Dag og Tid nr. 35, laurdag 28. august 2004:


Roald Helgheim:
Velferdsstat på akutten
Møtet med sjukehussenga var kort. Eigentleg var det ikkje snakk om innlegging i det heile tatt, berre ein dag på akutten på grunn av ein hissig infeksjon. Så der låg eg, eller snarare sat, mens eg venta på dei nødvendige undersøkingane. Det myldra av folk i mottaket, akkurat som i Akutten og Chicago Hope, men det var eit system i kaoset. Og opphaldet minte meg endå ein gong om kor enormt tolmodige og venlege folk i helsevesenet er, og om at ein berebjelke i helsevesenet er «våre nye landsmenn». Om det var legen, sjukepleiaren eller andre, var dei ofte av utanlandsk opphav, dugande og sjølvsikre i jobben som alle andre, slik vi møter dei på dei fleste samfunnsområde. Når eg no minnest snarvisitten på akutten, kjem det av den årlege rapporten frå Senter mot etnisk diskriminering (SMED), Underveis mot et bedre vern.

Presentert dagen etter Munch-tjuveriet, var timinga ikkje den beste, men vi som abonnerer på nyhendetenesta til bladet Utrop, blir oppdatert på slikt. At «vi fremdeles har etnisk diskriminering innenfor alle samfunnsområder i Norge», er inga oppsiktsvekkjande melding. Når det gjeld arbeidslivet, vitnar rapporten om eit tjukt lag av fordommar mot søkjarar med framand utsjånad. I katalogen over krav til søkjarar, tar språkkravet om «perfekt norsk skriftlig og muntlig» til ein som søkte jobb som truckførar, prisen. Men kva når pasientar på ein sjukeheim får problem med pleiarar av afrikansk opphav? Dagsavisen kunne denne veka fortelje om eit transportfirma som køyrer pasientar frå ulike delar av landet på oppdrag av Helse Øst. Rett som det er krev pasientar å bli køyrde av kvite sjåførar. «Folk ser på sjåfører og personer i serviceyrker som underrangs og tillater seg å være uforskammede, frekke og rasistiske», seier personalsjefen i firmaet. Det har blitt verre etter trikkedrapet. Ein sjåfør med eritreisk bakgrunn seier det går bra når han får snakka med folk. Det endar som regel med skryt for framifrå køyring.

Eit kapittel i SMED-rapporten handlar om fridommen til religionsutøving, inkludert gjengangaren om retten til å bere hijab på jobb. Det er eit interessant studium, ikkje minst på grunn av denne kommentaren: «Vår erfaring med de av arbeidsgiverne som tar kontakt med oss, er nærmest utelukkende positiv. Det er et ønske om å imøtekomme abeidstakerne.» For dei som vil vite noko om arbeidet mot diskriminering, som i røynda er ein avgjerande del av arbeidet for den integreringa alle snakkar om i dei politiske festtalane, framhevar rapporten også det positive, i ei tid då medium flest jagar berre etter konfliktstoff. Her er statistiske oversyn over saker til handsaming, kva senteret har gjort med dei, og kva det har ført til av resultat, om det har ført til noko. Eit viktig kapittel handlar om den løynde diskrimineringa på bustadmarknaden, med krav om både høgare depositum og høgare husleige til folk med minoritetsbakgrunn. Men det er i kapitlet om styresmaktene si handsaming av «de ureturnerbare», at rapporten råkar norske styresmakter i solar plexus.

Dei «ureturnerbare» er dei som har fått endeleg avslag på opphaldsløyve, og som ikkje har noko anna land å reise til som vil ha dei. Mange av dei har vore her i mange år. Dei lever ikkje i løynd, men staten prøver ikkje å transportere dei ut. Dei fleste er mellom 20 og 40 år, og brukar mange år på å kjempe for eit verdig liv. Eitt politisk parti har gjort framlegg om å gi dei amnesti. Jarn-Erna seier nei. Eit spesielt tilfelle av rettslause er flykaprarane som etter å ha sona straffa si, heldt på å etablere seg og bli integrerte i det norske samfunnet. Dei har no berre opphald i «tålt tid», og er gjort rettslause med eit pennestrøk. SMED skriv om «de ureturnerbare» at «det finnes ingen andre grupper i Norge i dag som på denne måten holdes utenfor velferdsstaten fordi de ikke gjør som staten sier».

Dei internasjonale menneskerettskonvensjonane gjeld alle. Ein stat kan ikkje velje seg ut ei gruppe som dei tek både menneskerettane og dei sosiale rettane frå, for å bli kvitt dei. I den europeiske menneskerettskommisjonen heiter det at «de høye Kontraherende Parter skal sikre enhver innen sitt myndighetsområde de rettigheter og friheter» som er fastlagde i konvensjonen. Difor har Norge nyleg blitt kritisert av konvensjonen. At dei som ikkje kan returnerast blir fråtekne sosiale rettar eller stønad, er også i strid med sosialtenestelova. Tenesta har som føremål å fremje økonomisk og sosial tryggleik, betre levekår for vanskelegstilte, og å førebyggje sosiale problem. Styresmaktene vil endre føresegnene slik at dei betre svarar til politiske målsetjingar i innvandringspolitikken. I dette tilfellet vil det seie å nytte påført sosial naud som pressmiddel for å få folk til å reise herifrå «friviljug». Fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar protesterer i ei høyringsfråsegn, og seier at rettane må vere «det universelle og grunnleggende sikkerhetsnettet i vårt samfunn». Frå før er det letta på teieplikta i helsevesenet når det gjeld asylsøkjarar.

Dette rike landet har sjølv merkt seg ut med det utrulege tiltaket å lage skrekkfilmar til vising i utlandet, om kor dårleg det går med folk som søkjer opphald her, for å skremme dei frå å kome. Om det er komisk i all sin absurditet, lærer SMED-rapporten oss ei alvorlegare lekse, om kor farleg det er å verkeleg tukle med dei grunnleggjande rettane våre, for å tekkjast nokre politiske mål som er opportune for tida. Ein vakker dag kan heile velferdsstaten hamne på akutten.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |