Dag og Tid nr. 34, laurdag 21. august 2004:


Biografi:
Kampen med eplekassane
Klokka 8.30 onsdag morgon presenterte Knut Olav Åmås biografien om Olav H. Hauge for 300 inviterte frukostgjester på Theatercafeen i Oslo.
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

Han fekk oppdraget med å skriva biografien hausten 2000 og byrja arbeidet året etter. Då hadde han deltidsstilling som Samtiden-redaktør, men fekk etter eitt år full stilling.

På universitetet på Blindern har han hatt ei lita forskarcelle. Der har mykje av biografien vorte til. Andre delar har vorte skrivne i New York, men slutten på boka vart til i skriverommet til Hauge i Ulvik i vår. Den siste veka i mai arbeidde han der – frå tidleg morgon til seint på natt. Denne veka var han tilbake i Ulvik med Laurdagsrevyen.

– Eg har vore i Ulvik fleire gonger, men det var først denne veka at eg kunne kjenna meg letta. Det har vore mange tunge dagar undervegs. Ofte har eg lurt på kvifor eg takka så raskt ja til oppdraget. Det har hendt at eg har tenkt at eg ikkje var rette mannen til jobben. Eg har spurt meg kvifor eg skulle arbeida i tre-fire år med eit einskildmenneske som eg aldri har møtt, og som eg ikkje hadde noko spesielt tilhøve til. Men eg heldt fram og er glad for det. Undervegs har eg fleire gonger angra på at eg ikkje heller valde å skriva om ein aktiv og utettervend hovudperson, eller ein utanlandsk «bigshot» som hadde opplevd større ytre dramatikk.

Årsaka til at Åmås takka ja til å skriva biografien, var at han var til stades på Nasjonalbiblioteket då dagbøkene til Hauge vart presenterte. Han vart svært fascinert av Ola E. Bøs opplesing og Atle Kittangs foredrag og tenkte at ein kunne læra mykje av gå djupare inn i dette litterære livet.

– Eg seier ikkje meir, seier biografen – og ler. Men nokre dagar seinare spurde Samlaget om han var viljug til å skriva biografien, og han takka kontant ja.

– Det gjekk vél raskt, seier han i dag.

– Men det har vore moro òg, med oppstarten av Norsk biografisk selskap, som har vore eit svært viktig fagleg forum.

Stort materiale

Knut Olav Åmås såg potensialet i biografi-sjangeren; som forskingsprosjekt og formidlinga av ei menneskeleg historie.

–  Men eg hadde ikkje tenkt over problema med å skriva ei forteljing om eit stilleståande liv som er fattig på ytre hendingar. Det tok ei stund før eg skjøna at det måtte vera eit strålande humanistisk prosjekt å skriva om eit liv som er ganske alminneleg, bortsett frå den alvorlege sjukdommen og den litterære suksessen, seier Åmås. Og understrekar at å skriva biografi er først og fremst å forhalda seg til skriftlege kjelder.

– Dei 4000 dagboksidene var heldigvis utgjevne. I tillegg fanst det 2500 upubliserte brev, pluss dei tusen som eg fann undervegs. Frå kona til Hauge fekk eg åtte eplekassar som var stappfulle av 4000 manussider med upubliserte dikt, stilhefte, kladdebøker, rekneskap og alt mogleg. Alt dette har eg gått gjennom, men det tok langt meir tid å revidera og systematisera kjeldene enn eg hadde trudd. Eg har fått stor respekt for biografar som skriv gode bøker.

Digert noteapparat

Han har prøvd å skriva ein biografi som er etterretteleg med eit fullstendig akademisk apparat. I eit seksti siders kapittel gjer han greie for teori og metode.

– Undervegs har eg trøysta meg med eit par tusen sider med biografiteori når Hauge-materialet vart for støvande og astmaframkallande. Eg har brukt mykje tid i støvskyene ved dårlege kopimaskiner i lokale bibliotek. Heile klipparkivet til Hauge ligg på biblioteket i Ulvik, og det har eg hatt stor nytte av.

Åmås omtalar Hauge-biografien som eit kunnskapsprodukt som andre kan etterprøva. I boka er det 80 sider med 2400 notar, og difor vert det denne gongen neppe nokon debatt om manglande notar.

Dei siste åra har det vore skrive mykje om Ingar Sletten Kolloens store Hamsun-biografi og det store mannskapet som har hjelpt til. Også Åmås har hatt god hjelp.

– Neppe noko biografiprosjekt i norsk litteratur har hatt fleire lesarar og konsulentar før det er utgjeve. Samlaget har hatt åtte konsulentar som har lese manuset. I tillegg har det vore tre psykiatriske konsulentar inne i biletet, og eg har hatt seksten lesarar som har gått gjennom heile boka, seier Åmås, som har gjort kring femti intervju i samband med boka.

Han har hatt tilgang til sjukejournalane både frå Neevengården sjukehus og Valen sjukehus, og skriv at materialet er brukt varsamt, restriktivt og neddempa. Ikkje eitt ord er sitert frå journalane.

– Kva trur du Hauge ville sagt om han hadde fått biografien i handa?

Biografen tenkjer – og ler:

– Jau, jau, me fær no sjå kva han hev koka i hop!

– Du skriv meir tradisjonell nynorsk i biografien enn du gjer til vanleg?

– Hauge-biografien har endra nynorsken min grunnleggjande. Før eg byrja, hadde nynorsken min vorte meir og meir moderne og utvatna. Eg såg ikkje nokon vits i nynorsken og var i ferd med å forlata han, men no har bokprosjektet gjeve meg lyst til å skriva meir konservativ nynorsk. Eg trur at nynorsken har godt av at normene vert oppstramma, så lenge det ikkje skaper vanskar for forfattarar som Kjartan Fløgstad, Frode Grytten og Jon Fosse. I denne boka har det vore viktig å ikkje laga avstanden for stor mellom Hauges og min eigen nynorsk, seier Åmås.

Han har i sommar vore debattredaktør i Dagbladet, og der tek han i dag over som spaltist etter Jo Nesbø.

– Og då skriv du nynorsk?

–  ... førebels skriv eg på bokmål. Eg finn stor glede i å veksla mellom bokmål og nynorsk. Men eg har skrive ein artikkel om Olav H. Hauges tankar om kjærleik til damebladet Henne. Dei må trykkja han på nynorsk, eller la vera, seier Åmås.

Dessutan har han fått lovnad frå William Nygaard i Aschehoug om at han kan halda fram som redaktør i Samtiden i fire-fem år enno.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |