Dag og Tid nr. 34, laurdag 21. august 2004:

Kommentar:
Servilitetens løn
Både den amerikanske og den britiske rapporten om føresetnadene for å gå til krig mot Irak kom kort tid før sommarferien. Mens alle ligg i sola på stranda og etter kvart kjem i tilnærma godt humør, er det vel meininga at det subjektive gode humøret skal fordrive bekymringa over den objektive krigføringa. Som George Orwell spådde, er småskalakrigføring blitt til ei form for politisk bakgrunnsstøy. Militæret får noko å halde på med, ein får prøvd ut det krigsmateriellet ein håper å få selt, ein sikrar eit visst nivå av samfunnsmessig disiplin, krigsøydeleggingane kastar av seg gjenoppbyggingskontraktar, og ein får til ein viss grad murt opp under internasjonale alliansar. Krig har sine sider. Han inneber også visse risikoar, så som når omfanget av krigen blir for stort, når motstanden i folket utartar til protestar som trugar den sosiale disiplinen og når dei internasjonale alliansane slår sprekkar.

Motivasjonen til Bush-regimet for å gå til åtak mot Irak er så mykje drøfta og uansett så gjennomsiktig at eg ikkje ofrar plass på den her. Men kva med Blair? Korfor lét ein sosialdemokratisk britisk statsminister seg lokke med på ein krig som det knappast fanst noko grunnlag for i etterretninga? Grunnlaget var så spinkelt at ein jamvel tok ei halvgammal hovudoppgåve, sprita ho opp og førte ho fram som beviset for at irakarane sat inne med masseøydeleggingsvåpen ein elles hadde suverent mislykkast med å kome på spor etter, vel vitande at det ville vere lett å oppdage kjelda til «beviset». Ein kan forstå kva agenda Bush hadde med å gå til åtak mot Irak i kjølvatnet av den 11. september, og at når avgjerda var teken, var resten berre staffasje. Men korfor vart Blair med, med alle dei risikoane dette måtte innebere, politisk, økonomisk og militært?

Vi må nok kome i hug dei to grunnprinsippa i britisk utanrikspolitikk. Det eine går ut på at ein aldri skal fornærme amerikanarane når dei trur at deira vitale interesser står på spel. Britane lærde denne leksa definitivt etter Suez-krisa i 1956. Da gjekk som kjent britane, franskmennene og israelarane saman om å okkupere kanalsona etter at president Nasser hadde nasjonalisert Suez-kanalen. USA og Sovjet la ned veto mot okkupasjonen i Tryggingsrådet i FN, og britane og co. trekte seg slukøyra tilbake. Britane og franskmennene trekte diametralt motsette konklusjonar av denne episoden. Mens britane innsåg at dei aldri meir kunne gjera utanrikspolitiske krumspring utan amerikansk støtte, eller iallfall stillteiande godkjenning, forstod franskmennene det heller slik at USA åleine aldri kunne garantere tryggleiken deira, og gjekk inn på ei line som førte til eit høgt militært utgiftsnivå, utvikling og utprøving av eigne atomvåpen – den såkalla force de frappe – og i ein periode til utmelding frå Natos kommandostruktur. Axel Poniatowski skriv om denne viktige skilnaden i si nye bok Pourquoi la France et les États-Unis ne se comprennent plus, Perrin, 2004.

Det andre prinsippet i britisk utanrikspolitikk er mykje eldre, og har gått i arv frå engelsk utanrikspolitikk frå Elisabeth den første og framover. Det går nemleg ut på til kvar tid å opponere mot den dominerande landmakta på det europeiske kontinentet.

Åra etter Andre verdskrigen var ei lykkeleg tid for britisk utanrikspolitikk, iallfall i Europa, fordi ho var så enkel, og fordi dei to grunnprinsippa gjekk så lett i hop. NATO-systemet sameinte dei elegant. Ein knytte seg nært opp til USA, i all hovudsak underkasta seg frivillig, samtidig som ein i samarbeid med USA sette seg imot den dominerande kontinentalmakta, Sovjetunionen. I tillegg og til alt overmål velsigna USA den europeiske sameiningsprosessen gjennom aktiv støtte for EU-systemet, iallfall fram til 1989.

No er likevel alt så mykje vanskelegare. Under Clinton og særleg Bush har USA og Europa på stadig fleire område vore på kollisjonskurs. I den grad amerikanske leiarar opplever at eit sterkt og integrert Europa i stadig større omfang trugar amerikanske interesser, vil dei motarbeide europearane meir aktivt. Forsøket til Bush og Rumsfeld på å dele opp Europa i ei «ny» og «gammal» fløy i kjølvatnet av Irak-krigen, er eit ekstremt eksempel på dette.

I eit slikt scenario hamnar framfor alt ein politikar av Blairs type i ei klemme.  Ein morgon har Blair vakna og oppdaga at han i årevis har prata seg varm om at Storbritannia skal spele ei leiande rolle i ein organisasjon, EU, som no trugar med å bryte begge prinsippa i britisk utanrikspolitikk. Han er altså den nye kontinentalmakta, og har jamvel samla så godt som heile kontinentet. Og på vesentlege punkt står denne makta i konflikt med amerikanarane. Blair skal altså opponere mot den leiande kontinentalmakta samtidig som landet hans er medlem i ho, og trass i at han så langt har vore meir eller mindre ideologisk samkøyrd med EU’s thatcherisme med eit menneskeleg andlet.

Ein kunne tilgi Blair for ikkje å vite si arme råd, men han har iallfall visst å stake ut ei line. Ho har så vidt eg kan sjå tre komponentar.
For det først sameiner Blair sterk støtte for EU-prosjektet på det retoriske planet med politiske tiltak som i røynda er nøydde til å bremse integrasjonsprosessen. Konkret skal det svært mykje til for at EU-grunnlova vil passere uskadd gjennom ei folkerøysting i Storbritannia. Håpet til Blair er vel at også veljarane i andre land skal vende tommelen ned. Det ideelle hadde sjølvsagt vore om franskmennene røysta grunnlova ned. Tida straks etter folkerøystinga, uansett utfall, ville elles vere eit laglag tidspunkt for Blair å overlate stillinga si til den utolsame arveprinsen, finansminister Gordon Brown.

For det andre definerer Blair EU-prosjektet aktivt, om i minimalistisk retning, som ei glorifisert frihandelssone med stadige utvidingar som svekkjer dynamikken i integrasjonsprosjektet, og som løyser opp det gamle kultur-aspektet ved EU. Slik sett er det viktig å få inn Tyrkia. Viss vi tenkjer vidare derifrå, blir det skikkeleg spennande. Korfor ikkje bruke EØS-området som løysinga på Midt-Austen-konflikten, slik at iallfall Syria, Libanon, Israel, Palestina og Jordan kjem med? Med den fransk-tyske forsoninga som mønster, og økonomisk og kulturell integrasjon som verkemiddel, kunne EU, alias EØS, ekspandere inn i dei delane av den hellenske verda som enno ikkje er innlemma i EU, Europas eldgamle anneks. Ja, dette siste er mitt fantasifoster, og sjølv om eg neppe er den første som har tenkt tanken, håper eg at Blair ikkje har begynt å lese Dag og Tid. Det verste er at eg lurer på om ikkje Jagland var innom dette ein gong òg.

For det tredje har Blair lagt seg på ein hyperlojal servilitet overfor USA for å dempe ubehaget som amerikanske styresmakter tydelegvis føler i høve til Europa for tida. Den meklar- og brubyggjarrolla som det britiske diplomatiet drøymer om, er delvis eit hardt tiltrengt sysselsetjingstiltak. Men eit anna poeng er at kostskulegutane i britisk UD trivst med hierarki. Det er det dei vart sosialiserte inn i. Såleis er det lettare for dei å forhalde seg til rolla som undersåttar under amerikanarane enn til den plagsame og endelause hestehandelen i EU. Rolla er audmjukande og innsnevrande, unntaksvis innbringande, men iallfall lett å forstå.
Den som rid to hestar, har som kjent ein tendens til å dette av. Truleg blir Blairs strategi mislykka på alle punkt. Det vil seie at han før eller sidan vil måtte ta konsekvensane av retorikken sin, at dei «nye» landa i Aust- og Mellom-Europa truleg vil knyte seg nærmare det europeiske sentrumet og i større grad distansere seg frå dei atlantiske bindingane, og at den hyperlojale serviliteten vil bli løna slik han blir løna i dei fleste forholda, det vil seie anten med at den servile blir dumpa eller glatt overkøyrd.
Men det blir iallfall spennande å lese minna til Blair.
Stephen Walton

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |