Dag og Tid nr. 37, laurdag 11. september 2004:

Bokmeldingar:
Farleg fundamentalisme
Ruthven’s bok burde uroa oss som bur i eit sekularisert Europa der «ekstrem» religion er marginalisert. Det er tvert imot Europa som er marginal i verdssamanheng, skriv Halvor Moxnes.

Malise Ruthven:
Fundamentalism.
The Search for meaning
Oxford University Press

For ein generasjon sidan var den vedtekne sanninga at religionen var alvorleg truga av moderniseringa. Det var berre eit spørsmål om tid før sekulariseringa hadde drive religionen attende til den einskilde sitt privatliv. «Moteboka» på 60-talet var The Secular City av Harvard-teologen Harvey Cox. Men no er vi langt frå 60-talet. Religionane har slått attende, og i ei ny og skremmande form som vi kallar fundamentalisme.
Men kva meiner vi med fundamentalisme? Har islam, kristendomen og hinduismen nokon felles trekk som gjer at vi kan snakke om ein fundamentalisme innanfor alle desse religionane? Dette er nokre av spørsmåla som Malise Ruthven stiller i boka Fundamentalism. The Search for meaning. Han vil ikkje gje ein definisjon på kva fundamentalisme «er», men snakkar om «familielikskap» mellom mange ulike rørsler.
 
Kjem frå USA
Sjølve namnet «fundamentalisme» kjem frå det protestantiske USA. «The Fundamentals» var namnet på ein serie med småhefte frå byrjinga på 1900-talet om det som var uoppgjeveleg i den protestantiske trua i møte med opplysningstru, Darwins utviklingslære og skeptisisme. Kampen mot utviklingslæra har vore ein gjengangar i USA, og alternativet, den biologiske «kreasjonismen» (at verda vart skapt på 6 dagar for 6000 år sidan) viser paradokset i fundamentalismen. I kampen mot modernismen tek ein i bruk moderniteten. Dei bibelske skap-ingsmytane vert tolka som naturvitskap, berre med andre resultat enn darwinismen.
 
Familieverdiar
Eit sentralt trekk ved moderniteten er kvinnefrigjering og likestilling mellom kjønna. Dette er sjølvsagt svært trugande for religionsformer styrde av menn. Fundamentalismen er ei patriarkalsk protestrørsle der kontroll av kvinneleg seksualitet er eit viktig aspekt. Taliban-styret sin politikk i Afghanistan er velkjend. I kristen fundamentalisme slår det ut som handheving av tradisjonelle kjønnsrollemønster. Dette blir svært tydeleg i USA. Kodeordet for desse haldningane er «familieverdiar». Fundamentalistane ser det som eit trugsmål at det vert snakka om «familiar» i fleirtal, dvs. også om andre familietypar enn den heteroseksuelle kjernefamilien. Særleg er homoseksuelle sine relasjonar eit hatobjekt for kristenfundamentalistane.

Frå passiv til aktiv
Fundamentalistiske rørsler skil seg frå tradisjonelle, konservative religiøse grupper: Dei finn seg ikkje passivt i ein situasjon der dei misser makt, dei slår attende og vil driva sekularisering og modernisme på flukt. På 1970-talet gjekk den protestantiske fundamentalismen i USA vekk frå ei passiv, ikkje-politisk line, til aktiv handling gjennom å vinna makt i det republikanske partiet.
Dette byggjer på overtydinga deira om at verda er styrd av Gud ut frå dei «fundamentale» sanningane i religionen, der dei ser seg sjølve som Guds reiskapar for å gjennomføra det som er Guds vilje. Her er det ein likskap mellom fundamentalistane i USA og i islam. Dei brukar òg den same typen retorikk om kampen mellom vondt og godt. Dette er i mange religionar knytt til mytar om opphavet eller om endetida, til dømes i den jødisk-kristne tradisjonen om endetidsslaget ved Harmageddon. Men farleg vert det når desse mytane vert gjorde til historie, når det er politiske fiendar som er «evil empires», og når vi er «dei gode kreftene», og du må velja om du er «med oss eller mot oss».

Mytar
Det er når dei religiøse mytane vert til aktuell politikk at fundamentalismen slår til og vert valdeleg, seier Ruthven. Når politiske eller religiøse konfliktar ikkje lenger er ei sak i denne verda, men eit uttrykk for den kosmiske kampen mellom sanning og løgn, brytst barrierane mot valdsbruk mot meiningsmotstandarar. Ruthven peikar på ein annan faktor som opnar opp for vald og maktbruk, og det er når fundamentalismen vert kombinert med nasjonalisme. Det er det som har skjedd i aukande grad dei siste tiåra, t.d. på Balkan, i Israel/Palestina og i India.

Evil empires
Når nasjonalisme og religion vert absolutte krefter, gjev dei moralsk godkjenning til både valdsbruk og martyrdom. Vi har sett korleis dette er knytt saman i tolking av sjølvmordsaksjonar i Palestina og flyaksjonane 11. september, med martyrforklåring av aksjonistane. Men det er sett lite på korleis den religiøs-nasjonale fundamentalismen er ein ideologi bruka av bakmenn og leiarar både i aust og vest, og til dømes korleis retorikken om «evil empires» vert bruka til å legitimera krig for å fjerna vondskapen.

Bør uroa Europa
Ruthven’s Fundamentalism er ei bok som burde uroa oss som bur i eit sekularisert Europa der «ekstrem» religion har vorte eit marginalisert fenomen. Det er tvert imot Europa som er marginal i verdssamanheng. Og vi kan ikkje vona på at moderniseringa av verda skal endra dette. Det er freistande å sjå islamsk fundamentalisme som eit uttrykk for at den «islamske verda» har tapt i konkurransen om makt, økonomi og politisk utvikling. Men Ruthven peikar på at dei største fundamentalistiske rørslene finn vi i USA og India, dei to største demokratia i verda og land med høg teknologi. Fundamentalismen sitt enkle verdsbilete med inndeling i vonde og gode som grunngjeving for bruk av vald har slått rot her, til og med hjelpt av effektiv bruk av moderne teknologi. Dette gjer at Ruthven kallar den protestantiske fundamentalismen i USA for ein farleg religion.
Likevel er det i det amerikanske politiske og kulturelle systemet han ser ei von. Skiljet mellom kyrkje og stat og eit pluralistisk demokratisk politisk system er det beste vernet mot at fundamentalismen skal få overtaket. Her ligg utfordringa i den muslimske verda som har svake demokratiske tradisjonar, men også her vonar Ruthven på globaliseringa av pluralisme og mangfald.
Halvor Moxnes,
professor i teologi

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |