Dag og Tid nr. 35, laurdag 28. august 2004:
Film:
Fahrenheit-effekt blant unge
Aldri før har ein dokumentarfilm spelt inn så mykje pengar. Og aldri før har ein politisk dokumentar fått så mykje merksemd. Men kan Fahrenheit 9/11 kaste George W. Bush ut av Det kvite huset?
Bente Kalsnes
bente@dagogtid.no
Sidan den amerikanske premieren i slutten av juni har Michael Moores Fahrenheit 9/11 drege inn 163 millionar dollar (1,1 milliard NOK) på verdsbasis. 71 prosent av pengane kjem frå amerikanske kinogjestane. Og som om det ikkje skulle vere nok, er Moores førre film, Bowling for Columbine, ein god toar på Box Office Mojo si ranking over dei mest lukrative dokumentarfilmane i historia. Men om Fahrenheit 9/11 gir pengar i kassa til Moore, er det framleis uklart om filmen hans kjem til å påverka det amerikanske presidentvalet 2. november i år.
Eg trur nok filmen hadde hatt større innverknad på valet om han hadde hatt amerikansk premiere seinare. Eg trur ikkje Moore meinte at Fahrenheit 9/11 skulle vere ein kampanjefilm, men det har han blitt. Han har allereie påverka agendaen i valkampen, seier Diana Owen, professor i statsvitskap ved Georgetown University i Washington, DC.
Ho har spesialisert seg på valdeltaking, politisk kultur og massemedia, og har følgt oppstyret rundt Michael Moore nøye.
Moore påverkar dei unge
Owen trur Fahrenheit 9/11 vil ha størst innverknad blant dei yngste veljarane.
Sjokket og alt oppstyret rundt filmen kom litt for tidleg til å kunne påverke valet direkte. Men han tok opp tema som fekk folk til å tenkje på krigen og konsekvensane av den. Unge som gjekk og såg filmen, er truleg mindre villige til å stemme på Bush, og Kerry gjer det veldig godt blant unge veljarar. Unge er i større grad påverka av filmen enn eldre, seier Owen.
Ei meiningsmåling frå Newsweek denne veka støtter opp om det Owen seier. Blant registrerte veljarar under 30 år seier 50 prosent at dei føretrekkjer den demokratiske kandidaten, John Kerry, framfor 40 prosent som støttar George W. Bush.
Owen hevdar at filmen sette dagsorden på den menneskelege sida av krigen. Michael Moore viste likposar og kister frå krigen i Irak som styresmaktene ville skjule. Amerikansk presse følgde opp med fleire historier.
Moore viste oss også amerikanske familiar som sender barna sine ut i krigen og kva dei gjennomgår.
Og det hadde ein sjokkeffekt?
Heilt klart. Som ein konsekvens mobiliserte den andre sida, republikanarane, så sakene til Moore har halde fram å vere på dagsordenen. Republikanarane hadde ikkje mange prov på at han tok feil, sjølv om han har strekt sanninga her og der. Han bruker overdriving og sjokk for å få fram poenga sine, for han er trass i alt ein filmprodusent. Særleg den scena med familien i Flint som har bidrege med soldatar i fleire generasjonar og no mistar ein son i Irak, var effektfull. Til og med folk som var for krigen, blei påverka av den historia, seier Owen.
Det at Moore er populær blant dei unge, kan vel også forklarast med at han lagar ein film som liknar det ein ser på MTV?
Heilt klart. MTV-stilen held på merksemda til dei unge; korte filmklipp, kul musikk og ein slags gonzo-journalistikk. Og dei snakkar om filmen.
Meir på spel
Akkurat no handlar den amerikanske valdebatten om John Kerry, demokratane sin kandidat, var ein krigshelt eller ikkje. Dei siste månadene har Michael Moore-filmen vore vekke frå agendaen, men Owen ser for seg at Moore får meir merksemd når han kjem ut med to nye bøker like før valet i november.
Pressa vil nok dekkje det, men det blir ikkje like enkelt å skulle få folk til å lese bøkene som å lokke hundretusenvis til kinosalen.
Du snakkar om korleis unge veljarar blir påverka av Moore. Kor mange av dei under 25 år stemte ved val sist val?
Dei utgjer omtrent 20 prosent av dei med røysterett, og i 2000 var det berre 35 prosent av dei som stemte.
Det er stygge tal.
Ja, det er det. Men i år har fleire unge registrert seg, og fleire svarer i meiningsmålingar at dei skal stemme. Ein forventar større oppslutnad blant dei unge, men det står att å sjå på valdagen.
Er det fordi meir står på spel i dette valet?
Eg trur det. Mange ser at det er dei som må delta i ein krig som ikkje tek slutt. Militæret tek til å gå tomt for folk som frivillig vervar seg til teneste. Dei kjenner folk som har reist til Irak, og er redde dei kan bli sende dit sjølve. Dei fleste av våre RPC (soldatar som har verva seg til teneste for å få dekt universitetsutdanninga, red. merk.) på Georgetown, har faktisk blitt sende til Irak. Til og med universitetsstudentar ser at vennene deira blir sende over dit. Ting dei ser på filmar og opplever i røynda kjem saman.
«Spoileren» Nader
Ser konservative republikanarar også denne filmen?
Høgt profilerte republikanarar har gått og sett han, for så å kritisere han. Dei følte dei måtte gå og sjå filmen. Då han hadde premiere, var det eit vilt køyr etter å sjå han, og journalistar stod utanfor kinosalane og prøvde å få kommentarar frå republikanarar etter filmen.
Eg har lese at Michael Moore denne gongen ikkje skal støtte Ralph Nader, som han gjorde i 2000, men stemme på demokratane for å forsikre seg om at dei ikkje tapar ein gong til.
Det stemmer. Ralph Nader blir berre kalla ein «spoiler», ein veljaren kastar bort stemma si på. Mange av dei som stemte på Nader i sist val, stal stemmer frå Gore, som igjen førte til at Bush vann i 2000. Mange seier dei skal gjere som Moore, så eg trur ikkje Nader-effekten blir så sterk i dette valet, seier Owen.
Sinna Fahrenheit-mann
Forfattaren til romanen bak den første Fahrenheit-filmen rasar mot Michael Moore, men kvifor?
Roald Helgheim
roald@dagogtid.no
Fahrenheit 451 var Francois Truffauts filmatisering av framtidsromanen med same namn, skriven av Ray Bradbury. Den no 84 år gamle forfattaren rasar mot Michael Moore, og sa til den svenske avisa Dagens Nyheter i sommar at «Moore är en korkad skitstövel». Bakgrunnen er at Moore etter det Bradbury seier har plagiert tittelen hans utan å spørje om lov.
Fahrenheit 451 er den temperaturen papir har når det tek fyr, og romanen, som blei filmatisert i 1966, skildrar eit samfunn der brannvesenet ikkje rykkjer ut med vanlege brannslangar, men flammekastarar. Bøker er forbodne, og blir brende på bål. Oskar Werner spelar hovudrolla som brannmannen Montag, som kjem i samvitskval over det han gjer, særleg etter å ha møtt den unge kvinna Clarisse. Ho blir spela av den vakre Julie Christie (som i ei dobbeltrolle også spelar Montags sjukelege ektefelle, som berre ser på dårleg fjernsyn).
Han byrjar å smuglese bøker han er sett til å brenne. Langt ute i øydemarka møter han og Clarisse «the book people»; ein koloni forhutla menneske som går rundt og memorerer klassikarar frå verdslitteraturen, for å kunne overlevere dei munnleg til kommande slekter. Det er ein orwellsk skrekk-visjon med glimrande skodespelarar, ikkje minst Cyril Cusack som kaptein for brannkorpset til Montag. Han er sjølv ein vellesen mann, men hatar både bøker og dei som vil lese dei.
Bradbury er ikkje så oppteken av sjølve filmen som på tjuveriet av tittel, men han ser på Moore som ein useriøs politisk demagog.
Ingen kjem til å sjå filmen hans. Han er så godt som stein død alt, sa Ray Bradbury i juni.
Melding:
Moores ville ritt
Michael Moores Cannes-vinnar Fahrenheit 9/11 er ingen vanleg dokumentarfilm. Men det er stor propaganda.
FILM
Fahrenheit 9/11
Regi: Michael Moore
USA 2004
Han har kryssa den grensa som ingen dokumentarfilm har passert før i USA, med ei omsetjing på 100 millionar dollar. Han er forboden i Kuwait, ikkje fordi han fornærmar USA, men den gode grannen Saudi-Arabia. På Cuba har han gått sin sigersgang på alle kinoane og i fjernsynet. Filmen vert prisa opp i skyene eller dømd nord og ned, alt etter ståstad. Men han er likevel verst for president Bush. For same kor demagogisk han er i forma, råkar han den amerikanske presidentskuta midtskips.
Mellom dei sterkaste scenene i filmen er der Michael Moore har fått soldatar og familiane deira i tale, som meiner Bush har lurt dei ut i krigen. Sterke er også scenene der dei som skal verve nye soldatar konsekvent oppsøkjer dei fattige og farga, dei som har minst håp om ei anna framtid. Det er stilt opp mot at ingen av politikarane Moore og teamet hans går på, ville sende sønene eller døtrene sine ut i krigen.
Opne dører
Ein rasande kommentator i den danske avisa Politiken skriv under tittelen En gennemført løgnaktig film at Michael Moore sparkar inn opne dører. Men å sparke inn opne dører er ikkje å lyge. Det er heller å fortelje gammalt nytt. Ei avis kallar han «Banal kritikk, mesterlig montasje». Det er «banalt», det vil seie gammalt nytt når filmen mellom mykje anna viser at krigen mot Irak var basert på systematiske løgn frå Det kvite huset. Eit halvt år etter at filmen vart laga, er dette dokumentert til endå meir overmål av den amerikanske 9/11-kommisjon. Og Michael Moores glimt frå nedverdigande handsaming av krigsoffer er ingenting mot bileta frå Abu Ghraib. Men kor mange hugsar at president Bush først laga ein eigen granskingskommisjon, styrd og kontrollert av han sjølv?
Valkuppet
Filmen startar med det avgjerande valkuppet i Florida i 2000, styrt av broren til presidenten. Bushs kampanjeleiar i staten er involvert som kontrollør. At demonstrasjonane mot påstått valfusk var så store at presidentkortesjen køyrde spissrot til innsetjingsseremonien i Washington, er ei sterk opning. Taparen Al Gore, som då var fungerande visepresident, måtte presidere over kommisjonen som skulle godkjenne valet.
Han klubba ned alle utsendingar som kom med protestar frå valkrinsane sine for dei mangla den eine påkravde underskrifta frå ein senator. Ingen senator ville risikere namnet, og som ein av klagarane til slutt seier: I dont give a damned.
Slik er starten på ein film der bulldozaren Moore brøyter seg inn i alle politiske og økonomiske hopehav, inkludert dei med bin Laden-familien som vart spesialflogne ut av landet før støvet hadde lagt seg etter Twin Towers. Sekvensen om korleis Bush på skulebesøk framstår som ein vaklande og usikker person, i dei avgjerande minutta etter at han fekk vite om terroråtaket, er uhyggeleg og nifst godt laga. Moore er «inkonsekvent» i å kritisere den manglande innsatsen i jakta på bin Laden i Afghanistan, samstundes som han framstiller krigen der som eit felttog for å sikre eit strategisk oljerør gjennom landet. Han er patriot og samfunnsstormar i same person. Han er ein demagog av rang. Han er Michael Moore.
Roald Helgheim
|