Dag og Tid nr. 34, laurdag 21. august 2004:

Olav H. Hauge:
Brende diktmanus
– Olav H. Hauge gjekk så sterkt inn i lesinga og skrivinga at han slutta både å eta, drikka og sova. Fleire gonger braut han saman idet han var i ferd med å avslutta ei bok. To gonger brende han det ferdige manuset til bøkene sine, fortel Hauge-biografen Knut Olav Åmås.
Ottar Fyllingsnes

Det galdt både På ørnetuva i 1961 og Dropar i austanvind i 1966. Heldigvis hadde han kladdar og greidde å rekonstruera dei etterpå, fortel Åmås. Dei to bøkene Hauge brende, vart det store gjennombrotet for diktaren frå Ulvik. For den første fekk han Kritikarprisen. Den andre vart ei kultbok, men dei vart ikkje til utan strid.

Seks gonger i livet vart Olav H. Hauge tvangsinnlagd på psykiatrisk sjukehus. Den første gongen var i 1934, og då vart han verande i tre og eit halvt år på Valen sjukehus i Sunnhordland. Sidan vart opphalda kortare og kortare.
På den tida var Valen eitt av dei sjukehusa her i landet som dreiv hyppigast med lobotomering.
– Men ingenting tyder på at han var på nippet til lobotomering. Då Olav H. Hague var som sjukast midt på 1930-talet, var lobotomi ikkje teke i bruk i Noreg eller på Valen. Det skjedde først i 1949, og då var Hauge så bra at det aldri var aktuelt å bruka lobotomi, seier Åmås.
På Valen fekk han intensiv behandling med elektrosjokk. Ein gong var behandlinga så kraftig at hjarta stogga. Han var klinisk død, men han overlevde.

– Kvifor vart Hauge sjuk?
– I boka forklarar eg ikkje noko som helst. Forklaringar er irrelevante. Heile boka byggjer på at eg vil visa samanhengar og fenomen og trekkja liner – i trua på at alt som er viktig, finst på overflata. Eg trur på å oppnå forståing gjennom å sjå samanhengar og å analysera liner og kontekstar. Slik sett er det ein spesiell biografi. Eg synest ikkje det er ei verdig innstilling å tru at ein kan koma med forklaringar på verken eit heilt liv eller delar av det, seier han – og legg til.

– Men når det gjeld sjukdomen, seier Hauge fleire gonger at det byrja å gå gale med han då han byrja på gartnarutdanninga. Då var han svært mykje sjuk. Han var gartnarlæring på Njøs i Sogn. Der braut han saman første gongen.

Suksesshistorie
Hauge måtte tola mykje motgang, men då han vart sjuk i 1960, meinte han sjølv at det var av di han ikkje tolte medgang.
– Han vart hylla i antologien Norske dikt . Det førte til at han kom så sterkt i tvil om seg sjølv og det dumme han har gjort ved å stå fram i offentleg lys. Han greidde ikkje presset. Psykiatrien meinte den gongen at arv var årsaka til sjukdomen, men etter kvart brann sjukdomen ut hjå Hauge. Sjukdomsperiodane vart kortare, og han vart friskare. Slik sett kan historia om Hauge sjåast som ei suksesshistorie for psykiatrien på Valen, men det kan også tenkjast at sjukdomen brann ut av seg sjølv. Hauge sjølv har ei høg vurdering av Valen, og han seier somme gonger at han angrar på at han ikkje vart verande på sjukehuset. Han sa at han hadde det verkeleg godt der, og at han møtte folk som gjorde sterkare inntrykk på han enn nokon andre. Men dette var før dei byrja med tung medisinering. På Valen fekk Hauge eit sterkt og personleg tilhøve til overlækjaren og direktøren Konrad Lunde, som melde bøkene til Hauge i Dagen og Bergens Tidende.

Levde i fortida
Det er to ting som har overraska Åmås i arbeidet med biografien.
– Hauge la aldri nokon del av forfattarskapen bak seg. Heilt til berre ein månad før han døydde tok han inn og ut dikt or Dikt i samling. Heile livet var dessutan samtidig for han så lenge han levde. Sjølv om livet hans endra seg, la han aldri noko bak seg. Sjukdomsrøynslene, som han sette svært høgt som kjelde til innsikt, var med han gjennom heile livet. Den einsame ungdommen og tusenvis av timar i frukthagen vart aldri borte for han. Det er kanskje også årsaka til det siste han seier på dødsleiet:
– Det har ikkje vorte noko av meg!

– Meinte han det?
– Ja, eg trur det. Eg trur ikkje at han bøygde kne for det nynorske og hardangerske beskjedenheitstoposet akkurat på dødsleiet heller. Det var for seint. Han rakka ned på seg sjølv frå han var 20 år til han døydde. Halldis Moren Vesaas var ein av dei som bad han slutta å rakka ned på eigne verk, men det hjelpte ikkje. Berre dei siste åra skjøna han utvitydig at han hadde vore viktig.

Åmås peikar på eit anna viktig trekk ved Hauge:
– Han kravde heile tida at diktinga skulle vera konstruktiv og oppbyggjeleg. Diktinga skulle ha eit positivt menneskesyn. Han hadde berre avsky til overs for unge forfattarar som la sterk vekt på og grafsa i dei mørke sidene hjå mennesket. Han reagerte negativt på destruktive innslag i diktinga. Det gjer han til ein spesiell modernist.

Var apolitisk
I biografien karakteriserer Åmås Hauge nærast som politisk naiv.
– Frå 1920-talet og heilt fram til slutten av 60-talet, då han kom i kontakt med radikale unge menneske, var han apolitisk og eit lett bytte for straumdrag og tidsånda. I brev og dagbøker frå 1920- og 1930-talet verkar han vitalistisk, nesten aristokratisk-elitistisk. På 1920-talet var han dessutan oppteken av Bertrand Russels sterke framstegsoptimisme, men han vert meir desillusjonert utover 30-talet. Då har han kommentarar som smakar litt av forakt for folk flest, men merknadene vart ikkje sette i system. Dei politiske tankane vert berre fragment. Han er ingen politikar, men ein slags politisk vinglepetter.

– Du hevdar ein stad at han var nasjonalist?
– Gjennom språkideologien som alltid er så sterk, kjem det fram ei sterk nasjonal haldning. Den nasjonalistiske haldninga viser seg også i viktige politiske saker, som EF-striden i 1972, som han synest er viktigare enn unionsstriden i 1905. Den første politiske talen heldt han på eit nei til EF-arrangement på Vikafjellet i 1972. Morgonen etter folkerøystinga torde han ikkje slå på radioen, men han gjekk ut og ned i bygda. Han torde ikkje snakka med nokon, men såg at flagga hadde gått til topps – og skjøna resultatet. På denne tida skreiv han politiske agitasjonsdikt som var poetisk mislukka. Han var engasjert nei-mann også fram mot folkerøystinga i 1994 og tok diktet «Orvar-Odd» inn i Dikt i samling. Han fekk det også trykt i stort opplag i Nei til EUs bok Lesebok, der han dediserer det til Anne Enger Lahnstein.

Sterke menn
Knut Olav Åmås meiner at tilhøvet mellom den radikale Profil-krinsen og Hauge på 60-talet er ein suksess frå ende til annan.
– Det er eit unikt møte i norsk litteraturhistorie, og det var like vellukka for båe partar. Han var ein sterkt karismatisk farsfigur som inspirerte den nye generasjonen av unge og til dels radikale forfattarar. For første gong kjende Hauge seg inkludert i eit miljø, men han gjekk aldri for fullt inn i noko miljø, heller ikkje i Profil. Han heldt ein avstand til alle. Han vart forsøkt brukt gjennom artiklar, eller han vart tolka for langt som talsmann for det ekstreme venstre i ein kortare periode på 70-talet. Det var energien og visjonen hjå dei radikale han hadde den største sansen for.

– Var han revolusjonær?
– Nei, men han har merknader som går i den retninga. Han prisar til dømes statane i Aust-Europa og fordømer Vesten.
– Du skriv fleire stader at han hadde sansen for førarar?
– Det galdt både Mao og Ho Chi Minh. Det verka som han hadde sansen for sterke menn, men alt dette vert berre fragment, ikkje noko system. Han var rett og slett ikkje nokon politisk tenkjar.

Ikkje brun
I boka viser Åmås til at Hauge ein gong skal ha sagt at Hitler var stor.
– I 1938 høyrde han på ei radiooverføring med Mussolini frå Peterskyrkja i Roma, og då sa Hauge at «Hitler er ein stor mann». Han fortel også sjølv at då nokre tyske marinegastar tok avskil på kaien i Ulvik kring 1938, helste han dei med orda Heil Hitler. I det omfattande materialet har eg sett etter slikt som kunne byggja oppunder ei brun haldning, men eg har ikkje funne noko som helst. Og det ville heller ikkje ha hange saman med haldningane hjå Hauge elles. Eg har også prøvd å finna ut kvifor det ikkje finst dagbøker for 1939 til 1944, men eg har ikkje funne årsaka. Det er umogleg å avgjera kva som har skjedd, men sidan det berre er ti år sidan Hauge døydde, kjem det nok mykje nytt kjeldemateriale i åra frametter. Men det er ingen spesiell grunn til å tru at det skulle gjelda dette feltet.

Unik posisjon
Knut Olav Åmås viser til at diktsamlingane til Hauge er selde i fleire tusen eksemplar kvart år dei siste 40 åra.
– Han vart både folkekjær og kultforfattar for forfattarar. Ikkje så mange forfattarar har greidd å oppnå ein slik posisjon, seier Knut Olav Åmås.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |