Dag og Tid nr. 36, laurdag 4. september 2004:
Bøker
Biografi som sjølvterapi?
Om det er Jørgen Sandemose som er den eigentlege hovudpersonen, kan heile biografien om faren kan hende lesast som ein plump variant av den maskeringskunsten som sonen meiner gjennomsyrer absolutt alt Aksel Sandemose har skrive?
BIOGRAFI
Jørgen Sandemose
Flyktningen. Aksel Sandemose - en biografi
Aschehoug
Eg er slett ikkje overtydd om at ein støtt blir så mykje klokare av å lese diktarbiografiar. Kan hende er det slik at ein får minst like god innsikt i eit menneskeliv historisk, eksistensielt, psykologisk om ein les fiksjonar. Ja, i mykje av den gode skjønne litteraturen trur eg òg ein ofte kan få innsyn i sjølve den litterære skapinga, korleis verket blir til, på ein heilt annan og privilegert måte enn det ein biograf, som skriv på fråstand og i ettertid, kan gi oss. Dette tyder slett ikkje at biografiar ikkje kan representere verdfull kunnskap, langt derifrå, men det tyder at vi kanskje bør reflektere over skilnaden mellom kunstskriving og sakskriving, og at ingen biograf kjem utanom fiksjonelle kunstgrep i si framstillingsform. Spørsmåla blir i kva grad biografen bruker slike kunstgrep, kor medvite dei er brukte i framstillinga og ikkje minst: kva for kunstgrep er det biografen «låner» frå fiksjonen?
Hovudpersonen
Når ein les nyare biografiar, skulle ein tru at idealet er realismens roman, strukturert etter den undsetske daningsromanens skjema og krydra med ein dose sosial- og/eller individualpsykologi. Biografien har slett ikkje halde takt med utviklinga i den sjangeren han låner grepa sinefrå, nemleg romanen. Når Jan Kjærstad kan skrive ein liksom-biografi om Jonas Wergeland og studere han frå alle baugar og kantar utan at livet hans går opp i ein sum med to strekar under, kvifor kan ikkje det same gjerast i biografien? Eller går livet opp i eitt fasitsvar hos en Hamsun, ein Undset eller ein Sandemose? Eg har lese to biografiar på rappen no. Den eine, som handlar
om Aksel Sandemose, kunne ein veldig grovt sagt formelt plassere innanfor det tradisjonelle, realistiske romanparadigmet, sjølv om den biograferte klart er ein modernistisk protagonist og sjølv skreiv nokre av dei viktigaste modernistiske romanane i norsk litteratur. Den andre, Knut Olav Åmås bok om Olav H. Hauge, låner heilt andre fiksjonelle grep frå romanlitteraturen i si eiga samtid, er slik meir på høgd med si eiga (post) moderne tid. Biografi er Se og Hør for dana folk, har det vorte sagt. Jørgen Sandemoses Flyktningen. Aksel Sandemose - en biografi stadfestar alle våre verste fordommar mot biografisjangeren. Her er det
dynelyfting, nye og pirrande avsløringar (på diskutabelt grunnlag) som langt overgår det ein journalist i kloakkpressa kan finne på. Etter vel 600 sider er ein ikkje ein gong sikker på om det er den biograferte eller forteljaren som er den eigentlege hovudpersonen i framstillinga. Men lesarvenleg er det, sjølv om det ikkje alltid er orden i forhold mellom makro- og mikronivå i teksten. Enkelte gonger blir heilt ny informasjon presentert i teksten som om han var introdusert tidlegare slik at lesaren er fortruleg med han. Lesaren derimot blir sitjande som eit stort spørjeteikn og lure på kor no nett dette kjem frå. Slike banale feil på det
tekstlingvistiske nivået kunne konsulenten ha gjort merksam på.
Ulike grep og biografisyn
I Hauge-biografien kjem kjeldene til orde, ei stemme får stå mot ei anna, ein synsmåte kan slå ein annan i hel. Alt går ikkje opp i ein rund sum, og det gjer vel sjeldan eit menneskeliv, korkje Hauge sitt eller vårt. Som forteljar er Åmås tilbaketrekt; her er ingen enkle slutningar om forholdet mellom diktar og dikting og svært få biografiske diktanalysar; det blir opp til lesaren å trekkje slutningane. Dei lesarane som saknar ein «sterk mann» til å lage hierarki i tekstane, dei som ikkje vil vere med å forme ut teksten sjølve, burde såleis vende seg til Jørgen Sandemoses biografi om far sin i staden. Her får dei nett det dei saknar i Hauge-bigrafien. Sandemose går salig Francis Bull ein høg gang når det gjeld å forklare livet til diktaren på bakgrunn av diktverk (og omvendt) utan at det problemet dette representerer er utgreidd i særleg grad. Rett
nok er det ein særdåm ved Sandemoses diktarskap at han har skrive mange halvsjølvbiografiske bøker, men di meir presserande er det å gjennomdrøfte problemkomplekset liv/dikt. Men kva meir er: Jørgen Sandemose er alt anna enn tilbaketrekt som forteljar. Stemma hans er rungande og påståeleg til stades gjennom heile det kronologisk ordna forløpet. Der Åmås lèt fleire stemmer sleppe til, er Jørgen Sandemose tradisjonelt monologisk. Slik sett er Jørgen Sandemose ikkje på høgd korkje med den modernistiske skrivemåten som kjenneteiknar diktarskapen til faren eller si eiga samtid. Forteljarposisjonen er olympisk allvitande, og held vi fram gudeanalogien: Jørgen Sandemose er òg den straffande og hemnande Gud som auser ut hat og forakt for far sin. At faren var ein psykopatisk djevel og at det finst ei rad med ugler i sandemosen, visste vi frå før. Og er den biograferte eit elitært fylle-svin, bigamist (to gonger), barne-, kvinne- og dyremishandlar, svindlar, systematisk løgnhals, sinnssjuk og fascistoid sadist med homoerotiske og pedofile trekk med ein viss sans for blodskam (for å nemne noko), kan det bli pirrande lesnad. At det kan vere naudsynt for Jørgen Sandemose å ta eit oppgjer med faren, kan ein forstå. Tallause utbroderingar av kjende og ukjende anekdotar krydra med hardkokt skrivestil kan likevel knapt vere naudsynt. Om det er Jørgen Sandemose som er den eigentlege hovudpersonen, kan heile biografien kan hende lesast som ein plump variant av den maskeringskunsten som sonen meiner gjennomsyrer absolutt alt faren har skrive?
Enkelt prosjekt
Det finst døme på at ein son kan skrive om far sin utan at det blir hagiografi. Olav Vesaas si bok om Tarjei kan vere eit døme på det. Det finst også døme på at det kan vere naudsynt for ein son å ta eit oppgjer med foreldra sine for å korrigere det offentlege glansbiletet folk har danna seg. Jan Myrdals bok om dei berømte foreldra sine er eit velkjent døme på dette. Men med Aksel Sandemose er det annleis. Alle i dette landet med ei viss litterær interesse veit at han var eit svin. Dei veit òg at dette heng saman med opplevingar i barndommens Jante (Nykøbing Mors) og på Newfoundland som ung sjømann, og dei veit at
Sandemose er ein psykoanalytisk orientert forfattar. Jørgen Sandemoses opplegg er i denne samanhengen såre enkelt: Han følgjer faren frå vogge til grav og les absolutt alt faren har skrive som maskeringar og utspaltingar av diktaren sjølv utan å tenkje på ulikskap i sjanger eller at dikting kan vere fiksjon. Alt blir ført attende til barndommen, og alt Aksel Sandemose har skrive, er i grunnen ikkje anna enn maskeringskunst «utformet av en mer enn allminnelig sinnslidende dikter» som det heiter ein stad om ein tekstpassasje i storverket Det svundne er en drøm.
Sjølve opplegget er altså enkelt nok, og skil seg slik sett ikkje ut frå måtar Sande-mose har vorte handsama på før i biografisk samanheng. Det som kanskje kan forseinke lesaren mellom dei saftige «avsløringane», er ei rad pussige innfall. Rett som det er blir små Kierkegaard-ekskursar presenterte utan at ein heilt skjønar kvifor. I tillegg er Jørgen Sandemose uvanleg oppteken av namneetymologi og namnesymbolikk, som i dei fleste tilfelle ikkje blir til noko anna enn underlege påhitt for å understreke meir eller mindre plausible teksttolkingar. Noko av dette kjem nok sikkert av det perspektivet og det forenkla tekstsynet biografen legg til grunn, men kan hende kjem det òg av at biografen sjølv også er kjelde utan fråstand til det han skriv om og utan den refleksjonen som ein slik fråstand kan gi? Min konklusjon blir iallfall slik, om det er Sandemoses dikting du er interessert i: I
Sandemose-året 1999 kom Jorunn Hareides Aksel Sandemose. Diktning som skjebne. Les den boka, men les aller helst En flyktning krysser sitt spor, Det svundne er en drøm og Alice Atkinson og hennes elskere. The essential Sandemose kunne ein kalle desse bøkene, og i omfang blir det ikkje stort meir enn den altfor omfangsrike biografien til sonen.
Ole Karlsen
|