ved å vise kor spesielt og samstundes rett og klårt og motig standpunkt ein har, kan ein gjere det spesielle til allmennkulturell vare som alle bør få tilgang til.
Sentrumsekstremistane syner seg i så mange skapnader. Offensive, ute etter å fortelje kva vi må vere med på, kva bøker vi må lese, kva filmar vi må sjå, kva vi må meine... Hovudtema er alltid kva som er og ikkje er gangbart. Eg er såleis både samd og usamd med Ytreberg. Eg trur han har rett i at middelkulturen er på full frammarsj. Og eg vil leggje til: Eg trur at slik kultur djupast sett er knytt til gleda over å kunne selje seg, helst til høgstbydande; dét tyder ikkje med naudsyn den som betalar dyrast, men den som skrik ut tilbodet sitt høgast. Festival-uvesenet som tek over heile bysentra gjennom sommarhalvåret, somme stader slik at ein midtsommars ikkje lenger kan føre ein
samtale om ein skrik av sine lungers fulle kraft, er eit døme på koss sentrumsekstremismen utviklar seg frå mellomkulturen, med aktiv framhjelp frå offentleg kulturpolitikk.
Og frå sosialpolitikken. Det er jo blitt så alminneleg å vere offer. Folk som ikkje er offer i dag, er ganske utanfor. Mange får erstatning for alt dei har lide, ved feil foreldre, feil institusjonshandsaming eller ekstreme opplevingar og påkjenningar. Det er alt vel unt. Men etter sentrumsekstrem logikk burde alle nordmenn fått erstatning for traume. Dei har vakse opp utan goda folk har i dag, eller dei er forviste til periferien, eller dei bur ved ei sentral innfartsåre.
Vi er i drift mot det middelmåtige, hevda Pierre Bourdieu. Mot smakskompromisset, der vi inntek dei høvelege posisjonane og har passelege meiningar. Slik kontrollerer vi oss sjølve og kvarandre effektivt: Makta til å undertrykkje oss og andre forvaltar vi sjølve. Kanskje er det difor pave Johannes Paul II oppmodar dei truande på CDen sin: «Do not be afraid, do not be satisfied with mediocrity». I alle høve har Kjartan Fløgstad sagt at han går inn for anten høgstil eller lågstil, men ikkje mellomstil. Høgstilen og lågstilen kan i lukkelege omstende sprengje kompakt einskap og semje. Men vanlegaste stilen i tidsskrift og aviser er mellomstilen. Korleis då ta del i kulturen, utan å
bli fanga av mellomstilen? Korleis vere deltakarar, utan å misse både gehør og mynde? Sjå, det er kan hende grunnspørsmål for ei ny demokratisk kulturpolitisk tenking.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen |