Dag og Tid nr. 36, laurdag 4. september 2004:
Roald Helgheim
Presidentens bakmenn
Den einaste grunnen til at Bush ser presidentaktig (presidential) ut, er at han er president. Michael Moore plassert i Air Force One ville ha sett presidentaktig ut også.
Den som seier dette, er redaktøren av det amerikanske magasinet Vanity Fair, Graydon Carter. Mannen som elles plar marknadsføre magasinet sitt på leiarplass med å fortelje om det framifå innhaldet, fekk ein dag nok av Bush. Han har skrive boka What Weve Lost, og etter utdrag i The Guardian å dømme har ho sider det luktar svidd av. Bush-bøkene kjem elles i slike mengder at New York Review of Books og New York Times melder eit halvt dusin i slengen.
Bladmannen med bakgrunn i teikneseriemagasinet Spy, no redaktør for det glansa Vanity Fair-magasinet som kan publisere like bra artiklar om kvifor CIA gjorde seg bort før 9/11, som om kvifor den svarte Sammy Davis jr. aldri kunne få den kvite Kim Novak, er ein 55 år gammal middelklassemann frå Canada, glad i det USA han har sett bu i. Han kunne slått seg til ro, men då han byrja å grave seg ned i titusentals sider med dokumentasjon, var det første som sjokkerte han, at Bush-administrasjonen gjer alt han kan for å skjere ned på utgiftene til både krigsveteranar og dei soldatane som kjem heim frå Irak. I eit innleiande kapittel skriv Carter at landet under Bush ikkje berre mista både menneskeliv og
allierte. Folket held på å miste både rettane sine og fridomane sine. «I Bush-alderen har vi mista retninga.»
Mens presidenten sjølv no fullfører den politiske parademarsjen under det republikanske konventet i New York, har all kritikk drukna i larmen for ei stund. Det gjeld også det som i førre veka kom ut gjennom to offisielle rapportar, om krigen mot Irak og handsaminga av fangar i amerikansk-irakiske fengsel. Den første slo fast at ein serie av avgjerande mistak («major failures») peika direkte mot kontoret til forsvarsministeren når det gjaldt ansvaret for mishandlingane. To dagar etter kom rapporten frå ein militær undersøkingskommisjon, som plasserte det utøvande ansvaret hos to etterretningsoffiserar på høgt nivå. Men som ein kritikar i New York Times skriv om rapporten frå 9/11-kommisjonen (som du også kan kjøpe i en norsk bokhandel), er det lite å vente seg når det gjeld følgjene.
Graydon Carter har ei kraftsalve mot eit styre som ikkje berre har ført landet ut i ein ruinerande krig, men som på heimebane held på å øydeleggje skulen og miljøet, som lagar eit helsevesen for dei rike, som har gitt dei rike astronomisk skattelette, ein president som kallar seg «compassionate conservative», men som meir og meir har blitt ein gammaldags politikar på ytre høgre fløy. Han har splitta nasjonen meir enn nokosinne, og det vil ta tiår å reparere skadane. Det er ikkje måte på, men det er først i eit kapittel om miljøpolitikken at Carter har grave seg ned i skiten til gagns. Før stolseta var varme, sette Bush-administrasjonen i gang ei storstila rasering. At noko av det første han gjorde var å stryke den amerikanske signaturen under Kyoto-avtalen, er godt kjent. Han etterlet seg eit Texas som i guvernørtida hans gjekk til botnar (eller til topps) som den mest ureina
av alle statar. Den første dagen i det ovale rommet bad han stabssjefen sende ut direktiv om at ei rad miljøtiltak frå den førre presidenten skulle stoggast straks. Dei som hadde finansiert valkampen, venta seg løn for strevet. Etter ni dagar nedsette han National Energy Policy Group, seinare kjend som Energy Task Force. I fire månader, under leiing av Dick Cheney og energiminister Graham, heldt dei møte der 18 av dei største politise sponsorane frå kraftindustrien var mellom dei inviterte, i tillegg til Enron-sjef Kenneth Lay og ei rad representantar frå dei store oljekonserna. Rundt 400 leiarar frå 150 verksemder kom og gjekk, men gruppa ville ikkje møte ein einaste representant for miljørørsla.
Resultatet var ein nasjonal plan som inkluderte 23 milliardar dollar i lette i skatten til dei som hadde ytt 44 millionar dollar til den republikanske valkampen. Det fanst ikkje noko framlegg i planen som ville betre miljøet, det gav berre rom for endå meir uhemma utbygging av industrien. Tretti år etter at landet vedtok både the Clean Air Act og the Clean Water Act, er tida skrudd attende. Letten i kontrolltiltaka frå Bush-administrasjonen vil føre til millionar av tonn med auka ureining, og det nasjonale vitskapsakadamiet reknar med at lovendringane vil koste 30.000 amerikanarar livet. Katalogen over miljøøydande vedtak omfattar sjølvsagt også det mest motoriserte og oljebrukande landet i verda, og opning for meir kloakkutslepp i elvar og vatn. Ein stor ureinar er gruveindustrien, som Bush i staden for å leggje under offentleg miljøkontroll, gav lov til å organisere eit sjølvrapporterande system.
Gruveindustrien hadde gitt 3,3 millionar dollar til det republikanske partiet. Og som ein del av øydelegginga av villmarksområde, gjorde Bush det etter tre månader kjent at ein ser på alt offentleg land, uansett status, som ope for boring etter olje og gass.
I ei av sine samlebokmeldingar har New York Times også funne plass til litt om denne boka. Meldaren likar henne dårleg, mellom anna fordi forfattaren, på same måte som Michael Moore, kallar invasjonen i Irak ein utvald krig mot eit land som verken var ein fiende eller ein verkeleg trussel. Er ikkje eit land som dagleg skaut på amerikanske fly i flyforbodssona ein fiende? spør meldaren. Som verda veit, var flyforbodssona ei opning for permanent britisk og amerikansk bombing av Irak frå Golfkrigen og heilt inn i den siste invasjonen. Det blir fort fiendar av slikt.
|