Dag og Tid nr. 37, laurdag 11. september 2004:
Kommentar:
Det heilnorske
Til deg som ønskjer å vera turist for ein dag, i eit heilnorsk landskap: Lat meg få gjera framlegg om ei anna og forbløffande oppleving: ei byvandring i Oslo.
Litt bakgrunnskunnskap: Oslo er hovudstaden i eit søkkrikt land. Oslo er Noregs andlet ut mot verda. Det er med denne kunnskapen i bakhovudet at undringa melder seg. For visst er Oslo ein grøn by, med mange vakre parkar. Men parkane er haldne dårleg ved like, og søpla flyt over alt. Og visst har Oslo ein del vakre bygningar, bl.a. nokre unike funkishus og funkisanlegg som blei bygde den gongen Noreg var eit fattig land. Men no når Noreg er rikt, står desse arkitektonisk eineståande bygningane tomme og falleferdige; Oslo kommune har ikkje råd til å setja dei i stand. Og over alt dundrar biltrafikken, for det finst ingen klar trafikkplan for byen, men det blir openbert satsa meir på privatbilisme enn på kollektivtrafikk.
Gater og vegar er fulle av hol, og fin gammal brulegging blir lappa med skjemmande asfalt.
Byen har berre ein einaste symjehall med internasjonale mål, og der er halvparten av dusjane defekte og snart kjem taket til å ramla ned. Sjøbadeanlegg er nedlagde eller hårreisande nedslitne. I dei falleferdige skulane geispar ungane etter luft mens dei blar i fillete skulebøker frå førre hundreåret. På asfalten sit dei rikaste tiggarane i verda og skryt per plakat av den høge moralen sin, som hindrar dei i å gjera innbrot for å få inntekt. På ein stad nær deg same kor du er i byen ser du narkomane som kjøper, sel og injiserer narkotika, heilt openlyst. Og søppel, søppel, søppel, over alt. Ein bygning utan tagging er sjeldsynt. Eit anna sjeldsyn er ein politimann. Denne byen har ikkje råd til å halda seg med politi på gata, unnateke når det kjem ein amerikansk president på besøk, eller når dei rike oppkomlingane i byen vil røva dyre-
og folkelivet i Oslofjorden for ei sommarhelg og konkurrera med arabiske oljesjeikar om kven som har den største pikkforlengjaren. Då vrimlar det av politi i gatene, men dei er ikkje der for folket.
Det er i sanning ein underleg hovudstad. Det er ikkje lovleg å sitja i parken og drikka fredeleg av ei flaske øl. Men det er lovleg å kasta sneipen på gata. Det er lovleg å ha hund med på badestranda. Og det er lovleg å sykla på fortaua, til stor skrekk for fotgjengarane. For det høyrer naturlegvis også til saka i denne byen, at det ikkje finst pengar til å byggja sykkelstiar for.
Slik er tilstandane i Oslo, hovudstaden i eit av verdas rikaste land og det er ikkje meir enn rett og rimeleg. For det norske folket, som er fortrolla av likskapstanken, hatar heile ideen med ein hovudstad. Difor må, for det første, hovudstadsbuarane sin nærleik til kulturelt mangfald og viktige institusjonar gå på kostnad av noko anna. Ein kan ikkje få både i pose og sekk! Det er ikkje rettvist at ein by som har alt av institusjonar også skal ha pomp og prakt! Nei! For det andre likar ikkje det norske folket dette med eit andlet utover. Det er vel og bra ja, heilt strålande å vera styrtrik, men det må ikkje visast. Derfor har den norske kongen eit slott på storleik med
eit middels lysthus i andre europeiske kongedømme. Og derfor ser norske høgfjellshotell ut som dei gjer, på utsida.
Oslo, den mest nedtagga, forfalne og forsøpla hovudstaden i Europa, ein by der fleire hundre tusen barn skal sosialiserast til glade, trygge, ansvarsfulle borgarar, er altså ei praktfull visualisering av det heilnorske! Bli derfor ikkje det minste forundra dersom du i gatene møter eit troll som går der med hovudet under armen; det er truleg ein kommunal politikar som har vore og selt nokre av byen sine eigedommar til eit privat selskap, og dét på ein så hemmeleg måte at hovudet til politikaren ikkje måtte få vita om det.
Når eg har vandra rundt i dei holete gatene i Oslo ei stund, hender det at eg må setja meg på ein av dei øydelagde parkbenkene og lukka augo litt. Men først sparkar eg i benken sånn at ein planke går i stykke. For slik er eingong den menneskelege naturen: Ein blir aggressiv av å sjå det som er stygt. Men når eg omsider har sett meg og lukka augo, kjem det til meg, dette indre, hugsvalande biletet av eit mildt andlet med barneblått blikk og smilehol. Dagfinn Høybråten. Politikaren som hadde ein agenda. Politikaren som ville noko, og som ville det så inderleg at han var parat til å risikera både karriere, popularitet og personleg tryggleik. Politikaren som tok jarnhanda ut av silkehansken og med alvorleg meinte truslar om død og forderving fekk drive dei som dyrkar den mest heilnorske av alle norske galskapar, sjølvplaginga, ut i kulden.
Det var i seg sjølv noko heilnorsk ved denne handlinga. For då det norske folket, som likar hundar betre enn menneske, la seg flat, var det fordi dei kjende att overhunden då dei såg han.
Og der eg sit på benken og med lukka augo snusar inn lukta av hundedrit og eingongsgrillar, blir eg fylt av ein trøystefull tanke: Finst det ein mann som Dagfinn Høybråten, kan det tenkjast å finnast fleire. Ein gong, ja dette er mitt håp, vil det dukka opp ein annan politikar som verkeleg vil noko, kosta kva det kosta vil, og han, eller ho, kjem til å openberra seg som ein Oslo-politikar. Og det overordna punktet på agendaen til denne personen vil vera ein norsk hovudstad med skandinavisk standard, minst. Og med list og silkefine truslar om bål og brann vil han, eller ho, få dei som forvaltar rikdommen i landet til å forstå at Oslo er meir enn ein norsk kommune blant mange; Oslos ve og vel vedkjem heile
landet.
Nøste Kendzior |