Dag og Tid nr. 37, laurdag 11. september 2004:

Bokmeldingar:
Prestens problem
Alvoret ved tekst, språk og liv er den drivande motoren i den nye romanen til Hanne Ørstavik.

Hanne Ørstavik:
Presten
Forlaget Oktober
234 sider

«I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud», heiter det i byrjinga av evangeliet etter Johannes. I den siste romanen til Hanne Ørstavik møter vi presten Liv. Ho skal forkynne Ordet, og den kjærleiken og trøysta som finst i Gud. Liv strevar både med seg sjølv, språket og omgivnadane sine. Sjølv greier ho korkje å oppleve eller forkynne den nærleiken som ligg i Guds Ord. Liv er såleis både i ei språkleg og eksistensiell krise når romanen byrjar. Desse krisene er tett vovne inn i kvarandre.

Liv, namnesymbolikken er ikkje tilfeldig, er 35 år, og prest i ein liten by langt nord i landet. Ho har vore prest der i om lag eitt år når handlinga i romanen byrjar. Romanen spelar seg ut i løpet av ei lita veke på seinvinteren: frå preikesøndag til gravferdsfredag. Snøen har så vidt byrja å smelte, men jorda er som menneska i byen, framleis frosa og har vanskeleg for å tine. Snøen viskar ut dei få konturane som finst i landskapet, men gjer samstundes menneska sine kantar tydelegare. Overalt blir Liv konfrontert med det livlause: i landskapet, i seg sjølv, i fortida, i soknebarna og i kollegaene sin motstand mot kvinnelege prestar.

Eksil
Liv lever på mange måtar i ein eksiltilstand. Ho kom nordover etter å ha avbrote eit forskings-opphald i Tyskland. Som nyutdanna prest hadde ho valt å halde fram med dr. graden i staden for å gå inn i forkynninga. «Jeg hadde tatt praktikum, men siden fortsatt med teorien fordi jeg ikke kunne stå der og tale i en menighet. Jeg hadde ikke kunnet si ord jeg ikke allerede kjente fylt, ord jeg ikke visste om bar.» Liv kjenner språket sin arbitræritet fysisk på kroppen og han har gjort det umogleg for henne å forkynne. Likevel gjer ho det søndag etter søndag.

Splittinga mellom uttrykk og innhald var uoverkommeleg for henne. Men da Kristiane, kvinna ho hadde eit 40 dagar langt forhold til i Tyskland, skyt seg etter ein krangel, dreg ho nordover. Jesus gjekk 40 dagar i ørkenen og grunna på kva han skulle gjere med kallet sitt. Liv nyttar prestekallet til å grunne over kva ho gjorde, og gjorde feil, saman med Kristiane. Dei to kvinnene var svært ulike, men i møtet med henne var Liv i nærleiken av ein vesentleg nærleik som ho elles ikkje kjem inn i. Eksilet er såleis både geografisk, språkleg og eksistensielt.

Kautokeino-opprøret
Under den første preika på den nye staden snakka ho for lenge. Folk reiste seg frå kyrkjebenkene og gjekk. Denne hendinga forsterkar presten sine problem og blir også ein konkret manifestasjon av at orda hennar ikkje er berande. I denne preika streva Liv med å formulere noko viktig, men bablet som kom ut av munnen hennar, var meiningslaust både for henne og kyrkjelyden. Angsten for å gjenta dette sit i Liv og styrer handlingane hennar.

Romanen går føre seg på tre plan. På notidsplanet er vi i byen langt mot nord og følgjer Liv i det daglege kavet. Men i Liv er to andre tidsplan minst like levande. På den eine sida prøver ho å forstå meir av det som skjedde i Tyskland, og på den andre sida prøver ho å forstå sameopprøret i Kautokeino på midten av 1800-talet. Det var dette ho forska på. Dei tre tidsplana grip i kvarandre. På alle plan er det spenninga mellom ord og meining som er det vesentlege. Sameopprøret var ein blodig samanstøyt mellom omvende samar og norske embetsmenn. Lensmannen og handelsmannen vart drepne og to samar vart halshogne. Liv arbeider med original-oppteikningane til presten og biskopen, og prøver å finne ut kva som var samane si stemme og undertekst i dette. Bibelen var nett omsett til samisk da opprøret starta. Slik Liv les opprøret, var det eit språkleg opprør som hadde opphavet sitt i det misforholdet samane såg mellom Bibelen sine ord om nestekjærleik og likskap, og dei maktovergrepa dei norske embetsmennene gjorde mot dei: «At Gud setter undertrykte fri. Det trodde de på, og så ville de være frie... Og så ble de ledd av... Ordene sto der og slang med tomheten sin, med sitt uforpliktende ingenting.»

Utan ord
Dei dagane romanen skildrar, blir Liv sett på prøve. Ei ung jente klatrar opp i fiskehjellen og hengjer seg. Når presten skal støtte familien, blir ho ståande taus med hendene i lommene: orda hennar er også denne gongen tomme og utan meining. Det avkjølte ved Liv blir forsterka av at ho kjenner større smerte ved at faren til den døde jenta skyt hunden hennar, enn for jenta sin vanlagnad.
Den same maktesløysa og handlingslamminga kjem fram i alle relasjonane Liv går inn i. Ho deler prestebustaden med ei ung kvinne, Nanna og dei to døtrene hennar, Lillen som går i barnehagen og tenåringsjenta Maja. Maja går rundt som eit raudt signalflagg. Liv registrerer smerta hennar, men handa ho vil stryke henne over kinnet med, når ikkje fram tidsnok til å hindre at også Maja prøver å drepe seg.

Alvoret
Presten er den sjuande romanen Hanne Ørstavik har skrive. Forfattarskapen hennar er viktig og bøkene hennar er etter kvart lønte med mange prisar. På kvar sin måte insisterer romanane hennar på at det dei tar opp er alvor og alvorleg. I samband med den førre romanen, Uke 43, insisterte Ørstavik på det ekte ved litteraturen. Dette kravet held også den nye romanen oppe og både narrativt og tematisk liknar dei to romanane svært på kvarandre.
Alvoret ved tekst, språk og liv er den drivande motoren. Kva er det sanne, kva er det gode, kva er tungt nok til å vere viktig og kva er så lett at ein ikkje treng bry seg med det? Liv tumlar, snublar og basar kring i kvardagen og tankane sine. For det er i tankane og i sine eigne innfløkte refleksjonar Liv lever. Slik blir ho ståande på utsida og isolert. Dei små forsøka ho gjer, eller rettare, andre gjer (ein mann, Nanna) på å nærme seg henne, blir tragikomiske bautasteinar over det mest maniske ved kravet om alvor, sanning og meining.

Kva gjer dette med romanen? På den eine sida er det alltid utfordrande å lese Ørstavik sine bøker. Så også denne romanen. Insisteringa på alvoret, den språklege tryggleiken og den romantekniske dugleiken Ørstavik har, er imponerande. Men samstundes blir eg sitjande att med eit spørsmål eg ikkje greier å svare på: Kva er skilnaden på å reindyrke si eiga stemme og sin eigen stil, og det å gjenta seg sjølv?
Nora Simonhjell

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |