Dag og Tid nr. 35, laurdag 28. august 2004:
Bøker:
For mykje, for tett
Kva det er som driv eit menneske til å bli
terrorist, er eit av spørsmåla Bergljot Hobæk Haff stiller i den nye boka si. Eit imponerande verk, men romanen er for tett for så mykje kjelde-materiale.
ROMAN:
Bergljot Hobæk Haff:
Attentatet
Gyldendal
I 1881 blei den russiske tsaren Aleksander den andre drepen ved eit attentat utført av ei revolusjonær terrorgruppe som kalla seg Folkeviljen. Det er dette attentatet den snart 80 år gamle Bergljot Hobæk Haff skriv om i den siste romanen sin, Attentatet.
Bergljot Hobæk Haff debuterte i 1956 og har skrive ei rekkje romanar. Ho har motteke dei viktigaste litteraturprisane i dette landet, og for romanen Skammen (1996) blei ho innstilt til Nordisk råds litteraturpris. Romanen Den evige jøde frå 2002 blei ein stor kritikarsuksess. Ho er rekna som ein av dei største forfattarane i sin generasjon, og fordi ho ikkje tilhøyrer noko bestemt straumdrag i norsk litterær tradisjon, blir kvar bok ho skriv, motteken med spenning. Ho er ikkje historikar, men skriv likevel oftast rundt historiske tema, med stor innleving i personskildringa. Årets roman er ikkje den første ho legg til eit russisk miljø. I 1983 gav ho ut romanen Jeg, Bakunin, som gir eit kraftfullt og personleg portrett av den russiske filosofen og anarkisten Mikhail Bakunin.
Attentatet er ei varsla forteljing om ein tragedie. Boka er delt inn i fire bolkar, og kvar bolk blir litterært iaugefallande innleidd med eit kor. I likskap med dei greske tragediane gir dei eit resymé av det som skal skje. Prosjektet til Haff er altså ikkje å skapa spenning rundt hendingsgangen i romanen, men å undersøkja kvifor ting skjedde slik dei skjedde. Denne romanen stiller store moralske og eksistensielle spørsmål: Kva er det som driv eit (elles skikkeleg og heiderleg) menneske til å bli terrorist? Kan drap rettferdiggjerast?
Det handlar om to unge medlemmer av terrorgruppa Folkeviljen, dei to studentane Andrej Zjeljabov og Sofia Perovskaja, som i 1881 blei dømde til døden for medverking til drapet på tsar Aleksander den andre. Sofia Perovskaja skal ha vore den første kvinna som blei hengd i ein russisk galge. Romanen skildrar utviklinga fram mot attentatet frå Andrej si side, så frå Sofia si. Ho er dotter av ein rik og despotisk gods-eigar, han er son av ein liveigen bonde. Uavhengig av kvarandre utviklar dei ein sterk sympati for ei rørsle som arbeider for den russiske allmugen, og det er i denne rørsla dei tilfeldigvis møtest og etter kvart utviklar kjærleik for kvarandre.
Innleiingsvis, i det første koret, kallar Haff dei to hovudpersonane sine for «Folkeviljens Romeo og Julie». Men sjølve kjærleiksforholdet mellom Sofia og Andrej har relativt lite å seia; det handlar her om ein vilje til forandring som først gir seg utslag i ei oppbyggjeleg, samfunnsnyttig verksemd, men seinare utviklar seg i destruktiv retning. Det handlar om maktmisbruk og motstandskamp. Det handlar om ein vanskeleg, ja farleg, erkjenningsprosess. Og i denne romanen, som i dei andre romanane sine, markerer Bergljot Hobæk Haff seg som anarkist, ein tydeleg kritikar av all form for maktutøving.
Romanen byggjer på historiske fakta og handlar om personar som har eksistert i røynda. Likevel er denne boka eit diktverk. Haff tek i bruk fleire forteljarstemmer for å skildra tidsalderen til terroristane, og romanen er full av namn, detaljar og målande opplevingar som gjer forteljinga truverdig. Forteljargrepet kan minna om ei russisk matrusjkadokke: Forteljinga inneheld ei forteljing som inneheld ei forteljing som inneheld ei forteljing, og så vidare.
For denne lesaren var romanen mest interessant i starten, der Haff si skildring av Sofias barndom og oppvekst var som eit gammaldags eventyr å lesa. Sidan blei forteljinga for springande, det dukka opp for mange namn; det blei vanskeleg å halda oversikta. Nokre av forteljargrepa, som når dei to hovudpersonane skriv sine eigne nekrologar, var for kløktige. Romanen blei nok opplevd som imponerande, men likevel meir enerverande enn inntrengjande. Han kom ikkje nær nok til at skal fall frå augo og ny erkjenning oppstod. Han var ikkje fjern og eksotisk nok til at ein blei sitjande forundrande med fingeren i munnen. Romanen, med sine 257 sider, er rett og slett for trong til så mykje kjeldemateriale, og til heile to tragiske lagnader. Det gjekk ut over min empati for dei to hovudpersonane, som til slutt gjekk i døden utan at ei tåre blei felt.
Nøste Kendzior
|