Dag og Tid nr. 33, laurdag 14. august 2004:


Roald Helgheim:
Trikken Norge trygg for alle
Denne laurdagen var det eit av dei lengste innslaga i Ukeslutt. Ein passasjer på dødstrikken i Oslo fortel om dei grufulle detaljane han opplevde på nært hald, då den sjuke mannen med kniv gjekk amok på ein norsk sommardag, ein dag som alle andre på linje 17, som alle med ærend på strekninga til Rikshospitalet brukar, der sjansen for at det skal hende noko uventa, noko grufullt, noko du aldri vil gløyme, akkurat den tida du er på denne trikken, er mikroskopisk. Sjansen er sikkert mindre enn ein til ein million. Likevel hende det nokre menneske som denne dagen, på denne tida av døgnet, var på feil stad til feil tid, og vitnet fortel. For sitt indre auge ser han kniven på veg mot offeret. Han høyrer lyden av «kniv mot kjøtt og bein». Ikkje skrika etterpå, men akkurat den lyden. Han greidde å kome seg unna. Men han veit at det er ein lyd og eit bilde han kjem til å hugse alle sine dagar. Om sjansen for å bli stukken med kniv på ein Oslo-trikk statistisk er som sjansen for å dette ned i eit fly – så er det uinteressant for den som blir råka, som vitne eller offer.

Etterpå tenkte vitnet at vi må få gjeninnført dødsstraff, sa han i radio. Til han fekk tenkt seg om. Eg trur eg vart riven med som alle andre av den sterke forteljinga. Likevel spurde eg meg sjølv: Når blir eit grufullt drap elles skildra så nærgåande og detaljert, på ein så sterk måte? Kvifor blir det ei av dei mest inngåande skildra drapssakene på lenge i landet? Forteljinga om lyden av kniven som hogg mot kjøt og bein – det hender vi får det servert som skrekkfylde døme når eit særleg grufullt utført folkemord blir skildra i media. Når vi til dømes høyrer om korleis folk ned i småbornalderen hakka folk i hel i hundretusenvis i Rwanda, eller vi får skildra synet av ungar som døyr framfor ein utan at ein kan løfte ein finger. Slike skildringar «krydrar» ofte journalistikken. No har vi fått innsyn i bestialsk tortur som til og med danske soldatar har drive med i irakiske fengsel. Slike hendingar er uskuldige folk i millionar offer for eller vitne til kloden rundt. Det er den viktigaste grunnen til at folk rømer frå krig og skrekkvelde og søkjer asyl eller opphald i andre land. Ein tilfeldig sommardag landar ei slik grufull hending på ein tilfeldig trikk i Oslo. Kan hende har gjerningsmannen sjølv gått med liknande bilde inne i seg i årevis. Den verda vi dagleg grøssar over framfor fjernsynsskjermen, rykte oss inn på livet. Er det difor akkurat denne saka får så omfattande omtale? Eg er ikkje så sikker på det. Men kva er det då?

Lat oss ikkje bli relativistar. At eit slikt sjokk som kunne råka deg og meg, får eit anna perspektiv enn kva udåd som helst i verda, seier seg sjølv. Alt anna hadde vore like urovekkjande. Endå ein gong er det dessutan sett søkjelys på ein stor mangel på psykisk beredskap i Norge, særleg andsynes asylsøkjarar og flyktningar, mot dei som i røynda treng han mest. Det kjem til å hende att, skriv ein aviskommentator, av di psykiatrien ikkje er i stand til å fange opp alle «dei tikkande bombene» i tide. Men snakkar vi berre om tikkande bomber, som ein vakker dag sit på ein trikk eller ein ekspressbuss? Vi har altså sett at den humanitære stormakta Norge ikkje heilt har skjønt følgjene av at ho innfrir dei nasjonale pliktene sine, og tar imot fleire tusen flyktningar og asylsøkjarar i året. Særleg er kompetansen dårleg i Distrikts-Norge, der dei er stua bort på avsidesliggjande asylmottak. Ein ekspert seier til NRK at det er rundt 10.000 flyktningar og asylsøkjarar i Norge som har opplevd tortur og overgrep i heimlandet. Dei har vanskeleg for å fortelje om opplevingane sine. Kor mange av dei er farlege?

Psykiatrien ser ein annan veg når dei mest trengande er i farvatnet, sa ein ekspert i NRK/Brennpunkt. Ingen forstod språket til ein irakisk flyktning torturert i Saddams fengsel. Han kom til Norge i 1999. Han fekk nokre piller og vart sitjande åleine på rommet. Vi høyrer om folk tar livet sitt. Og i hovudstaden, der vart Psykososialt senter for flyktningar lagt ned i juli i år. Etter avsløringane av alle desse manglane har politikarane kappast om å love bot og betring. Kjappast ute var Bjarne Håkon Hansen, som melde at Ap krev psykiatrisjekk av alle asylsøkjarar. Så har vi politikaren som vil forby sal av visse knivar. Det tykkjer eg er den store avsporinga av debatten, sjølv om det ikkje er så ille som politikaren som for ikkje lenge sidan ville gjere det særleg straffbart for utlendingar å bere kniv på open gate.

Politietterforskarane i trikkesaka spela ut det somaliske kortet før nasjonaliteten var kjend. For fire år sidan gjekk ein polititenestemann ut i Oslo og åtvara spesielt mot kriminelle somaliarar. Det var i samband med ei rettssak der fem ungdomar frå Somalia var tiltalte for fleire lovbrot. Den kollektive stemplinga av 6000 somaliarar i Norge har vore ei mare, og har skapt vanskar for dei somaliarane som sjølve prøver å gjere noko innanfor miljøet. Denne gongen har den somaliske vinkelen ikkje vore så sterkt framme. Det har handla mest om eit psykiatrisk helsevesen som ikkje har halde følgje med utviklinga, som ikkje er rusta for dei som treng det mest. Det er ein mangel det vil ta tid å rette på, ikkje minst etter ei helsereform som har gjort tid til mangelvare.

Likevel er det grunn til å åtvare mot biletet av «dei tikkande bombene», som om det no er eit arsenal potensielle drapsmenn der ute. Og kven sin tryggleik er det psykiatrien skal sikre? Treng asylsøkjarar psykisk hjelp for at vi skal kjenne oss trygge på trikken? Nei. Trikken Norge skal vere trygg for alle.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |