Dag og Tid nr. 37, laurdag 11. september 2004:
Leiar:
Media og terror
Terroristar er avhengige av media. Kva hjelper det å ta livet av folk dersom det ikkje vert kjent? Her skil internasjonal terrorisme seg frå statsterrorismen under Lenin og Stalin, der det galdt å underrapportera og halda løynt for omverda kven og kor mange ein drap. Eller frå den meiningslause krossferda til Putin i Tsjetsjenia, som bryt ned landet fysisk og moralsk og legg det ope for kjeltringar og fanatikarar.
Palestinske sjølvmordsbombarar lèt seg derimot avfotografera før dei sprengjer seg sjølve og uskuldige israelarar til døden og vonar at dei vert martyrar og at bileta vert kringkasta til så mange som mogleg. Dei bestialske terroraksjonane i Irak er ikkje tilfeldige, men utførde etter detaljerte planar for korleis terroren skal gjerast kjend for omverda. Difor stiller dei opp og lèt seg filma saman med offeret og freistar å sjå sterke og kraftfulle ut, for så å spreia videoane til fjernsynskanalane.
Media lever ikkje i eit vakuum utan ansvar for anna enn å opptre som fri formidlar av nyhende og kommentarar om det som hender til kvar tid. Media har sin del av ansvaret for kampen mot terror. Difor må media konsekvent nekta å visa fram bilete eller videoar som terroristar har sendt ut. Diverre hender ikkje det i dag. Aviser og fjernsynskanalar syner stadig fram videoar og bilete tekne av terroristar. I dette spørsmålet er det langt på veg tale om ei absolutt grense. Det er ikkje mykje rom for nyansar. Ein kan ikkje visa litt av ein videofilm eller nokre av fotografia.
Avvisinga kan vanskeleg gjennomførast ved lovforbod, men etter initiativ frå redaktørane og programansvarlege i media. Syner ein bilete av fangevaktarar som mishandlar folk i fengsel, bidreg ein til å gjera slutt på overgrepa. Syner ein bileta og videoane frå terroristane, gjer ein det motsette og innfrir målet deira.
Svein Gjerdåker |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|