Dag og Tid nr. 38, laurdag 18. september 2004:


Klok på bok:
Gamlemor
lét att augo hans


Nyleg kåra me i Klok på bok Tom Knappskog frå Colombo på Sri Lanka som vinnar. Denne gongen har me fått svar frå Anne M. Thorsen i Brisbane i Australia.
Er det ikkje utruleg at brekinga frå sauefjøset når fram til heile verda på null komma niks?
Eg fattar det ikkje, men likevel spør eg meg om det finst Klok på bok-lesarar i andre fjøs eller andre verdshjørne? Gjer det det, så la oss høyra frå dykk!
Diverre har Anne M. Thorsen i Brisbane berre halve svaret rett. Ho tippar at rett svar på Kpb 677 er Rune Christiansen, men gjer framlegg om feil diktsamling.
Diktet heiter «Erfaring» og er frå Motormelkeveien.

Det veit Gunnar Bæra, som skriv:
«Rune Christiansen, fødd 1963, debuterte i 1986 med diktsamlinga ‘Hvor toget forlater havet’. Han har gjeve ut ei rekkje samlingar med mange originale dikt, og ikkje minst originale titlar, som til dømes: ‘Om trær som vokser seg skakke i trange skyggefulle hager, men som likevel (eller nettopp derfor) gjør inntrykk og som man husker livet ut’.»
Torill J. Strøm på Myre kjende att diktaren, og diktet fann ho i lett ferd  som inneheld dikt i utval. I etterordet i denne boka skriv Per Højholt at Rune Christiansens dikt er som dyrespor: «På samme gang tydelige og gådefulle, på samme gang tavse og vrimlende fulde av sprog! Nogen har været her, men hvem og med hva?»
Heldigvis er lyrikaren og journalisten Truls Horvei vakna til live att borte på Stord. Som den lyrikkeksperten han er, har han naturlegvis rett svar. Men han reagerer på at diktet er sett opp på feil vis i Dag og Tid, og det har han heilt rett i, men det har skjedd etter at diktet vart bore ut på sølvfat frå sauefjøset.
– Skjerpings, skriv Horvei.
Og det skal eg be folket i Bladstova sørgja for.
I gleda over at lyrikaren frå Leirvik glimta til att, får han både prisen og æra denne gongen.
Gratulerer!
Elles så har det kome rett svar frå Jan Olav Gatland i Bergen, Gunder Runde – ikkje i Ulsteinvik, men på Strømmen – av alle plassar og Ranveig Lundquist i Orkanger.

Takk skal de ha alle saman.
Elles så kan eg visa til at Dag og Tids lyrikkmeldar Hadle Oftedal Andersen har skrive ein fyldig omtale av Rune Christiansen i den siste utgåva av Norsk Litteær Årbok. «Frå fabrikken til kyrkjegarden» har han kalla artikkelen. Og der byrjar han med å fortelja at Christiansen debuterte som 23-åring:
«Etter det har han viste seg frå mange sider. Som romanforfattar, som essayist, som omsetjar og som redaktør av Oktobers serie for omsett lyrikk. Og ikkje utan suksess... Debuten var kjenneteikna av det som Tor Ulven noko nedsetjande, men ikkje mynta på Christansen spesielt, har omtalt som ‘et frivolt billedflimmer, ikke ulikt den samtidige rockevideoen, men med atskillig mer tradisjonstunge aner, nærmere bestemt den internasjonale modernismen fra mellomkrigstiden’. Men i dei nyare samlingane er det, som titlane indikerer, eit anna syn på tida som faldar seg ut. Det er den langsame tida, det tause si tid kan ein kanskje seia, som står i fokus».


Klok på bok 679

Gutten sluttet å puste ved middagstid. De hadde lagt ham i uttrekkssofaen borte ved peisen for at han skulle få litt varme. Utenfor hadde det allerede begynt å mørkne. Den blå, korte dagen var over, uten at sola hadde greid å komme over horisonten. Granene sto innpakket i snø i skogbrynet, jordet lå hvitt og flatt etter det siste snøfallet. Borte i låven lå sommerhøyet og anget bak de glisne tømmerveggene, og utenfor sto det et par reiner og sparket i snøfonnene.
Gamlemor lukket øynene hans og sukket. Stakkars veslegutt. Gud velsigne ham.

Det er ti år sidan boka kom ut. Om nokre dagar er det premiere på ein film som byggjer på ei seinare bok av forfattaren, og det er lagt opp til ei gigantisk markering i heimbygda.
Dette var lett!
Send svara til klok@dagogtid.no, til Klok på bok, Dag og Tid, Postboks 7004 St. Olavs plass, 0130 Oslo, eller til faksnummer 22414210.
Lukke til!
Barrabas

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |