Dag og Tid nr. 33, laurdag 14. august 2004:
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen:
Kvalitetsreformasjonen
Om du planlegg for eit år, skal du så korn. Om du planlegg for ti år, skal du plante tre. Om du planlegg for livet, skal du utdanne folk.
Ifylgje EU-kommisjonen skal dette vere eit kinesisk ordtak frå provinsen Guanzi, og merkeleg nok har kommisjonen datert ordtaket til om lag 645 før Kristus. Tidlaust, men tidfesta, står dette ordtaket som motto på Kommisjonsrapport 678 frå 2001, som handlar om koss ein skal realisere eit sams område for livslang læring ikkje berre i EU, men i alle dei 40 landa som til no har slutta seg til det dei elles i Europa kallar Bologna-prosessen, men som vi kallar Kvalitetsreforma. Ved oppstarten av eit nytt akademisk år kan det høve å minne om kva denne reforma er ein del av.
Kvalitetsreforma vart handsama som stortingsmelding av Stortinget i 2001, og galdt i opphavet berre for høgre utdanning, men får no suksessivt fylgjer for alle utdanningssteg noko stortingsmeldinga om grunnskulen frå i vår synte. På universiteta og på ein del høgskular vart det som vanleg er, etter at alt er vedteke og det er for seint å kome med framlegg stort oppstuss og mykje protestar mot Kvalitetsreforma. Som ein Oslo-professor eg kjenner sa det i vår: «No har eg brukt to år på å slåst mot Kvalitetsreforma, og eitt år på å innføre henne». Eg måtte nyfikent spørje: «Koss slost du mot Stortinget, då? Saboterte du alle vedtak, nekta du å utføre pålegg, eller prøvde du å omstøyte Stortingsinnstillinga? Eller, anka du kanskje saka inn til Kongen, du som er så gammal professor at du er utnemnd av Kongen sjølv
og har sverga honom truskap?»
Nei, anka til Kongen hadde han ikkje gjort. Då laut eg forundra spørje kva alt dette sytet skulle vere godt for. Sidan vart det noko grått mellom oss.
I 1999 møttest utdanningsminstrar frå 29 land i Bologna. Det var ikkje tilfeldig at dei møttest i den byen, der det eldste universitetet i Europa finst (frå 1030), og der ein har eit mest forvillande mylder av fagtradisjonar dei var tidleg ute med å sprette opp folk og drive biologisk gransking, til dømes, og dei hadde jamvel eit gammalt maritimt utdanningsmiljø der midt inne i innlandet, no helst representert ved eit museum for skipsmodellar, noko som skriv seg frå den tida Bologna tilhøyrde Den sardinske republikken.
Akademisk er vel Bologna mest kjend for Umberto Eco, i dag. Men det var alt i alt ein høveleg stad for å skrive under ei erklæring om ein heilt ny universitets- og høgskulepolitikk i Europa, med seks hovudpunkt: Gradssystema skal vere samanliknbare, vere jamlike med omsyn til tid og innsats og vere lett skjønelege for alle; i hovudsak skal alle land bruke eit system som byggjer på to nivå, nemleg lågare og høgare grad; eit system for studiepoeng skal gjere det lett å jamføre mellom og også utveksle delar av eller heile studietilbod; utveksling av lærarar og studentar skal bli lettare, og eit europeisk sams system for å vurdere kvalitet i utdanninga skal etablerast.
I Noreg har vi siste året gjennomført det aller meste av Kvalitetsreforma, under ein del sukk og stønn frå dei tradisjonelle universiteta rett nok, men gjennomført er ho blitt. Så har det dukka opp ein del diskrepansar. I sin store visdom fann Stortinget såleis ut at det var noko som heitte mappeevaluering, og ulikt alle andre nasjonalforsamlingar i Europa vedtok våre folkevalde eit pedagogisk prinsipp for sine akademikarar: Mappeevaluering skulle det bli. Utan omsyn til at berre eit fåtal (både av stortingsrepresentantane og høgskule- og universitetslærarane) veit koss slikt undervisnings- og vurderingsarbeid faktisk går føre seg. Nokon hadde visst fått det føre seg at det var ein måte å spare pengar på, for då kunne den einskilde læraren jamt vurdere framgangen, så vart det ikkje så naudsynt med sluttevaluering og dyre innleigde eksterne krefter til å vere med
i eksamenskommisjonane.
Dette var den andre diskrepansen i høve til Bologna-prosessen: I Sentral-Europa har ein nemleg erkjent behovet for å få meir ekstern vurdering, så ikkje systemet så vel som den einskilde studenten blir så totalt avhengig av den einskilde læraren/professoren som tilfellet er i dag. Av ein eller annan grunn helst tankelaus gjerrigskap, får ein tru har Departementet hos oss, gjennom tolkingar av Stortingsviljen, snudd Bologna-prosessen på hovudet i dette stykket, så dette kan vel ikkje halde fram særleg lenge.
Til gjengjeld har vi fått ei lang rad kontrollsystem. Ein god ting, tykkjest det meg, er at vi har fått NOKUT Norsk organ for kvalitetskontroll i utdanninga. Dette regjeringsorganet kan vurdere og akkreditere universitet og gradar og dei kan gje pålegg og rettleiing om tiltak. Så langt ser det ut til å fungere vitugt og fritt det seier eg ikkje berre av di Høgskulen i Stavanger vart godkjend som universitet, medan Bedriftsøkonomisk Institutt ikkje vart det. Det er ganske greitt å vite at der er eit slikt uavhengig organ, for eg må seie eg ikkje har eller har hatt full tillit til at alle vurderingar gjorde i dei organ vi har hatt, har vore fullstendig frie for hestehandlar og baktankar.
Men vi har klart å innføre noko nytt. Noko som kanskje er forklårt i ei bok av no avdøde Alain Peyrefitte, tidlegare fransk utanriksminister og politisk altmoglegmann. Han gav i midten av 1990-åra ut boka La societé de confiance, der han hevda at nordlege protestantiske land hadde store føremuner av at folk vart viste tillit. Har ein tillit til folk i dagleg virke og i handel og vandel, så kan ein snu seg mykje raskare rundt, gjennomføre avtalar og innrette seg på omstenda på betre vis enn om alle må kontrollerast heile tida, slik ein gjerne driv med i institusjonar og organisasjonar i sør-europeiske land med gammal katolsk tradisjon. Sjølv har eg opplevd det franske universitetssystemet, eit tungrodd hierarkisk system der ein må spørje overordna om lov for det aller meste, og trur det kan vere noko i Peyrefitte-tankane.
Eg trur ikkje det er Kvalitetsreforma eller Bologna-prosessen si skuld at vi no blir overvelda av alskens fornærmelege kontrolltiltak. Vårt system for høgre utdanning var ikkje særleg velfungerande, universiteta er såleis stort sett trege mastodontar utan alt for stor evne til nyskaping innom mange område, og tida var overmogen for ei grundig opprydding og ombygging. Men samstundes kom denne nye moten i statsstyringa, også kalla «New Public Management». Og så fekk vi nettobudsjetteringa i staten, der vi berre skal få løyvingar etter kva for resultat vi oppnår. Samla effekt så langt har vore ei enorm kontrolleringsglede, og ein utbreidd mistanke om at statstenestemenn og -kvinner ikkje gjer jobben sin skikkeleg dersom dei får vere for mykje i fred.
Dei einskilde høgskular og universitet har utarbeidd alskens kontrollrutinar, somme med instruksjons- eller handbøker som ingen normale menneske, og langt mindre professorar, kan forstå. Det er no greitt nok, vi tek langsamt til å slutte å øse oss opp over tøvet og får litt meir europeisk haldning, dvs., vi trekkjer på skuldrene over byråkratisk vitløyse og gjer jobben vår skikkeleg anten kontrollørane trur det eller ei dei kjem jo elles aldri for å sjå etter, så dei har no berre med å hute seg. Merkeleg kor fort denne haldninga har sett seg. Men det er då i sanning ein stussleg måte å bli meir europeisert på.
No har kvalitetsreforma verka eit års tid. Eg tilhøyrer dei som tykkjer det er spennande at vi har høve til å gjere ting på nye måtar, lage nye modular, gradar, kurs, at vi kan satse på å trekkje til oss studentar som gler seg med oss over å oppdage noko nytt. Så, om akademikarar kan halde opp med å syte, slik vi gjerne gjer når vi ikkje finn på noko betre, så kan året framover kan hende bli eit år der vi orienterer oss om kva som hender i dei førti landa vi samarbeider med for å få betre kvalitet i utdanninga. Vi skal jo bli eitt sams stort europeisk område for høgre utdanning, så vel som for livslang læring, innan 2010 i alle høve. Endeleg blir kanskje «den lærde republikken», med fri utveksling av idear, tankar og argument, ein historisk realitet.
|