Dag og Tid nr. 36, laurdag 4. september 2004:


Forsvaret:
Kriseminister Krohn Devold
Nok ein gong er forsvarsminister Kristin Krohn Devold ute i hardt vêr. Har ho kontroll på den største omstillinga i historia til Forsvaret?

Bente Kalsnes
bente@dagogtid.no

Stadig fleire ber Kristin Krohn Devold trekkje seg frå stillinga som forsvarsminister. Representanten til Frp  i forsvarskomiteen, Per Ove Width, og leiaren i Noregs offiserforbund, Peter A. Moe, har tidlegare gjort misnøya si kjend. Denne veka fekk dei støtte av Nupi-forskar Iver B. Neumann, men på eit anna politisk grunnlag.

– Eg har aldri uttala meg offentleg om Kristin Krohn Devold, men no synest eg ho har gjort så mange feil at ein bør vurdere å fjerne ho, seier Neumann til Dag og Tid.

Han viser til at forsvarsministeren ikkje primært er oppteken av norske interesser, men amerikanske.

– Ho har ikkje norske interesser for auga, men er meir oppteken av korleis Noreg kan hjelpe amerikanarane til å føre politikken sin. Då må ein spørje seg om det nødvendigvis er den første oppgåva for ein norsk minister. Problemet er at  Krohn Devold har valt ein annan kurs enn den rådande politiske haldninga i Noreg, nemleg at vi skal stå imot det amerikanske presset, og heller lene oss på våre europeiske allierte, seier Neumann.

Per Ove Width i Frp tviler på at ministeren har kontroll over det forsvaret ho skal styre.

– Når forsvarsministeren blir spurd om ho har kontroll, og må definere kva ordet kontroll tyder, så er det endå eit lågmål, sa Width til Dag og Tid etter utspørjinga i forsvarskomiteen på måndag.

30 millionar «identifisert»

På overflata dreiar dette seg om 20 fartøy som skulle leggjast til kai og ein forsvarsminister som er ute i hardt vêr. Men konfliktane i Forsvaret stikk djupare. Det handlar om kva norsk forsvarspolitikk skal vere. Kva skal Forsvaret vere, og kven skal vi forsvare oss mot?

Den nyaste krisa oppstod då det 17. august blei gjort kjent at kassa i Sjøforsvaret var tom, og 20 av marinefartøya skulle leggjast til kai resten av året for å spare pengar.

Men då Krohn Devold tok ordet i den opne høyringa på Stortinget denne veka, kunne ho fortelje forsvarskomiteen at ho saman med forsvarssjef Sigurd Frisvold og generalinspektør for Sjøforsvaret Jan Eirik Finseth hadde «identifisert» 30 millionar kroner ekstra som skal gjere at marinen får segle meir i haust enn opphavleg skissert. Den intense kritikken mot forsvarsleiinga hadde gitt resultat.

Oppseiingar tek tid

Seinare opplyste generalløytnant i Forsvarsdepartementet Sverre Diesen, at dei økonomiske problema i Sjøforsvaret har oppstått fordi ein ikkje har klart å nedbemanne like fort som ein har planlagt og budsjettert for. Dette blei oppdaga allereie i vår.

Leiaren i forsvarskomiteen, Marit Nybakk (Ap), var positiv til at statsråden har gjort «full retrett». Men ho er framleis kritisk til økonomistyringa i Forsvaret, og viser til at Riksrevisjonen enno ikkje har godkjent rekneskapen til Forsvaret for 2003, seier ho til Dagsavisen.

Eliteforsvar

Fleire forsvarskjennarar seier at dette ikkje berre er eit spørsmål om Kristin Krohn Devold er ein god eller dårleg leiar. Det handlar om at ein skal omstille ein dinosaur av ein organisasjon.

– Tidlegare har det vore slik at Forsvaret først og fremst skal verne norske grenser. No har ein fått ei heilt anna hovudoppgåve, som er fredsoperasjonar og til dels omstridt internasjonal innsats, seier assisterande direktør og forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi), Ståle Ulriksen.

– Ein bryt med ideen om eit egalitært vernepliktsforsvar der banda mellom nasjonen og Forsvaret er sterke. No går ein over til noko som er meir eliteprega, eit meir profesjonelt forsvar. Eg meiner det er nødvendig, men det er også omstridt, seier Ulriksen.

Generalløytnant Diesen er ueinig i at det norske forsvaret er i ferd med å bli meir eliteprega.

– Pressa har ofte ei unyansert framstilling. Dei trur at vi byter ut det gode, gamle Forsvaret med eit rådyrt, eksklusivt eliteforsvar som skal ut i verda og drive internasjonale operasjonar. Det vi gjer, er at vi erstattar det gamle mobiliseringsforsvaret med eit forsvar med høgare reaksjonsevne og høgare ståande kapasitet. Om vi brukar den kvaliteten ute eller heime, har ingen nemneverdige økonomiske konsekvensar, seier Diesen, som ser for seg at dei største omstillingane i Forsvaret ikkje er over før i 2008.

Det nye trusselbiletet etter den kalde krigen er hovudgrunnen til denne omstillinga.

Den nye trusselen

– Kvifor satsar ein så sterkt på styrkar som kan brukast utanlands?

– Hovudmotivet er ikkje å sende Forsvaret utanlands. Under den kalde krigen, då trusselen var invasjon av norsk territorium, hadde vi høve til å basere oss på eit stort mobiliseringsforsvar. Vi rekna med at førebuingane til eit slikt åtak kom til vere så synlege og ta så lang tid at vi kunne mobilisere heile den kvilande organisasjonen. Men invasjonstrusselen er ikkje der lenger. Den nye trusselen har ein heilt annan karakter, og kan materialisere seg på kort tid. Vi kan vente avgrensa militære aksjonar, ikkje for å erobre oss, men for at den norske regjeringa må leggje om kurs i eit politisk spørsmål, til dømes når det gjeld nordområda eller ressursar. Når det er snakk om korte og intensive åtak, duger ikkje mobiliseringsorganisasjonen vår. Han er altfor langsam. Ei anna side er at amerikanarane ikkje lenger gir oss mykje av det militære materialet gratis. Med det kostnadsnivået vi har i dag, kan vi ikkje utruste eit stort mobiliseringsforsvar med moderne materiell, seier Diesen.



Nytt forsvarsparadigme
Omstillinga i Forsvaret går kort fortalt ut på at ein skal bruke meir ressursar på operativ verksemd (militære aksjonar) enn støttefunksjonar (lager, service, kjøkken).

Tidlegare har tilhøvet mellom støttefunksjonar og operativ verksemd vore 60:40, no skal det bli omvendt. Det er ei dramatisk endring, seier Nupi-forskar Ståle Ulriksen, som hevdar at mykje av kulturen i Forsvaret ligg i støtteeiningane, ikkje i kampeiningane.

– Enno har ein 7000-8000 årsverk berre i materialforvalting i Forsvaret. Sjølv etter den kalde krigen held tala fram med å vekse. No blir det færre, men det går seint, seier Ulriksen.

Tråkka på av Forsvaret

Konfliktane som kjem til overflata i Forsvaret har å gjere med at nokre område mistar meir ressursar enn andre.

– I Forsvaret har det alltid vore konfliktliner mellom alle forsvarsgreinene: Hæren, Luftforsvaret og Sjøforsvaret. Men dei har fått sin faste del av kaka. No som Forsvaret skal leggjast om, må ein truleg forandre på det systemet. Mange er skikkeleg sure for det.

– Er det det som kjem til syne no?

– Delvis. Det er spenningar i alle retningar. Folk er usamde om kva oppgåver som skal gjerast. Og mange kjenner seg tråkka på fordi tradisjonsrike avdelingar har blitt nedlagde. Framandgjeringa blir forsterka ved «newspeak»-terminologien som blir brukt.

– Kva slags terminologi er det?

– Ein snakkar for eksempel om «transformasjon» og «gripbarhet». Ein innfører ein masse nye ord.

– Er det frå amerikansk militær terminologi?

– Ja, det er frå den amerikanske ideen om «Revolution in Military Affairs». Sidan den andre verdskrigen har ein tenkt i det same militære paradigmet heile tida. I løpet av 90-talet kom det i gang ein prosess i USA der ein byrja å tenkje heilt nytt. No har den prosessen nådd oss også. Derfor har ein også fått ein ny terminologi. No sit det folk i Forsvaret og strør om seg med desse uttrykka som få skjøner og det finst mange tolkingar. Dei snakkar om transformasjon, men kva er eigentleg det? «Gripbarhet» skal visstnok seie noko om kor lett der er å gripe om ein styrke og hive han ut i ein operasjon.

Tøffe tider

– Har Kristin Krohn Devold kontroll over denne omstillingsprosessen, eller er det dei militære som trekkjer i trådane?

– Dette er den største omstillingsprosessen i Noreg i dag. Mykje står på spel for svært mange personar, og for gamle og sterke institusjonar i Forsvaret. Forsvarsministeren skal ikkje berre fremje eigne planar og visjonar. Ho må også megle eller ta parti i alle desse interne stridane. Ho må òg ta vare på norske interesser i dei minst like dramatiske omstillingsprosessane i NATO og EU. På toppen av alt deltek norske styrkar i tre risikable operasjonar ute. Det har ikkje vore så vanskeleg å vere forsvarsminister på lang, lang tid, seier Ulriksen.



– Uklar forsvarspolitikk
SVs Stein Ørnhøi saknar ei klar line i norsk forsvarspolitikk. Og det uroar han at Krohn Devold ikkje tek nordområda meir alvorleg.


– Eg er veldig uroa for at ein skal gjere dette til eit spørsmål om Kristin Krohn Devolds personlege kompetanse. Konfliktane i og rundt Forsvaret handlar ikkje om kompetansen til Krohn Devold, men om valet av norsk tryggingspolitikk, seier SV-politikar og tidlegare stortingsrepresentant, Stein Ørnhøi.

Han saknar ein samlande tanke om kva norsk tryggingspolitikk skal vere. Ørnhøi seier det er grunnen til at konfliktane i Forsvaret er så tydelege no.

Del av USAs verksemd

– For Kristin Krohn Devold handlar norsk forsvarspolitikk om å vere ein del av USAs internasjonale verksemd. Vi skal stille med spesialkapasitetar, og som takk for det skal amerikanarane hjelpe oss når vi treng det. Det er resonnementet bak. Men det finst ein alternativ måte å forstå norsk forsvarspolitikk på. Den går ut på at Noregs primære ansvar er å halde ro og orden i eigne nærområde.

– Og det er den tradisjonelle tankegangen?

– Nei, nei. Det er ikkje den tradisjonelle tankegangen i det heile, det har ingenting med avspenning og kald krig å gjere. Noreg er ansvarleg for å forvalte eit av dei viktigaste energi- og proteinområda i verda, Nordsjøen og Norskehavet. Forsvaret har heile tida vore delt i dette spørsmålet. Den som best og tydelegast har formulert den alternative tryggingspolitikken, er tidlegare flaggkommandør Jakob Børresen. Han meiner at den viktigaste oppgåva til Forsvaret er å bruke ressursane til å skape stabilitet i sine eigne nærområde.

Fokus på nordområda

– Så det internasjonale engasjementet skal ikkje vere hovudfokuset?

– Det må ikkje vere hovudfokus, nei. Når FN ber oss om å sende styrkar til eit område, så har Noreg plikt til å bidra. Men 4,5 millionar menneske har meir enn nok med å halde ro og stabilitet i noko så vart som Norskehavet og Barentshavet. I dei siste åra har Norskehavet også blitt ein av dei viktigaste transportvegane for energi. Russarane skal no skipe ut store delar av energien sin langs norskekysten, seier Ørnhøi, som reagerer på at Krohn Devold vurderte å leggje Marinen til kai i heile haust.

– Du synest det som har skjedd med havflåten er alvorleg?

– Ja, eg synest det er dramatisk. Dersom vi kan ta pause i det norske forsvaret i eit halvt år, har vi ikkje behov for eit forsvar.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |