Dag og Tid nr. 34, laurdag 21. august 2004:

Roald Helgheim:
Forfylla alkoholdebatt

Statsministeren er ein dust, seier to middelaldrande venninner på veg til Kiel-ferja til Dagbladet. Dei skulle returnere dagen etter med bagen full av det norske kvotar gir lov til. Ei flaske sprit og ditto vin. Dei tykkjer kvotane kunne vore mykje høgare, sjølv om kvotane innan EU, på ti liter sprit, 20 liter sterkvin, nitti liter vin og 110 liter øl, er i meste laget! Ein mellomting hadde vore bra, seier dei. På spørsmål om dei er samde med statsminister Bondevik, som vil ha ein felles nordisk alkoholfront mot å redusere alkoholavgifter av omsyn til helse og velferd, svarar dei: «Nei, han er en dust, vi har nok avgifter i dette landet».

Eg veit ikkje om kjøp av billeg alkohol var det einaste føremålet med turen. Medrekna reisa blir det jo mykje dyrare enn norske polvarer uansett, men det er meir spennande enn å stå i ei norsk polkø. Og ingenting er som å rase mot norske alkoholavgifter. I EU-Sverige har alkoholavgiftene vore i fritt fall, og meir skal dei falle dersom eit nytt framlegg går gjennom. I fjernsyn har vi sett söta bror lande etter turar til Baltikum eller andre hamner, trillande på noko som liknar på pallar eller billass med alkohol. Fell avgiftene med nye 40 prosent, vil det alkoholpolitiske bildet av den meir og meir forfylla grannen i aust endre seg endå meir dramatisk. Talen frå alkoholforskarane om alle alkoholskadane er klar, men det prellar ofte av når spriten er i det politiske ordskiftet. Ein feriekveld skulle det vere slik debatt i underhaldningsprogrammet Sommeråpent. Emnet var samanhengen mellom norske alkoholprisar og at folk drakk seg i hel på tresprit. Meir enn eit dusin dødsfall på grunn av metanol det siste året var utgangspunkt for det som ikkje var ein kriminaldebatt, men ein diskusjon om norske brennevinsprisar. Ei velmeinande, snill kvinne frå KrF vart send i ringen mot ein hissig Frp-mann, med utsikt til å score billege poeng hos publikum på Aker Brygge.

Vi veit at partiformann Hagen ikkje går attende for å gjere statsministeren personleg ansvarleg, fordi han fører ein så liberal innvandringspolitikk, når ein drapsmann i Norge har utanlandsk bakgrunn. Hagen heldt munn etter trikkedrapet i Oslo. Men det er mest folk med innvandrarbakgrunn som køyrer drosjer i Oslo-området. Ein av dei vart nyleg drepen av ein kvit ung mann frå Bærum. Mangelen på politisk interesse for dette mordet, samanlikna med trikkedrapet, er slåande. Men attende til alkoholen. I Sommeråpent låg det både i Frp-korta og i måten programleiaren spela opp ballen på, at norske alkoholprisar har skulda for metanoldøden. Men smugling av sprit har det då alltid vore. Kven si skuld er det at det var metanol i spriten? Spritprodusenten og seljarane hans, eller norsk alkoholpolitikk? Svaret er like enkelt som det er logisk, men all logikk blir borte i spritdunsten når emnet er alkohol. Her er det ein allianse mellom det vulgære høgre, det danna høgre og populistar langt til venstre for den politiske midtstreken.
I desse dagar er alkoholen også i sentrum for ein politisk dragkamp som har spissa seg til etter utsiktene til endå meir avgiftssenking over Kjølen. KrF har sett foten ned, Erna Solberg og Høgre er synleg usamde, men dei har ikkje noko val. Men kvifor er det viktig å setje ned alkoholavgiftene? Kven er det av omsyn til? Det blir ikkje mindre drikking av det, men meir. Er det bra om folk drikk meir?

Det siste spørsmålet kan vi stille uavhengig av om folk heller i seg smuglarsprit eller polsprit, og forskingsresultata er ikkje til å ta feil av. Folkehelseinstituttet i Sverige meiner at den prisreduksjonen det er gjort framlegg om, vil auke forbruket med 7-8 prosent, og røynslene viser at talet på alkoholskadar aukar endå meir. Den utrøyttelege Hans Olav Fekjær slår fast at all tru på at ein kan senke alkoholprisane utan at forbruket går opp, er ønskjetenking. Blir prisane senka drastisk, er det ungdommen det går mest ut over. Alle veit at det som avgrensar fyll blant ungdommen, er pengar. (Salet av rusbrus har stupt etter at drikken vart pålagd auka avgift). Fekjær avviser også at aukande grensehandel på alkohol er eit stort problem. På det meste utgjorde alkohol kjøpt i Sverige fire prosent av forbruket i Norge. No er det truleg under tre. Likevel blir grensehandelen eit av dei mest søvngjengaraktige argumenta som går att i all norsk prisdiskusjon. At prisskilnad land imellom fører til ein viss grensehandel er ein sjølvsagd ting, og er ikkje til skade for nokon. Likevel har også dette blitt ein del av det populistiske hysteriet, og ein gjengangar i grensereportasjar, sjølv om bileta av stupfulle nordmenn på skjærtorsdagstur austover blir meir og meir pinlege for kvart år. No er det svenske spritprisar mot norske prisar som lyser ut av avisdiagramma.

Standpunktet mitt botnar ikkje i noko fråhaldspolitisk prosjekt, men i helsegrunnar, fornuft og fakta. Dessutan kjenner eg eit sterkt opprør mot den mest fordummande, stutumaktige og lett gjennomskodelege alkoholargumentasjonen. I eit land der det særleg i hovudstaden blir snakka om null toleranse når det gjeld narkomane, tiggarar og andre på samfunnsbotnen, vil politikarar i fleng ha lågare prisar og opnare kranar, endå det påfører samfunnet det mangedobbelte av skadar. Eg ville ikkje felle ei tåre om den skattefrie fly- og båtspriten blir borte. Det er ein leivning frå ei anna tid. Medieopphaussinga av alkoholprisane er alt saman del av ein type forbrukarhysteri og egofiksering, styrt av dei velståande og minst elendige i dette rike landet. Og dei prøver å skuve massane føre seg i eit usmakeleg opptog.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |