Dag og Tid nr. 37, laurdag 11. september 2004:
Roald Helgheim:
Kulturen midt på treet
Hovudoppslaget i Morgenbladet i førre veka var «Ja til 1,5 millioner innvandrere». Framlegget kom frå den kjende sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen, men resulterte ikkje i den heilt store smellen. Nærare lesing viser at det handlar om å ta inn halvannan million innan 2050, altså nesten 30.000 i året. Reaksjonane er ingenting mot då Jon Michelet i 1987 ville ha ein million innvandrarar til landet. Men så vaknar vi opp til morgonradioen denne veka. Professor og sosialmedisinar Berthold Grünfeld får førsteoppslag for å meine at innvandrarar må tvingast til å lære norsk, «ta til seg norske verdier og holdninger og gjøre en langt større egeninnsats».
Norge har vore snillistiske i innvandringspolitikken, og påført oss problem vi ikkje kan takle. «Jeg kaller det masseinnvandring», seier han, og ein kunne nesten høyre at reporteren stod i stram givakt. Men størst er undringa når også Hylland Eriksen også sluttar seg til Grünfeld. Han seier at «forskere må kunne si at innvandringen har gitt oss problemer». Han legg til at «trikkedrapet og andre tragiske hendelser viser at vi må tenke helt nytt», og han avsluttar med at «det er ikke nødvendigvis slik at det mest progressive og antirasistiske er å slippe inn et maksimalt antall mennesker som egentlig ikke vil være her».
Klimaks blir nådd når Grünfeld og Eriksen er samde om at Norge må vurdere å opprette asylmottak i Afrika. Det er eit spørsmål Hylland Eriksen «forsåvidt (er) på linje med Fremskrittspartiet» i. Vi snakkar om å flytte eit etnisk problem i Europa til Afrika. Det er det verkeleg historisk sus over! Ein ny dagsorden er sett i norsk innvandringsdebatt.
Det var det eg eigentleg skulle skrive om. Dagsorden. Kvifor kokte det første utspelet til Hylland Eriksen bort? Då Morgenbladet arresterte ein sogeskrivar for plagiat, var det andre bollar. Avisa sette ein dagsorden, truleg for første gong sidan den gamle major og redaktør CC refererte heile innhaldet i eit intervju som objektet, ein gammal offiser, hadde trekt attende. Alt dette dukkar opp i minnet når tidskriftet Prosa i siste nummer trykkjer den lange versjonen av breisida journalist Aslak Nore i sommar fyrte av mot Morgenbladet. Det var perfekt tima til ein litteraturfestival på Lillehammer, som den ambisiøse Nore etterpå skreiv tidenes mest forfylla referat frå i Klassekampen, i eit forsøk på å leike Hunter S. Thompson. Det står ikkje noko nytt i den lange Prosa-versjonen. Nore har forlese seg på Tom Wolfe, ein dandy i kvit dress som fekk ord på seg for å vere ein eksponent for den new
journalism-retninga som Thompson var ein del av. Posøren Wolfe er «mer politisk radikal enn alt kulturstoffet i Morgenbladet er til sammen», meiner Nore.
Den gamle grunnpåstanden til Nore er at Morgenbladet under den nye redaktøren Alf van der Hagen har forfalle til tannlaus verdikonservatisme, ute av stand til å setje dagsorden. I farten har Nore sitert underskrivne, som ein gong under det anarkistiske regimet til forgjengaren Truls Lie omtalte Morgenbladet som eit «postmodernistisk bukkeritt». Det var i 1998, avisa gjekk attende til stort format, og det rykte i den nostalgiske foten til ein som har lese Morgenbladet frå den tida ho var ei skikkeleg reaksjonær avis. Ei avis som likevel trykte Stein Mehren-essay så lange at dei fylte fire tettskrivne påfølgjande avissider i heilformat. Avisa drukna i lange antroposofi-debattar, men den unge Vetle Lid Larssen laga portrettintervju han aldri var i nærleiken av som stjerne-portrettør i Aftenposten.
Men ingenting er lenger som før. Freistnaden på å framstille perioden då eit urbant koppel med Erling Fossen i spissen flokka seg rundt Morgenblad-redaktøren som ei glanstid, er verd nokre klyper salt. Å setje dagsorden må ikkje forvekslast med det som har slått an rundt kaféborda i hovudstaden. I det lange løp er både Morgenbladet og Klassekampen på den same kulturarenaen (Kittang-debatten gjekk i begge aviser, Hagtvet-debatten gjekk samstundes i Dagbladet og Klassekampen, og går der framleis). Som dagsavis med politisk nyhendedekning har Klassekampen sjølvsagt ein ekstra force, men ein gjengs kulturell dagsorden av i dag er at tidsskrift som Prosa eller Samtiden promoterer utvalde artiklar til utvalde aviser som gjer det til ei sak.
Elles blir Dagsorden i Norge sett av media som lagar nyhende skreddarsydd for tabloide fjernsynsdebattar. Utspelet frå Grünfeld er døme på ei slik sak. Ho utspelar seg i den delen av den herskande kulturelle sfæren som er skildra i Samtiden av medieprofessor Espen Ytreberg: Middelkulturen. Det er den som rår, det er den vi høyrer, ser og les mest om, men som ingen har sett namn på. Han må ikkje forvekslast med lågkulturen, for den har like lite makt som høgkulturen. Han er ikkje identisk med populærkulturen heller, for der går grensa mellom middel- og lågkultur tvers gjennom, og deler populærkulturen i ein legitimerbar del og ein som ikkje er det. Rockegruppa D.D.E. er eit døme på ein godkjend overgang frå lågkultur til middelkultur. Våre beste kvinner og menn og mest kjende kunstnarar er i middelkulturen, saman med institusjonar, forlag, kringkasting og kongehus. Han treng
ikkje å snakke om å setje dagsorden. Ingen har sett namn på han, men han bestemmer likevel. Og i vårt tilfelle er det folk som Grünfeld som kan fremje middelkulturens standpunkt om innvandring. Den høgkulturelle Hylland Eriksen kan berre få gehør når han sluttar seg til middelstandpunktet. Larmen frå høgkulturen bryr middelkulturen seg ikkje om, med mindre det kan bli god underhaldning av det.
|