Dag og Tid nr. 33, laurdag 14. august 2004:
Klok på bok 674:
Ho slukte ei stjerne
Tenk å bomma to år på Sara Lidmans debutroman, men i sommarvarmen har eg greidd det. Den gode Sara debuterte i 1953. Først to år seinare kom Multelandet, som var løysinga på Klok på bok nummer 672.
Eg overlèt ordet til vinnaren denne gongen, Rut Andrea Nervik frå Trondheim:
«Då Sara Lidman døydde den 17. juni i år, var det ein av dei mest imponerande kulturpersonlegdommane i Norden som gjekk bort.
Ho debuterte i 1953 med Tjärdalen, ein stor roman som så vidt eg veit, ikkje er omsett til norsk. Multelandet, som sitatet er henta frå, er hennar andre roman, og i meldinga i Bonniers Litterära Magasin siterte Margit Albenius frå Gamle Sven Dufva:
Vinns sådan ära i första språng,/ vad hinner han då om hans tid blir lång.
Ved sida av den store forfattarskapen sin rakk Sara, som svenskane kallar henne, svært mykje på mange område. Ho var aktiv og engasjert til dømes når det galdt gruvearbeiderane sine kår i Nord-Sverige, uthogginga av skogen, kiosklitteraturen, nedlegginga av jarnvegen i Nord-Sverige, den internasjonale kapitalismen si utbyting av fattige land, rasediskrimineringa i Sør-Afrika, krigen i Vietnam. Ho hadde grundige kunnskapar om alt ho skreiv om. Ho hadde òg store Bibel-kunnskapar, og i store delar av diktinga hennar går bibelsk-religiøs tenking som ein følgjesvein hos romanpersonane. Ho vart nokre gonger kalla for Røde Sara, men høyrde personleg ikkje heime i nokon bås. Sjølv har eg opplevd å vandra av garde med henne til bedehuset i Missenträsk.
Svenske litteratar meiner at ho har fornya det svenske språket, der ho har teke opp ord frå nordsvenske dialektar og frå bibelsk tale. Og like eins som med romanpersonane sine, har ho lyft alt dette opp på eit universalt plan. På meisterleg vis brukar ho enkle språklege uttrykk til å røpa dei mest djuptgåande psykologiske sanningane om menneske og tilhøva mellom dei.
Mange meinte at ho burde ha fått Nobelprisen i litteratur. Med sitt høge litterære nivå, sin solidaritet med fatige og undertrykte, med si humane og universelle forkynning, har ho som få andre oppfylt vedtektene for denne prisen. I ei avis som er interessert i å fremja nynorsk kultur og litteratur, kan eg nemna at Sara ein gong bad meg taka med nokre bøker av norske forfattarar til Missenträsk. Og kven var det ho valde ut?
Det var Olav Duun og Tarjei Vesaas«, skriv Rut Andrea Nervik.
Tusen takk! Dette var strålande, Rut Andrea!
Du får boka, men det var fleire som svarte rett og visste at det var Tjærdalen som var debutromanen.
Flotte kort med rette løysingar har det kome både frå Ranveig Lundquist i Orkanger, Merete Hoel i Loddefjord og Cathrine Senje som er tilbake i Oslo. Rett svar har det også kome frå Gunder i Ulsteinvik og Torill J. Strøm på Myre.
Tusen takk alle saman!
Klok på bok 674
Han såg at blikket hans gjorde meg vakker
og eg tok imot den venleiken som min.
Lykkeleg slukte eg ei stjerne.
Eg let det skje at han skapte meg om
til det biletet han spegla
i auga sine. Så dansar eg, dansar
i flagringa frå plutselege venger.
Ho som har skrive desse vakre linene, er fødd i 1923, er aust-europeisk og slett ikkje ukjend.
Send svaret til Klok på bok, Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, eller til klok@dagogtid.no eller på faks 22.41.42.10.
No er snart bokhausten og olympiaden over oss. No gjeld det å velja bort!
Barrabas
|