Dag og Tid nr. 37, laurdag 11. september 2004:
Klok på bok:
«Men tonga mi kleja»
Jammen er det mange som les Dagbladet!
Eg trudde at dei bokglade hadde kutta ut tabloiden for godt, men det har dei ikkje gjort. Det er tydeleg at mange litteraturinteresserte framleis er avhengige av den daglege Dagbla-dosen. I alle fall viser mange til at intervjuet med den amerikanske forfattaren Richard Powers i Dagbladet hjelpte dei fram til rett løysing.
«Dersom eg vinn, kan de senda premien til Fredrik Wandrup i Dagbladet», skriv Bergljot Selvåg i Stavanger.
Men den gode Wandrup har mange nok altfor mange bøker å stri med, og difor må me finna ein annan vinnar.
Til og med Gunder Runde les Dagbladet, og han uttrykkjer seg slik:
«Denne vekas forfattar er 1 meter og 92 høg, og tynn som ei bjørkestamme. Dette står i sjølvaste Dagbladet, så då må det vel vere gudsens sanning».
Gunnar Bæra svarar slik:
«Richard Powers, fødd 1957, vert rekna med mellom dei store forfattarane i USA i dag. No vert han sikkert mykje lesen i Noreg òg, når den åttande romanen hans, The time of our singing er omsett som Sang i tid og rom.
Her har ein kvit forfattar teke på seg å skrive ein roman om rasismen sett med svarte augo. Vi følgjer ein jødisk mann og ei svart kvinne, og dei tre borna deira frå 1939, gjennom borgarrettskampane på 60-talet og fram til vår tid.
Kvite vil kanskje ha vanskar med å lesa ein roman der rasespørsmålet pregar kvar einaste side, for dei kvite tenkjer på rase tre gonger i året, medan ein svart tenkjer rase kvar gong han går ut døra. Slik er det enno i dag, seier forfattaren i eit intervju.
Historiske hendingar blanda saman med familielivet til hovudpersonane tankar og kjensler, kunst og rasisme, kjærleik og død alt skrid fram i eit uvanleg poetisk og musikalsk språk som gjev ei stor lesaroppleving.
NB! Det er tydeleg at det er på moten å lesa lange og tjukke bøker, sidan den norske omsetjinga har 200 sider meir enn den amerikanske utgåva», skriv Gunnar Bæra.
Rett svar har det også kome frå Torill på Myre, Hilde Matre Larsen i Oslo, Truls Johannessen i Fredrikstad, Inger T. Storbråten i Askim, Nils-Aksel Mjøs i Bergen og Ranveig Lundquist i Orkanger.
Og frå Elen Maria Todal, som på det første flotte kortet prøver seg med Gabe Hudson, men som landar rett på det neste kortet.
Rett svar kjem det også frå Olav Molven i Bergen. Han har vorte uroleg over all denne skiftinga i Kpb-spalta.
«Er det ikkje ein border collie i avisa som kan få orden på desse sauene, spør han.
Det er det, men diverre les han ikkje bøker.
Vinnar denne gongen er Karle og Lilly Erna Gjernes, 6570 på Smøla.
Gratulerer!
Klok på bok 678
Mor mi ho myklas aa far min hejn grejn,
førkja ho sat å lappa ej flysse,
gjelltguten sat å gnog paa ejt bejn,
katten laag aa vallt som ej klyse;
da laut e taalaa, e kunn ikje teja;
kjæften va frosse, men tonga mi kleja.
Den som veit kven som har skrive dette lange diktet, er god! Det ligg langt frå det han skreiv til vanleg.
Det er henta frå ei bok som kom ut i 1878.
Kanskje var ho inspirert av Edvard Storms usentimentalte og måleriske Døleviser, heiter det i eit etterord, der det også går fram at det er eit forsøk på Ottadals-dialekt.
Kanskje var det eit bravurnummer for å imponera sambygdingane, skriv han som samla nokre av forfattaren sine første dikt i ei bok som kom ut for få år sidan.
Kloke lesarar: Send svar til klok@dagogtid.no, til postboks 7004, St. Olavsplass, 0130 Oslo, eller til faksnummer
22 41 42 10.
Kanskje er det ingen som finn løysinga denne gongen?
Barrabas |