Dag og Tid nr. 36, laurdag 4. september 2004:


Klok på bok
Eit sirkus heng i tåka

Det var slitsamt å dra på høgfjellet i regn og blest – etter sauene, men no er det gjort. Alle er vel heime, og på nytt er det eit brekande liv her i sauefjøset.

Snakk berre ikkje om fårikål til meg.

Det luktar skit av slikt!

Vel heime ser eg at bror min, han Kåre kopplam, har vikariert på strålande vis.

Kven skulle tru det?

Eg byrjar med ein liten korreks frå den andre sida av kloten; nærare bestemt frå Horton Place, Colombo, Sri Lanka og Tom Knappskog. Eg har aldri vore på Sri Lanka og prøver å tenkja meg korleis det er å løysa Klok på bok der – lydar, lukter, husvære, sauer, kvinner, gerilja – men eg greier det ikkje. Difor siterer eg berre det som Tom Knappskog skriv:

Etter Truman Capote for berre to veker sidan trudde eg det kom til å vare lenge før vi fekk fleire oppgåver frå det moderne Amerika. Men det er tydeleg at Barrabas har slått seg på USA-litteratur på seinsommaren. Svaret denne gongen er Tom Wolfe og The Electric Kool-Aid Acid Test.

Eg har berre ei engelsk utgåve og tør ikkje spekulere i kva tittelen kan vere på norsk. Det passar svært bra at denne boka kom ut i 1968 – året som har gjeve namn til ein heil generasjon. Boka gjev nærast dokumentarisk (eller i det minste journalistisk) innsikt i framveksten av hippie-kulturen i USA.

Ein kuriositet er det at The Electric Kool-Aid... vart gjeven ut på same dag som ein annan Wolfe-bestseljar, nemleg The Pump House Gang. Wolfe har halde fram med å skrive bøker med presise skildringar av det amerikanske samfunnet heilt inn i det nye tusenåret. Og kva veit eg: Kanskje kjem det snart ei ny bok om tidsånda i USA etter 9/11? Vi får håpe det, skriv Tom Knappskog. Han får prisen denne gongen, og så overlet eg til å andre å få premien fram til rett vinnar. Kanskje må me venta til den gode Knappskog er tilbake i gamlelandet, om han ikkje har flytta for godt?

Knappskog får premien sjølv om han ikkje visste at boka har fått namnet Syreprøven på norsk.

Takk og pris: Norlitausene er på nytt på banen.

To Norlitauser i forskjellig avstand fra feriedimensjonen følte seg lite trygge på utfrika folk bakpå en pickup. Både Kerouac og Steinbeck var for gamle, men ved help av cyberspace fant vi fram til den mediesky Tom Wolfe og hans Syreprøven, som er kommet på norsk to ganger, først i 1995 og så i 2003. Vi liker ikke å benytte oss av Internett, det morsomme er jo hvis man har lest boka selv; på den annen side er det grenser for hvor mange bøker man rekker å lese, skriv Ingebjørg og Liv.

Ja, det er pokker så sant, og ingenting tyder på at straumen av nye bøker kjem til å ta slutt med det første. Men det er no litt kjekt òg, ikkje minst for alle dei som tener pengane sine i ein bokhandel.

Jan Olav Gatland i Bergen har ikkje lese Syreprøven, verken på norsk eller engelsk.

Derimot har han budd i The Bay Area like ved San Francisco, og kan skriva under på at Cool Breeze umogeleg kan vere eit tilfeldig valt tilnamn.

Gunnar Bæra på Løten fortel at i Syreprøven har Tom Wolfe skildra menneska og hendingane rundt ein annan kjend forfattar, Ken Kesey. Han hadde investert alle pengane frå suksessromanen Gjøkeredet i ein farm utanfor San Francisco. Hit inviterte han både vener og fiendar til å eksperimentera med alle slag dop. Journalisten Wolfe kom dit for å skriva ein artikkel om Kesey. Artikkelen este ut til å bli ein stor roman som både har konvensjonell, eksperimentell og anarkistisk stil, og ikkje minst eit utruleg tempo.

Wolfe har skrive tolv bøker. På norsk finst også Forfengelighetens fyrverkeri og En helstøpt mann, fortel Gunnar Bæra.

Elles så takkar eg svært mykje for rette svar frå Henrik Wroldsen, Birgitte Berge, Solveig Angvik, Olav Molven, Truls Johannessen og Ingrid Lomholt. Og Torill på Myre som hadde mannen, men ikkje boka.

Klok på bok 677
Den langsomme sommeren stanser der tistlene
og paddehattene ikke lenger begrenser seg.
jeg løfter hånda, jeg er over tretti
og en bil står mytisk stille ved sida av meg.
Og høsten begynner der valmuene
og bregnene faller inn i det likegyldige.
Jeg stikker hånda i lomma og finner en mynt,
jeg er under førti, et sirkus henger i tåka,
henger nedslått i regnvann og erindring.

Poeten er norsk og debuterte i 1986. Han har gjeve ut diktsamlingar, romanar, essay og gjendiktingar.

Send svara til klok@dagogtid.no, til Klok på bok, Dag og Tid, Postboks 7004 St. Olavs plass, 0130 Oslo, eller til faksnummer 22 41 42 10.
Lukke til!

Barrabas

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |