Dag og Tid nr. 34, laurdag 21. august 2004:
Essay:
Susan Sontag i eige bilete
«I dei siste tiåra har det engasjerte fotografiet gjort minst like mykje for å døyve samvitet som for å vekkje det», skreiv Susan Sontag i boka Om fotografi i 1977. I den nye boka Å betrakte andres lidelse går ho delvis i rette med seg sjølv.
Roald Helgheim
Dei to bøkene kjem denne hausten på norsk på Pax Forlag. Regarding the Pain of Others, som originalen til den siste heiter, vart meldt her i avisa i mars. Når begge kjem på norsk, er det eit godt høve til å samanlikne to bøker som er viktige milepålar i forfattarskapen til Sontag. Om fotografi var eit klassisk essay frå romanforfattaren, filmkunstnaren, teaterregissøren og essayisten som framleis er ein av dei skarpaste samfunnsdebattantane i USA. Sidan ho på sekstitalet skreiv Against Interpretation og andre essay, har Sontag skrive om sjukdom som metafor, om aids som metafor, og talrike andre essay. Å betrakte de andres lidelse kom etter terroråtaket 9. september 2001. Men den hendinga står ikkje sentralt i boka. Terroråtaket og krigen mot
Irak etterpå har ho uttrykt seg kvassare om i andre artiklar, som når ho før støvet hadde lagt seg over New York, gjekk i rette med det kujonbildet som vart måla av dei nye terroristane. Same kva ein kan seie om dei som flaug to fly inn i World Trade Center, kujonar var dei ikkje, skreiv ho i ein artikkel som plasserte henne på indeks i mange tonegjevande medium for ei tid.
Å nyte terror
Det siste store essayet av i år var What have we done, der Susan Sontag ikkje berre skreiv om å sjå på andre si liding, men om det mest uhyrlege: Det grufulle i bileta kan ikkje skiljast frå det verkeleg grufulle at gjerningsmennene poserer smilande og hånande saman med offera sine, skreiv Sontag. Om det ikkje er noko nytt ved denne typen bilete, så er dei heller sjeldne. Under den andre verdskrigen tok tyske soldatar gjerne bilete av ugjerningane sine på austfronten, i Russland eller Polen, men bilete der eksekutørane poserer attmed offera, er faktisk sjeldne. (Eit endå sjeldnare bilete er det som vart teke av ein tysk soldat, då eit medlem av ein eksekusjonspelotong i Jugoslavia kasta geværet
i protest, og stilte seg opp saman med partisanane som skulle skytast vist i boka Frys vellykket nedfrysing av herr Moro).
Parallellen til posørane som hånar offera sine, er fotografi tekne av svarte amerikanske lynsjeoffer, fotograferte saman med smilande, vanlege amerikanske borgarar under lynsjetreet, som om den hengde var eit jakttrofe.
KZ-bileta
Diskusjonen om kva gruoppvekkjande fotografi eller bilete gjer med den som ser på det, er like gammal som fotografiet sjølv. All den gruen vi har sett på bileta frå Holocaust, på film eller foto, kva gjer det med oss? Då Claude Lanzmann laga den ni timar lange dokumentarfilmen Shoah, var det ikkje ein einaste likhaug eller andre groteske bilete å sjå. Det var den nitide dokumentasjonen ned til minste detalj, henta frå folk frå begge sider, over kor nøye det industrielle massemordet var organisert, som var så sterk, og gjorde Shoah til ein av dei sterkaste Holocaust-filmane som er laga.
Fotoøkologi
I Om fotografi skriv Sontag: «Fotografi sjokkerer i den mon dei viser noko nytt. Uheldigvis blir innsatsen høgd heile tida delvis gjennom det aukande tilbodet av slike fryktelege bilete. Den første konfrontasjonen med den fotografiske framstillinga av det verst tenkjelege er ei slags openberring: ei negativ openberring. For meg var det fotografia frå Bergen-Belsen og Dachau som eg tilfeldigvis fann i ein bokhandel i Santa Monica i juli 1945. Ikkje noko av det eg har sett på fotografi eller i det verkelege livet har nokon gong hogge i meg så kvast, så djupt, med det same», skriv Sontag. Ho kan dele opp livet sitt i to, tida før og etter denne opplevinga, då ho berre var tolv år gammal.
Men ho konkluderer boka med at utviklinga av fotografiet praktisk talt har avplatonisert forståinga vår av røyndommen, «gjort det mindre og mindre rimeleg å reflektere over kva vi opplever i høve til distinksjonen mellom biletet og det avbilda, mellom kopi og original». Men bilete er også verkelege, og ettersom det blir meir og meir av dei, fins det eit botemiddel som heiter miljøvern. «Om den verkelege verda skal kunne omfatte biletverda på ein betre måte, krevst det ein økologi, ikkje berre for verkelege ting, men også for bileta av dei».
Mot seg sjølv
I den siste boka polemiserer ho mot sin eigen resept. Det kjem aldri til å bli nokon «økologi» i biletbruk. Ingen vaktarar er der for å utporsjonere graden av skrekk for å halde oppe evna til å la seg sjokkere. Og ikkje noko tyder på at skrekken minkar. Det synet Sontag fremja i den første boka, at evna vår til å reagere like sterkt kjenslemessig og etisk blir øydelagd av den aukande spreiinga av vulgære og opprørande bilete, kallar ho ein konservativ kritikk. I denne samanhengen kjem ho med saftige spark mot estetar som Baudrillard, som meiner bileta og ikkje røyndomen er det som gjeld, og mot slike «distinguished day-trippers to Sarajevo» som André Glucksmann, som meinte
krigen ikkje ville bli vunnen eller tapt på grunn av det som hende i Sarajevo eller Bosnia, men av det som hende i media.
«Å snakke om at røyndommen blir til eit syn (a spectacle) er provinsialisme til å miste pusten av», skriv Sontag. Det er absurd å identifisere verda med dei områda i dei velståande landa der folket har det privileget å vere tilskodarar, eller kan stige ned til å bli tilskodarar til andre si liding, skriv ho. På same måte er det absurd å generalisere om andre si evne til å reagere på andre si liding, med dei nyhendekonsumentane til målestokk som ikkje har førstehands kunnskap om krig, massiv urettferd og terror. Det er hundrevis av millionar fjernsynssjåarar som er langt frå å vere herda mot det dei ser. Dei har ikkje den luksusen det er å kunne heve seg over røyndommen.
Til og med Baudelaire
Her er Sontag på det mest polemiske, i ei bok som likevel ikkje er mindre problematiserande når det gjeld kva (avskrekkande) verknad biletet kan ha. Heilt sidan kameraet vart oppfunne, har det hatt døden som selskap. Men tidene har endra seg sidan dei første fotografia frå krigsslagmarka, bilete det var så omstendeleg å ta at dei sjeldan dokumenterte krigens gru på nært hald.
Først etter første verdskrigen vart krigsfotograferinga revolusjonert gjennom lettare utstyr. Men også før fotografiet si tid vart det skrive indignert om alt det fæle som stod i avisene. Som i 1860, då Baudelaire skreiv:
«Det er umogleg å bla gjennom ei einaste avis, same kva dag, månad eller år, utan på kvar line å finne dei mest skremmande spor etter menneskeleg perversitet. Kvar einaste avis, frå første til siste line, er ikkje anna enn ei opphoping av gru. Krigar, brotsverk, tjuveri... dei vonde gjerningane til prinsar, nasjonar, einskildpersonar; ein orgie i universell gru. Og det er denne vemmelege apetittvekkjaren det siviliserte menneske dagleg skyl med morgonmålet med.»
|