Dag og Tid nr. 37, laurdag 11. september 2004:

Historie:
«Dissidenten Knut Hamsun»
Familien Hamsun var dissidentar i ein kulturkamp, og nazistisk brutalitet var dei framand, skriv Hans Fredrik Dahl i programheftet til Jeg kunne gråte blod.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

Knut Hamsun og familien var først og fremst dissidentar og kulturmenneske, og støtta deira til nazismen var del av ein verdikamp. Knut Hamsun var utan vondsinn, familien var framand for valden og brutaliteten vi assosierer med nazismen, og måtte betale ein høg pris for idealismen sin. Det er inntrykket ein sit att med etter å ha lese historikar Hans Fredrik Dahl sin artikkel «Marie, Knut og de 55 000 andre», trykt i programheftet til Riksteater-framsyninga av Jeg kunne gråte blod, skriven av Ingar Sletten Kolloen. Artikkelen til Dahl tek for seg familien Hamsun sitt forhold til NS, nazismen og okkupasjonsmakta, og handsaminga av familien etter krigen. Her finn vi sitat som desse:

«Ondsinnet hadde han (Knut Hamsun) ikke vært, og mang en patriot hadde han gått i forbønn for. Men han var altså på den gale siden, og det var nok.»
«Man kan i ettertid spørre: Ble ikke familien Hamsun svært hardt rammet? Ingen av dem hadde krummet et hår på noens hode – selv Arild hadde ikke vært soldat, bare journalist ved fronten. Den vold og brutalitet som vi idag forbinder med nazismen, var dem egentlig fremmed. De var kulturmennesker, opptatt av å fremme visse verdier – tysk kultur – og motvirke andre, særlig amerikanisme og materialisme. Var ikke egentlig deres aktiviteter 1940-45 mer innlegg i kulturdebatten enn ondsinnede bidrag til krig og vold?»
«Det hersker ingen ytringsfrihet under krig eller når krig truer i Norge. (...) Ingen kunne tale eller skrive offentlig at Hitler i grunnen var en bra mann eller at det var best at Tyskland vant krigen, selv om det ble framsatt utelukkende som en mening eller ytring.»
«Familien Hamsun var dissidenter. De gikk på tvers av flertallet, holdt med Tyskland og sto på sitt. Det kostet dem dyrt, antakelig dyrere enn andre NS-familier, på grunn av den nimbus av berømmelse som hvilte over deres navn. Hvor rettferdig dette var, vil nok alltid diskuteres i Norge.»

– Vrøvl
– Denne artikkelen er heilt klart ein apologi, og eit typisk Dahl-produkt, meiner historikar Rolf Hobson ved Institutt for forsvarsstudiar.
– Bruken av ordet dissident om Hamsun-familien er heilt absurd. Det er vrøvl. Poenget er at Hamsun-familien var medløparar for okkupasjonsmakta. Knut Hamsun stod ikkje modig for meiningane sine under krigen, han var på makta si side. Familien vart fetert av okkupasjonsmakta, og var blant dei mest profilerte støttespelarane for nazistane, seier Hobson.

– Men det er typisk Dahl å skrive så uklart, og det er formulert rotete med vilje, slik at han kan lirke inn revisjonismen. Dahl bør forklare kva han eigentleg meiner. Når han skriv: «Det hersker ingen ytringsfrihet under krig eller når krig truer i Norge» i denne samanhengen, kva meiner han da? Hamsun hylla Hitler friviljug, og vart dømd for støtta si til okkupasjonsmakta. Dahl blandar det formaljuridiske med meiningsklimaet i befolkninga, og han skil ikkje mellom tida før, under og etter krigen.
Rolf Hobson dreg parallellar til omgrepsbruken i tidlegare skrifter av Dahl, og kallar det medviten tåkelegging.

– Eit tidlegare døme er Dahls bruk av ordet «innsatsgrupper» om britiske kommandostyrkar, eit ord som berre er knytt til dei tyske Einsatzgruppen, som massakrerte ein million jødar på Austfronten. Å bruke ordet dissident om Hamsun-familien, når dei i røynda var viljuge medløparar, er typisk for måten hans å drive apologi på.
Hobson reagerer òg på ein påstand om Hamsun som denne: «Ondsinnet hadde han ikke vært».
– Hamsun var visseleg vondsinna i til dømes åtaket sitt på nobelprisvinnar Carl von Ossietzky, seier Hobson.
– Denne artikkelen er ein apologi, der tendensen er at det var gale å døme Hamsun. Hans Fredrik Dahl likar å blande ord, men dette bør han ikkje sleppe unna med.

– Barske utsegner
Kva vil Hans Fredrik Dahl eigentleg med artikkelen sin? Dag og Tid ringjer og spør.
– Eg fekk ei bestilling frå Riksteateret om å skrive ein artikkel som kunne setje lagnaden til Knut og Marie Hamsun i rettsoppgjeret etter krigen inn i ein kontekst, fortel Dahl.
– Kvifor har du valt å bruke ordet dissidenter om familien Hamsun?
– Ja, dissident, er ikkje det ordet for ein som går på tvers? På 30-talet var Hamsun ein særing som gjekk på tvers av folkemeininga.
– Men du nyttar òg dissident-omgrepet om Hamsun-familien i åra 1940-45?
– Også i den perioden var standpunktet til Hamsun heilt atypisk i befolkninga. Med dissident meiner eg at Hamsun tok så kraftig til motmæle mot det fleirtalet meinte.
– I ordboka er ein dissident ein «person som står i open opposisjon til regimet; meiningsavvikar, annleistenkjande, dissentar». Er det ikkje rettare å seie at Hamsun-familien var medløparar for regimet under okkupasjonen?
– Ordboksdefinisjonen føreset vel ikkje at ein i alle samanhengar er i opposisjon til det sitjande regimet. Eg nyttar dissident om folk som har avvikande meiningar, som er annleistenkjande. I artikkelen har eg nytta dei orda som eg fann treffande.

– Du skriv: «Familien Hamsun gikk på tvers av flertallet, holdt med Tyskland og sto på sitt. Det kostet dem dyrt». Dette verkar som ei framstilling av tapre opposisjonelle, men fekk ikkje familien tvert om fordelar av støtta si til nazismen under krigen?
– Ja, dei hausta nok visse fordelar, men ikkje så store. Når ein ser på lagnaden deira etter krigen, er det ikkje tvil om at standpunkta deira kosta dei dyrt.
– Du spør i teksten: «Var ikke egentlig deres (familien Hamsuns) aktiviteter i 1940-45 mer innlegg i kulturdebatten enn ondsinnede bidrag til krig og vold?» Men når ein støttar eit så brutalt regime som Hitler sitt, kan ein da orsake seg med at det berre var «innlegg i kulturdebatten»?
– Eg orsakar dei ikkje, men stiller dei spørsmåla dei sjølve stiller. At eg stiller spørsmålet, tyder ikkje at eg sjølv meiner det berre var innlegg i kulturdebatten.

– «Ondsinnet hadde han ikke vært», skriv du om Hamsun. Kva med til dømes omtalen hans av fredsprisvinnar Carl von Ossietzky?
– Nei, eg ser ikkje den som vondsinna. Hamsun meinte, som mange tyskarar gjorde, at von Ossietzky var ein landssvikar. Men ein kan nok trekkje fram andre ytringar frå Hamsun som var barske i overkant. Det var ein del malise i han, men vondsinna trur eg ikkje han var. Hamsun var kolossalt gavmild, og på mange måtar blauthjarta. Men han kunne kome med ein del barske utsegner.
– Ser du at teksten din i dette programheftet liknar ein apologi for Hamsun-familien?
– Nei, det synest eg ikkje i det heile, seier Hans Fredrik Dahl.

– Ingen problem
Teatersjef Bente Erichsen ved Riksteatret er ansvarleg utgjevar for programheftet til Jeg kunne gråte blod. Dag og Tid får tak i ho på telefonen, på veg frå premieren i Grimstad.
– Går du god for innhaldet i programhefteartikkelen til Hans Fredrik Dahl?
– Eg er ansvarleg utgjevar, så eg må jo det. Vi har bestilt artikkelen av Hans Fredrik, og akseptert han, seier Bente Erichsen.
– Er det ingenting i innhaldet du reagerer på?
– Ikkje noko spesielt. Burde eg det?
– Eg tenkjer mellom anna på bruken av ordet «dissident» om støtta Hamsun-familien gav til nazistane.
– Eg har ikkje gått så nøye inn i teksten og analysert han at eg kan seie så mykje om det.
– Men teksten framstår som ein apologi for Hamsun-familien?
– Om det er eit alvorleg problem for deg eller andre, får de ta det opp med Hans Fredrik.
– Det har eg gjort. Men du har ingen problem med teksten sjølv?
– Eg har ikkje det, nei, seier Erichsen.


– Flott at Hans Fredrik er så interessert
– Det er sikkert plassmangel som gjer at artikkelen til Hans Fredrik Dahl er litt unyansert, meiner Ingar Sletten Kolloen.

Ingar Sletten Kolloen er forfattar av Jeg kunne gråte blod. Før Dag og Tid ringde, hadde han berre skumma gjennom teksten til Hans Fredrik Dahl. Men etter ei ny gjennomlesing er Sletten Kolloen viljug til å gje nokre kommentarar.
– Kan du gå god for innhaldet i artikkelen til Dahl?
– Det er ikkje min jobb å gå god for teksten, Bente Erichsen er ansvarleg for programheftet. Men det er viktig å ta opp problemstillingar kring landssvikoppgjeret, slik Hans Fredrik gjer. Det eg kanskje stussar over, er bruken av omgrepet dissident. Det brukar vi vel helst om dei som er i opposisjon til det regjerande regimet, og det er kanskje ikkje rett å bruke om Knut Hamsuns rolle under krigen, seier Sletten Kolloen.
– No hadde ikkje Hans Fredrik så stor plass til rådvelde i heftet. Men eg synest kanskje ein burde skilje meir mellom innsatsen til dei ulike medlemmene i Hamsun-familien under krigen. Sonen Tore vart innsett som Gyldendal-sjef, ei viktig propagandastilling. Arild var soldat på Austfronten – han var ikkje der som journalist, slik det står i artikkelen, sjølv om han fungerte som journalist. Marie hadde politiske verv i NS, og kjøpte eigedomane til folk som hadde flykta til England. Knut Hamsun sjølv kom berre med ytringar. Men det er sikkert plassmangel som gjer at Hans Fredrik ikkje nyanserer dette.

– I artikkelen sin skriv Dahl om Hamsun-familien: «Var ikke egentlig deres aktiviteter 1940-45 mer innlegg i kulturdebatten enn ondsinnede bidrag til krig og vold?» Korleis reagerer du på det?
– Det meiner eg er feil. Knut Hamsun skreiv artiklar der han støtta den tyske krigføringa. Der er Hans Fredrik litt unyansert.
– Knut Hamsun var ikkje vondsinna, hevdar Dahl?
– Det blir for enkelt, og det vel eg å tru at han ikkje meiner. Knut Hamsun kom med vondsinna ytringar om både personar og folkegrupper.
– Kva synest du om at artikkelen til Dahl står i programheftet til stykket ditt?
– Eg synest det er flott at Hans Fredrik er så interessert i det eg driv med, at han skriv i heftet.
– Sjølv om du ikkje kan gå god for innhaldet?
– Han har skrive ein kort tekst, som må bli litt unyansert.
– Er det ikkje ein Hamsun-apologi Dahl har skrive?
– Eg vil ikkje kome med nokon karakteristikk av artikkelen. Men på somme punkt er eg ikkje heilt samd med han, seier Ingar Sletten Kolloen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |