Dag og Tid nr. 36, laurdag 4. september 2004:
Bente Riise:
Å fortelje eit liv
Å fortelje eit liv er ein risikosport. Det viser biografidebatten den siste tida. Den eine etter den andre biografen blir lagd på hoggestabben for kjeldebruken og metodane sine, tolkingane og for forteljemåten dei har valt.
Det er ikkje enkelt å forklare kvifor eit liv vart som det vart. Ein må basere seg på eit større eller mindre kjeldetilfang, både skriftleg og munnleg, og ofte av varierande kvalitet. Det krev ein solid porsjon kjeldekritikk, og at biografen evnar å ta eit steg tilbake og prøve å danne seg eit mest mogleg utfyllande bilete ut frå ulike kjelder og forhold, både i livet til den som blir omskriven, og til dei kjeldene og personane ein hentar informasjonen frå. Dei kan ha ulike motiv, som ein òg må kjenne til og evaluere opp mot kvarandre. Når ein sjølv skal fortelje om livet sitt, blir det alltid subjektivt. Når andre skal fortelje, blir det ikkje objektivt, uansett kor mange og kor gode
kjelder ein har. Men det kan variere kor subjektivt det blir.
Biografiar er blitt skrivne med ulike utgangspunkt, for ulike publikum og med ulike føremål. Nokre er grundige mursteinar og innsiktsfulle ned til siste detalj, andre er korte og fortetta forteljingar. Atter andre er skjønnlitterære, og skrivne som romanar. Biografiane blir i stor grad forteljinga til den som skriv dei. Og ein kan fortelje på mange vis. Biografien er ingen eintydig sjanger, og har opp gjennom tidene hatt mange fasongar. Det har vore plass til ulike sjangrar og måtar, fordi dei tener ulike formål og ulikt publikum.
Difor er det nesten litt komisk å lese ein del av meldingane og debattinnlegga no i det siste, særleg etter utgjevinga av Knut Olav Åmås sin biografi om Olav H. Hauge. Mange innvender at Åmås ikkje har eigne meiningar eller ei personleg oppfatning, og at han i for stor grad let kjeldene fortelje. Det siste er jo svært medvite frå biografen si side, det er ein metode han har valt. Mitt liv var draum er kanskje ein av dei minst påståelege biografiane som har kome ut på lenge her til lands. Og kvifor ikkje?
Eg les ein del av kritikken som furting over at han ikkje har skrive ein slags spenningsroman eller ei sterkt personleg tolka forteljing. Men ein biografi må då ikkje likne ein roman, eller vere ein krass pamflett. Ein vanleg lesar har ikkje noko imot ei drivande godt fortald historie om eit liv, men det kan då gjerast på ulike måtar.
Åmas legg ut kjeldene slik at alle kan sjå kvar informasjonen er henta frå, og kjeldene kan ettergåast av den som vil, slik ein forskar gjer det. Han har òg valt ei nøktern forteljarstemme, og bruker nesten aldri ord som årsak eller forklaring. Han legg fram, drøftar og peiker på ulike måtar å sjå hendingar og samanhengar på. Han tviler, spør, er open for ulike forklaringar. Han er audmjuk for at han ikkje kan vite kva som er sant. Han kan ikkje vite sikkert kva for forhold og samanhengar som var avgjerande for at det eine eller andre skjedde eller vart som det vart. Dette synest eg er svært sympatisk og etterretteleg gjort. Det er nesten freistande å seie at dette er meir
jentemåten, men det blir vel oppfatta som flåsete. Det er vel betre å seie at denne metoden står i ein solid akademisk tradisjon. Det høyrest nok betre ut. Etter mitt syn står denne biografien langt frå ein macho-tradisjon med bombastiske påstandar om samanhengar mellom liv og dikting, mellom personlegdom og politikk, og mykje, mykje anna. Ei såpass drøftande og lang framstilling som dette er, viser også at ein tek på alvor at store delar av det lesande norske folket har høgare utdanning, som ein kommenterte boka.
Eit liv kan aldri fullt ut fangast i ein biografi, det blir uansett utval, fragment, tolkingar. Ein biograf klarer aldri å fange heile sanninga om eit liv eller ein person. Diverre er ikkje det alltid så tydeleg i mange biografiar, og difor er vi nok blitt fôra med framstillingar og versjonar om mange menneske som sikkert hadde vore spennande å ha lese på ein annan og meir open måte.
Det beste som kan kome ut av debatten, ville vere at det vart rom for eit mangfald, at ulike biografar kan skrive på ulike måtar og med ulike føremål. Det kan ikkje bli slik at ein på død og liv skal forlange ein spenningsdramaturgi lik ein roman eller store mursteinar med eit digert kjeldeapparat. Men det er viktig å klargjere for lesaren kva prosjektet er, kva posisjon ein tar. Det vil vere å syne respekt både for den som blir biografert og for oss som lesarar.
Å vere ein nøktern forteljar tyder slett ikkje å vere ein fråverande forteljar. Åmås har gjort eit grundig utval og styrer forteljinga stødig framover, og det er slett ikkje keisamt, som ein kan få inntrykk av når ein les enkelte kritikarar. Livet til Olav H. Hauge er interessant å lese om, eit tilsynelatande hendingslaust liv, men som var så mangefasettert og kontrastfylt som berre eit verkeleg liv kan vere. Eit liv som endra seg dramatisk på ulike måtar, ein mann som levde med store indre spenningar og som fann sin veg i alt det vanskelege. Ei livshistorie som er ulik alle andre, men som ein likevel kan spegle seg i og finne identifikasjon i. Og det er jo nett det vi vil, lese om andre levde liv og røynsler. Vi er nyfikne på andre menneske, vi er på jakt etter innsikt og forståing. Då er det frigjerande og godt å sleppe å få ferdigtygde meiningar og tolkingar, men som lesar få eit større rom å vere i når vi dykkar ned i slike historier.
Bente Riise
|