Dag og Tid nr. 38, laurdag 18. september 2004:


Bokmeldingar

Først og fremst rørande

Går det an å skrive om pinsevenner og kåtskap, død og liv, gud og rettferd på ein spennande og heilt uironisk, heilt nær og rørande måte?


ROMAN
Levi Henriksen:
Snø vil falle over snø som har falt
Gyldendal

Mange forfattarar hadde fort velta denne romanen rett oppi ei smørje av snørr og tårer, og kanskje vil eg ved nærmare ettertanke ein dag meine at Levi Henriksen druknar debutromanen sin i heimlengt, fortidslengt og barndomslengt, eller nostalgi som det også heiter, men nå vil eg berre seie at det er ein djupt rørande debutroman novellisten frå Kongsvinger har skrive, og eg kallar han novellisten fordi eg i grunnen har tenkt på han som ein typisk novelleforfattar, ein kortdistanseforteljar med syn og sans for den poengterte og poetiske forteljinga etter tradisjonen frå Hemingway, der dramaet er underspelt til fordel for poesien i dramatikken, der scenene ikkje vinn interesse på opptrinnet i seg sjølv, men på stemninga som ligg under, for nå om dagen når så mange skriv at Henriksen er ein god forteljar, må vi minne om at gode forteljarar ikkje berre fortel om handlingar, men at dei også fortel eller skaper stemningar, dei poetiserer handlingar, personar og miljø kunne vi nesten seie, og fleire har peikt på at det nettopp er det poetiske eller poetiseringa som er styrken til Hemingway, som altså skreiv frie vers som noveller, må vi da seie, og noe slikt gjer også Henriksen, som eg hittil har pukka på å kalle novellist, sjølv om han nå også er romanforfattar, og trass i at Henriksen allereie i andreboka si, novellesamlinga Ned ned ned  (2003), viste at han var i ferd med å utforske og utfordre lengda og formatet til romanen med noveller som nesten var episodar i ein roman heller enn noveller, men akkurat det med episode-noveller som både er sjølvstendige og bit seg fast i ein større samanheng eller heng seg fast i ei samling av noveller frå det same miljøet med omtrent dei same folka, er ikkje nett noen anti-novellistisk måte å arbeide på, tvert om er det vel erkenovellistisk, anten forfattaren lenge har vore død og heiter Anderson, Hemingway, Joyce eller lever i beste velgåande og er norsk og oppegåande som Kyrre Andreassen og Levi Henriksen, eller Kjell Askildsen og Frode Grytten – kanskje er det nettopp dette som gjer novella så god og fascinerande når ho er god; at ho vil meir enn å vere novelle?

Nå romandebuterer altså novellisten. Og om eg eller andre nå eller seinare seier at Henriksen druknar debutromanen sin i nostalgi, vil det neppe uroe forfattaren. Knapt hadde han gråte om vi kalla han sentimental. Henriksen skriv heller med for mykje kjensler enn for mykje refleksjon. Helst vil han nok likevel få til ei god blanding av framtenkt og -følt, og aller helst slik at teksten byrjar å snakke eller produsere meiningar, haldningar, tankar, kjensler, form og innhald nesten av seg sjølv, eller i det minste ved sida av og utanfor den heile og fulle forfattarkontrollen.

Denne forfattaren tillèt seg å dvele ved kjensler og stemningar. Replikken han lèt hovudpersonen avslutte boka med er patetisk langt inn i det melodramatiske. I romanen og forteljinga om Dan Kaspersen og dei andre i Skogli – ei fiktiv bygd utanfor Kongsvinger – fungerer det likevel. Kanskje fordi Henriksen er flink til å skape seg sjølv rom for slike kjensleutbrot og overdrivingar, ja, nettopp på det same viset som dei som er best utan ball skaper rom for dei som er gode med ball? Tittelen på boka viser at forfattaren har sansen for det lyriske. Dessutan er tittelen målt med vanlege mål altfor lang og sirkelslutningsaktig. Det hadde vore nok å kalle boka «Snø vil falle over snø» eller «Snø vil falle», og late det vere implisitt kva som deretter skjer, etter at snø har falle. Men Henriksen tar det heile med, romantittelen går nesten som eit refreng der minst halvparten av utsegnene ikkje har meining, men likevel lyd.

På den andre sida lyder tittelen bibelprofetisk. For alt eg veit kan det vere så enkelt som at Henriksen berre har lånt ein bibelsk snakkemåte utan å ha tenkt på noen bestemt tekststad. Bibelen har elles stor relevans og stort livsinnhald for hovudpersonen i boka. Dan er kallenamn for Daniel. Faren var predikant hos pinsevennene i bygda, begge foreldra er døde og vi møter dei i tilbakeblikk. Dan har vore to år i fengsel og er nå komen heim fordi bror hans, Jakob, tilsynelatande har tatt sitt eige liv. Heldigvis for Dan og lesaren dukkar Mona Steinmyra opp. Herfrå utviklar Henriksen romanen sin på fleire nivå. Romanen skriv fram ei kriminalgåte, presenterer fleire kjærleiksforhold, skildrar ei bygd i endring og ein hovudperson i utakt med tida. Hovudpersonen kunne elles budd i ei novellesamling av Tor Obrestad og gjort «Forsøk på å halde fast tida», han er ein hardt ramma mann som prøver å finne noe i tida å halde seg fast i, noe som er meir enn håp og draumar og som finst her og nå.

Elles har verken pinsevenner eller gud knapt blitt tatt så på alvor i ein norsk roman sidan Tor Edvin Dahl skreiv sine bøker om pinsevennene ein gong på 1970-talet. Motoren i denne forteljinga er bibelsoger og pinsevenner, nei, ikkje motoren, men underlaget, bakteppet og stemninga. Og alt dette, pinsevenner, kåtskap, venskap, tap, vinning, død, liv, gud og rettferd går det altså an å skrive om på ein heilt uironisk, heilt nær og rørande måte.
Atle Christiansen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |