Dag og Tid nr. 34, laurdag 21. august 2004:
Klok på bok 675:
Klin utfrika
Uventa, men gledeleg mange visste at Truman Capote (1924-84) og «Frokost på Tiffany» var løysinga på Klok på bok nummer 673. Gunder Runde er ein av dei som har stabla seg på beina etter ferien, og allvitaren frå Ulsteinvik veit sjølvsagt litt av kvart om den gode Capote.
«Han heitte eigentleg noko so merkverdig som Streckfus Persons, men tok etter kvart namnet Capote etter stefaren. Han debuterte i 1948 med Other voices, other rooms, og den boka som Barrabas siterer frå er vel eigentleg novella Breakfast at Tiffanys, og alle vi som er gamle nok hugsar rådyraugene til Audrey Hepburn i denne filmen...
Eg seier ikkje meir...
Beste kjend er vel Capote for dokumentarromanen Med kaldt blod frå 1966, som bana nye vegar i denne sjangeren. Romanen handlar om eit brutalt mord i USA, og Capote lar også mordarane sleppe til i boka, etter mange og lange samtaler med dei. Boka vekte sterk diskusjon då ho kom. Kor langt kan ein forfattar gå når det gjeld å skildra slike hendingar? Nokre av kritikarane hevda at tittelen på boka råka forfattaren like mykje som mordarane.
Det kan vere interessant å gi att noko som Jean Cocteau sa om Capote då han debuterte: Ta ikkje feil av han. Han liknar ein ti år gamal engel. Men han er utan alder og har ein stygg tankegang.
Det er i alle fall ikkje tvil om at dei personane som Capote skildrar, ligg langt frå englestatusen», slår Gunder Runde fast.
Er «Frokost på Tiffany» ei novelle? Forlaget Tiden har nyleg gjeve ut Frokost på Tiffany i billegutgåve, og der pregar Audrey Hepburn med rådyr-augo omslaget. Og boka, novella eller romanen, er på 118 sider.
Jan Olav Gatland kallar boka kortroman, og viser til kva Norman Mailer har uttalt: «Truman Capote is the most perfect writer of my generation. He writes the best sentences word for word, rhythm upon rhythm.»
Ingrid Naddvik har funne fram til ei utgåve der Karen Blixen har skrive forordet, og der heiter det: «Fortryllelsen ved Truman Capotes Forfatterskab er dets særegne Kombination af Luftighed og Vægt. Vi følger det som vi følger et Egerns Flugt i et Træ, der er på een Gang aldeles fantastisk og fuldkommen logisk, den flyvende Figur kan kaldes baade letbenet og fortættet».
Arne Thorvik frå Tønsberg fortel at Capotes forleggjar var redd for rettsleg forfølging frå juvelforretninga Tiffany, og at han vurderte å endra tittelen til «Follow That Blonde».
I en fjern ungdom har jeg selv gått over Brooklyn Bridge, deretter helt opp til Tiffanys på 57. gate, også opp mot East Seventy-Eight Street, for å se de brune murblokkene som en gang var bebodd av partyjenta Holly Golightly, hovedpersonen i en underholdende, men like fullt vemodig novelle», fortel Torvik.
Thorleif Haukvik Skobba har skrive eit fyldig Capote-brev frå eit svaberg i Stavern. Han fortel at Truman Capote ville at «Answered Prayers skulle verta hovudverket, men det var ikkje fullført då han døydde. Nokre utdrag vart publiserte i magasinet Esquire i midten av 1970-åra».
Torleif får premien denne veka for svabergbrevet.
Elles så seier eg tusen takk for rett svar og nydeleg kort frå Ranveig Lundquist, Orkanger, rett svar og Hagerup-dikt frå Merete Hoel, rett svar frå Ole Nielsen i Oslo, Torill J. Strøm i Myre, Harald Spangen i Trondheim, Truls Johannessen i Fredrikstad, Steinar Teigen i Oslo, Henrik Wroldsen i Oslo, Brita Lundeland i Aurland, Lisbeth Halse Ytreberg på Østerås, Morten Rønning på Fjellstrand, Birgitte Berge i Rådal og Gunnar Bæra på Løten.
Og ikkje minst frå Tom Knappskog i Colombo på Sri Lanka.
Tusen takk alle saman!
Eg er steikjande glad for å få så mange og fine svar!
Klok på bok 675
Bra tenkt, det der, Cool Breeze. Cool Breeze er en ung kis med tre-fire dagers skjegg som sitter ved siden av meg på det bulkete, åpne metallplanet bak på en liten lastebil. Som humper opp og ned. Duver og skumper og slingrer på den rotne fjæringa som en båt. Bak bilen humper San Francisco opp og ned, de endeløse rekkene av bulende karnappvinduer, slumstrøk med utsikt, humper opp og ned og suser nedover åssiden.
Med sin særprega dokumentariske stil har forfattaren, som er fødd i 1931, fanga inn eit tiår og ein generasjon. Ein klassikar. Eit meisterverk. Meir seier ikkje eg.
Send svaret til Klok på bok, Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, eller til klok@dagogtid.no eller på faks 22 41 42 10.
Sist helg prøvde eg Pjolterlunden på Mårbacka. Til helga reiser eg høgt til fjells, sjølv om vêrgudane trugar med at eg kan få sjå den første snøen. Det trur eg ikkje!
Barrabas
|