Dag og Tid nr. 35, laurdag 28. august 2004:


Klok på bok 676:
Alt er relativt
Alle har høyrt om ukjende avsendarar. Men eg, bror til Barrabas, er den ukjende mottakaren. Eg er kopplammet som gjekk der heime heile somrane, medan Barabass sprang til fjells og herda seg i leiken. Ingen tok meg alvorleg, men eg såg ting som dei andre sauene ikkje fekk sjå, eg las bøkene dei ikkje våga seg på. Og medan Barrabas var ute og spelte seg som vanleg, var det eg som opna posten hans denne veka. Der fann eg dette brevet frå Ingrid Lomholt, og eg let som om det var til meg:

«Hei Barrabas.
Her kjem eit dikt, som gjekk like til kjernen av meg:

Uventet møte
Vi er uhyre høflige overfor hverandre
forsikrer at det er hyggelig å møtesetter så mange år.
Tigrene våre drikker melk.
Haukene våre går på bakken.
Haiene våre drukner i vann
Ulvene våre gjesper foran det åpne buret.

Dette er skrive av den mest kjente kvinnelege poet i etterkrigs-Polen, Wislawa Szymborska. Hennes første bok, ‘That’s what we live for’, var stansa i 1948 av politiske grunnar, ho kom først ut i 52.

Vidare står det å lese at hennar karakteristiske kreative metode består i å starte med ein villedande enkel observasjon, for å ende opp med eit dikt strukturert som ei utruleg kompleks førestelling.

Kpb-diktet 674 kjem frå boka ‘Utsikt med et sandkorn’ og ‘Salt’ (62) av Szymborska og har tittelen ‘Ved vinen’.«


Slik skreiv Lomholt. Og for eiga rekning vil eg tilføye, i forlenginga av diktet: Men sauene brekar enno. Ja, det gjer vi. Og vi brekar velkomen til Torill på Myre:

«Hallo Barrabas! Etter mykje att og fram kom eg til at dette måtte vere Wislawa Szymborska, nobelprisvinnaren frå Polen. Eg kunne ikkje finne att den nynorske versjonen av diktet som du har brukt. Eg fann berre boka på bokmål, ‘Utsikt med et sandkorn’, dikt i utval av Ole Michael Selberg. Først då eg hadde bladd igjennom heile boka for andre gong skjøna eg at du hadde lurt meg trill rundt. Diktet heiter ‘Ved vinen’ på bokmål og ‘Przy winie’ på polsk for dei som kan det, og er heilt annleis enn i nynorsk språkdrakt. Det er frå ei tidleg samling
Salt (Sól) frå 1962, 10 år etter debuten.
 
Ved vinen
 
Øynene hans skjenket meg skjønnhet,
og jeg tok imot den som min.
Lykkelig svelget jeg stjernen.

 
Ikkje godt å seie kva som er ‘best’, men dikt på nynorsk kling oftast best i øyra mine.»

Ja, slik er det her hos meg og Barrabas òg, nett slik, ikkje annleis. Og tru meg: Vi er usamde om mykje, men klang forstår vi oss på. Premien denne veka går til Torill!

Den evigkloke Gunder Runde vel denne gongen å leggje vekt på ting han ikkje veit, uvisst av kva grunn:

«Det er ikkje mykje eg veit om den polske lyrikaren Wislawa Szymborska, bortsett frå at ho er busett i Krakow (nydeleg by!), og at ho fekk Nobelprisen i litteratur i 1996. Dag og Tid hadde forresten intervju med henne ikkje så lenge etterpå.

Ho er beskjeden og sky, og har vorte kalla ‘poesiens Greta Garbo’ av same grunn (veit ikkje om ho bruker svarte solbriller).

Såvidt eg minnest var det ei viss fortviling i avisredaksjonane rundt om i verda då ho fekk Nobelprisen på grunn av manglande kunnskap om henne, og mange avgrensa seg av den grunn til å  sitere Svenska Akademiens grunngiving for tildelinga av prisen: ‘...för en poesi som med ironisk precision låter det historiska och biologiska sammanhanget träda fram i fragment av mänsklig verklighet...’

Sjølv er eg svak for opningslinjene i diktet ‘Fire om morgenen’:

‘Ingen føler seg vel/klokken fire om morgenen...’

Diktet som Barrabas siterer frå heiter ‘Ved vinen, og er omsett av Arnljot Eggen og Martin Nag
», skriv Gunder den glupe.

Noko må det vere med orda til Szymborska som gjer at sitata sit laust hos dykk, klokingar.

Klok på bok 676:


Desember 1961

I en tom salet sted synger broren min fortsatt. Stemmen hans har ennå ikke stilnet. Ikke helt. Inntrykket henger fremdeles igjen i rommene han sang i; veggene har smilehull etter klangen av stemmen hans, i påvente av at en fremtidig grammofon skal bli i stand til å avspille dem.

Denne omsetjinga er så fersk at det ryk av ho. Forfattaren kjem frå Illinois i USA, men nett denne veka har han vitja den norske vestkysten, Og boka han no kjem med på norsk er ein stor song som strekkjer seg over 845 sider. Kall ho gjerne ein svart tragedie.

Send svara dykkar, de som kan, til klok@dagogtid.no, til Klok på bok, Dag og Tid, Pile-stredet 8, 0180 Oslo, eller til faksnummer 22414210. Syng ut!
Bror til Barrabas

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |