Dag og Tid nr. 35, laurdag 28. august 2004:
Atle Møen:
Den engstelege politikken
I ein lang barndom var menneska kua av heilage skrifter, kongemakt, standsherredømme og ein lunefull natur. Opplysningsfilosofien ville føra menneska ut av den sjølvpålagde barndommen, og gjera menneska myndige til å velja og skapa ei lysande framtid. Det var ein glad optimisme og menneska kunne klara alt, berre dei brukte fornufta.
I dagens samfunn finst ikkje lenger den glade innstillinga til framtida. Framtida er ikkje lenger open med gode utvegar, men heller full av trugande farar. Og mange har difor utvikla ei nostalgisk lengt tilbake til ei betre fortid. Den engstelege politikken prøver å unngå farane heller enn å fremja ein kollektiv fridom og kreativ forming av framtida. Det er dette som er den eigentlege postmodernitet, og slutten på Historia.
I Moralens genealogi hevdar Nietzsche at den fornemme moralen veks fram gjennom ein triumf, eit ja til seg sjølv, og eit ja til det skjønne, forgjengelege livet. Fornemme menneske har tru på at dei kan skapa noko av eiga kraft. Dei har eit lett tilhøve til livet, og dei er opptekne av å skapa noko nytt i framtida. Fortida er mindre viktig, og slike menneske har ei aktiv gløymsle over krenkingar og eventuelle farar frå andre. Fornemme menneske har eigentleg ikkje fiendar, og dei omtalar ikkje andre menneske som vonde, men som slette og simple.
Menneske med ein negativ og engsteleg slavemoral held seg i vigør gjennom ein innbilt hemn og gjennom å skapa seg sjølve i motsetnad til noko anna som er vondt og farleg. Dei snur det heile på hovudet, og byggjer seg sjølve ved å seia nei til noko utanfor seg sjølve. Det er ikkje om å gjera å skapa noko nytt gjennom eiga kraft, men å unngå at det farlege og vonde skal få innpass. Dei hemnlystne, med lite eiga kraft, har eit forstørra bilete om den absolutte vondskapen, og det som er farleg. Vi skal vera på vakt, både i politikken og i det private, når folk byggjer seg opp på å kritisera vondskapen til andre.
I verdspolitikken har den kalde krigen vorte avløyst av eit nytt verdssystem, og eit nytt verdsbilete. I USA, som elles har vanskar med å utvikla demokratiske framstegsprosjekt, har dei sentrert all politikk rundt krigen mot terror. Det finst ein absolutt vondskap utanfor den demokratiske verda, som har omdanna eit relativt trygt liv til eit liv i angst, redsle og uro. Prosjektet USA for eit nytt hundreår dreier seg om å kjempa ned den ytre faren, det er mindre klart kva Amerika kan byggja med eiga kraft. Dette er prototypen på den negative og engstelege politikken. Politikken vert utforma som eit nei til vondskapen, ikkje som eit ja til eit demokratisk fellesskap med kulturelt mangfald og materiell rettferd.
Denne negative politikken pregar også det vanlege ordskiftet om vanskelege problem. Eg har lagt merke til at folk som heile tida uroar seg over å få ulike sjukdomar, også er urolege for at andre menneske er vonde og trugande. Innimellom angsten for eigen skrøpeleg kropp høyrer vi klager over kor utrygt alt er vorte no med all innvandringa og kriminaliteten. Det engstelege mennesket er redd for ytre farar som ligg og lurer i framtida, og desse menneska seier ikkje ja til å skapa noko nytt i framtida. Det skrøpelege og kortvarige jordiske livet vert levd i angst overfor ein kropp i forfall, og redsle overfor andre menneske sine moglege valdelege utfall.
Denne engstelege innstillinga til livet og til andre menneske avteiknar seg i ein særskild politisk profil. Fram til ganske nyleg var hovudinnhaldet i politikken å byggja velferdsstaten med skular, trygdesystem og andre offentlege gode for alle. Det galdt å finna den rette blandinga mellom rettferdig fordeling og økonomisk effektivitet.
Den engstelege politikken er særskilt retta inn mot å byggja ut helsekontrollen og kjempa mot dei kriminelle, som altfor ofte er farlege immigrantar. Det er slett ikkje tilfeldig at dette er Framstegspartiet sine fanesaker, og at vi her finn det stormande sentrumet i mediepolitikken. I etterkrigstida var justisministeren ein anonym jurist, no er justisministeren den hyppigaste gjesten i fjernsynet. Å unngå sjukdom og verna seg mot dei framande og kriminelle vert det vesentlege innhaldet i livet og politikken.
Fleire og fleire diffuse lidingar vert omdanna til sjukdommar som vert lækte på sjukehusa. Det har vore ein enorm vekst i utgiftene til helsevesenet og sjukehusa. Før i tida gjekk folk til lækjaren når dei var sjuke, no går folk til lækjaren for å få konstatert at dei er friske. Og stadig fleire dårlege og urette handlingar vert, som Nils Christie har peika på, definerte som kriminelle handlingar. På 50- og 60-talet fekk ustyrlege gutar som slost i skulegarden kjeft av rektoren. I dagens samfunn vert dei same handlingane melde til politiet og definerte som kriminelle handlingar.
Livet er eit risikabelt føretak, men det nyttar ikkje å nøla. Og sjølvsagt er det viktig for politikken å skapa grunnleggjande tryggleik. Men det må også finnast ein meir kreativ politikk, som orienterer seg mot dei lysande utvegane i framtida. Det er viktig å verta absolutt moderne, på dette punktet. Vi treng både ein individuell og kollektiv fridom og kreativitet som er noko anna enn denne kampen mot vondskapen. Det er to hovudspørsmål i ein slik politikk: Korleis skal ulike menneske leva saman i toleranse, og korleis skal dei knappe ressursane fordelast på ein rettferdig måte?
Atle Møen
|