Dag og Tid nr. 33, laurdag 14. august 2004:


Hamsun-dagane:
Dagar som varer lenge
HAMARØY: Ei raudlet og oppkava kvinne sig ned på benken utanfor butikken.
– Ikkje hadde dei rjomegraut! Ikkje kaffi heller! Tenk det! Gjestegården var utan kaffi!
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

Det er tidleg laurdags ettermiddag på Oppeid. Kiosken er velsigna tom for Oslo-aviser, og det er smått med pengar. Køen framfor den einaste minibanken er nærare tretti meter lang, og folk ser langt etter sola og pengane dei hadde i går. Det har skya over, og Hamsun-dagane nærmar seg slutten.

Avlyst August

Knut Hamsun har fått skulda for mykje, men heldigvis er det ingen som gjev han skulda for dette. Profilen hans blafrar i flagga i mastene i kommunesenteret, men det er ikkje diktaren og bøkene som har lokka fleire hundre til bygds denne laurdagen. Det er den store marknadsdagen med mange tilreisande seljarar og mangt rart å få kjøpt.

Ein kar skil seg ut i folkehopen.

Han er ein mann frå Hamsuns tid; kanskje ein lensmann, og han har visst vanskar med den digre fjørpennen. Det er Knut Valle, og han skal leia auksjonen. På auksjonsbordet ligg eit bilete av Knut Hamsun, og auksjonariusen vonar å få 1500 kroner for det. Det treng han sikkert; som plaster på såret. For Knut Valle, som skulle vera det store midtpunktet under Hamsun-dagane, fekk inga rolle å spele. Knut Valle hadde fått rolla som August i teaterframsyninga, men så fann bygdefolket ingen instruktør som dugde. Difor måtte det populære teater-innslaget gå ut.

Nattkino

Men ikkje så gale at det ikkje er godt for noko. Like før midnatt låser eg døra til husværet som Hamsun-dagane har skaffa meg oppe i åsen – på Toppen. Eg kastar meg på sykkelen, og det går fort nedover bakkane mot Kino-låven. Det har vorte litt skumt, men det er mange etter vegen. Nokre minutt seinare parkerer eg framfor den brune låven med dei gule listene i den fargerike blomeenga. På veggen heng det ein filmplakat som syner den gamle, men vakre Hamsun. Eg tek steintrappene i to sprang og tretrappa i fire, så er eg på låveskukkjen – eller låvekinoen. Der har det fleire dagar vorte vist Hamsun-filmar, både nye og gamle. På loftet er det småbord med kvit papirduk, og ved trappa serverer folk både vin, øl og kaffi. Låvekinoen har plass til sytti personar, men likevel er lokalet  fullt. Det er siste filmkvelden, og det er Landstrykere med Helge Jordal som August som står på plakaten. Det er ein real langfilm med fantastiske naturscener, men ingen forlet lokalet før det er slutt og klokka er halv tre.

Varar i vinter og vår

Hamsun-dagane er lange; så lange at dei kjem til å vara ut gjennom både vinteren og våren. Den som vitjar Hamsun-dagane i solskin, reiser heim med bilete spikra til nett-hinna. Det er utruleg kva ein liten utkantkommune med 1500 innbyggjarar kan få til. Programmet er så tjukt og variert at det skaper problem; du rekk ikkje over halvparten.

Det er berre så vidt eg når fram til markeringa av Knut Hamsuns fødselsdag – den 4. august. Det er 145 år sidan han vart fødd, og det er fullt av folk kring Hamsun-bysta på den vesle kollen i Hamsund. Der vender Hamsun blikket bort frå våningshuset og den raude løa på heimegarden.

Ved sida av støtta står Even Arntzen, som er styreleiar i Hamsun-Selskapet, og held tale.

– Er det glimtet i auget, skråblikket, som gjer Hamsun så populær, spør han.

– Ikkje først og fremst, svarar han.

Og legg ned ein krans av lyng ved foten av bysta.  

Dårleg Hamsun-bok

Så går det slag i slag; først med Ingar Sletten Kolloens foredrag om Hamsuns kvinner. Meir enn hundre har funne vegen til Hamarøyhallen denne strålande sommardagen.

Her lanserer Hamsun-Selskapet Den Gaadefulde, Hamsuns første roman som er nyopptrykt i eit opplag på 2000. Inga god Hamsun-bok, seier hamsunianarane. Men Even Arntzen les frå favorittavsnittet der spirrevippen er direkte uforsonleg med akademikarane.

Og Henny Moan les dikt – på sparket:
... og natten er livet og kvinnen dens hersker...

Så er det duka for konsertar, kunstutstillingar, litteraturseminar, vandring i Hamsuns landskap, forteljarkafé, animasjonsverkstad, film, teater, reiselivsseminar, lygarkveld, dans og mykje meir.

Tidlegare på dagen hadde ein fin forsoningskonferanse samla mykje folk. Det kunne vera behov for ein forsoningskonferanse, meinte både Hamsun-dagane og lulesamisk senter i Tysfjord. Hamsun skreiv fleire stader nedsetjande om samane.    

Hamsun til tørk

I Skogheim, som var Knut og Marie Hamsuns heim ein periode, er det fleire kunstutstillingar. Her har kunstnaren Borgny Svalastog (61) hengt Hamsun til tørk; hundrevis av sider frå Hamsuns bøker er hengde oppunder taket, etter å ha vorte reinsa i saltvatn.

Borgny Svalastog er hovudutstillar på Hamsun-dagane. «Blomster for Victoria» har ho kalla utstillinga, og eit vell av blomar – både inne og ute på plenen – høyrer med. I to år har Svalastog arbeidd med utstillinga, og ho har hatt hjelp både frå kurator, landskapsarkitekt og utstillingsarkitekt, fortel Avisa Nordland.

Symbolpakke

Den eine kvelden trakkar Jack Berntsen og Kompani Evert til med Taube-konsert og allsong. Den neste kvelden er det konsert med Ole Paus og Jonas Fjeld på Statens Mellager på Tranøy. Der er 650 samla, og det er den store publikumssuksessen.

Morgonen etter syklar eg dei fem-seks kilometrane til Hamsund grendehus. Der er det stappfullt, og halvparten er svenskar frå Gällivarre. Fremst i salen sit finansminister Per-Kristian Foss og ordførar Jan-Folke Sandnes. John Gustavsen i kvit samekufte les dikt på samisk og norsk og ei kvinne i svart samedrakt joikar. Så forsvinn svenskane for å gje seg i kast med Knut Hamsuns litterære landskap. Så er det tid for reiselivsseminar.

– Få kjem hit til landet for å sjå røyrgater eller kraftanlegg i fjellet. Dei kjem i staden for å oppleva ei stille som har vorte mangelvare mange stader. Me må liggja i forkant av trenden. Finland stal julenissen, og Sverige sel seg sjølv som Midnattsolas land. Natur, kultur og opplevingar må prega den norske satsinga, seier finansministeren.

Alt medan Hamarøy, Tysfjord, Kvæfjord og Målselv prøver å sy saman sine nasjonalsymbol til eit samarbeidsprosjekt:

Ein forfattar, eit fjell, ei kake og ein foss – Hamsun, Stetind, Kvæfjordkaka og Målselvfossen.


Hamsun-museum i sikte
Hamsun-senteret på Hamarøy får truleg dei naudsynte millionane i statsbudsjettet neste haust.

Det har gått mange år sidan tanken om Hamsun-senteret vart lansert, og utkastet frå den kontroversielle amerikanske arkitekten Steven Holl vart lansert. Utkastet som viste eit høgt, svart tårn med skakke vinklar, skapte naturlegvis debatt. Fleire stilte seg tvilande til å byggja på Hamarøy. Kven ville bruka eit slikt senter? Kor mange gjester ville det få? Det fanst skeptiske røyster både her og der, men knapt nokon gjekk hardt ut mot eit Hamsun-senter i Hamsun-land.

I Kulturdepartementets langtidsbudsjett som vart lagt fram i fjor haust, var Hamsun-senteret prikka inn med ei løyving på 29 millionar kroner i 2006. På Hamsun-dagane sist veke stadfeste statssekretær Arnfinn Ellingsen i Kommunaldepartementet at det er von om å få til dette. Hamsun-senteret er kostnadsrekna til 70 millionar kroner, og staten skal gå inn med 30 millionar. Den første millionen er alt løyvd. Tidlegare har Nordland fylke løyvd 21 millionar kroner til prosjektet og Hamarøy kommune sju.

Alf-Einar Øyen, som er prosjektleiar for Hamsun-senteret, reknar med byggjestart om vel eitt år. Men då må fylket setja i gang med detaljprosjektering i haust. Viss alt går etter planen, kan huset stå ferdig i god tid før 150-års jubileet for Knut Hamsuns fødsel i 2009.

Senter vs museum

Det planlagde prosjektet på Hamarøy har heile tida vorte omtalt som Hamsun-senteret, men no tek prosjektleiar Øien til orde for at det bør heita Knut Hamsun Nasjonale Opplevelsesmuseum. Han meiner at namnet Hamsun-senteret for lett vekkjer assosiasjonar til eit kjøpesenter.

Den opphavlege tanken var å reisa senteret ved Hamsuns barndomsheim på Hamsund, men i 1996 freda riksantikvaren store delar av området. Men Knut Hamsun budde fleire stader på Hamarøy, blant anna hjå onkelen på Presteid. No disponerer Hamsun-senteret A/S ei stor tomt på staden. Planen er at bygningen skal reisast der, få kilometer frå barndomsheimen på Hamsund.

Dersom Steven Holls planar for museet vert vedtekne, vert bygningen på fem etasjar. Prosjektleiaren legg vekt på at museet må greia å trekkja fleire og andre enn Hamsuns trufaste kyrkjelyd. Han fortel til Avisa Nordland at det vert arbeidd med eit budsjett som går rundt med 20.000 vitjarar i året. Øien legg stor vekt på at museet skal verta eit moderne museum prega av det nyaste av teknologiske løysingar, ikkje eit gjenstands-museum som konkurrerer med barndomsheimen.



Dag og Tid meiner:
Hamsun-dagane byrjar tidleg på dag og varer til langt på natt.

Programmet er både breitt og ambisiøst med litteratur, musikk, kunst, film, dans og mykje meir. Den som satsar på ei kulturell sommarveke på Hamarøy, har meir å velja i enn dei fleste andre stader i landet. Det er imponerande kva ein liten kommune med 1500 innbyggjarar og små ressursar kan få til. I sommarvarmen i år var det publikumssvikt på dei store konsertane med dyre artistar. Berre 200 høyrde Hellbillies. Dei mindre og meir intime arrangementa samla derimot fulle hus. Det syner kva retning Hamsun-dagane bør velja i framtida.

Problem med lårhalsen:

Den litterære delen av Hamsun-dagane slit med lårhalsen. Det var ikkje dei unge og moderne som tok turen til Hamarøy for å delta på Hamsun-Selskapets litteraturseminar «Hamsuns kvinner»; det var Hamsun-kyrkjelyden, det vil seia folk med grått hår og store deler av livet bak seg. I år var det ikkje berre Hamsun som vart diskutert i pausane; ein kunne også overhøyra pensjonistar i ivrig diskusjon om eige lårhalsbrot – og problemet med skruen. Det er sjølvsagt ikkje noko gale i det, men eit godt bilete på at litteraturseminaret har eit alvorleg forgubbingsproblem.

På avslutningsdagen var det ikkje meir enn to personar under tretti år i salen. Underteikna observerte ikkje ein einaste student. Dei fleste seminardeltakarane var over seksti år. Ingen hadde eit spørsmål eller ein kommentar til Ingar Sletten Kolloens foredrag om Hamsuns kvinner.

Totalbom:

Det litterære seminaret inneheld sju foredrag, og dei fleste var gode. Men blant foredragshaldarane var det også to utanlandske forfattarar; ein franskmann og ein portugisar. Dei hadde problem med å nå fram til publikum. Den portugisiske poeten og Hamsun-kjennaren Gil de Carvalho var totalbom. Nesten ingen fekk med seg det han snakka om. Både språk og innhald gjorde det svært vanskeleg å følgja med. Difor bør Hamsun-Selskapet vurdera det lenge og vel før dei inviterer utanlandske Hamsun-spesialistar til Hamarøy.

Litteratur for dei få:


Hamsun-dagane er bygd opp kring merkevara «Knut Hamsun». Medan 12.000 var innom dei mange ulike arrangementa på Hamsun-dagane og 6000 løyste billett, hadde litteraturseminaret om kvinnene i Hamsuns litteratur berre om lag hundre deltakarar. Men trass i alt – hundre personar på eit litteraturseminar er svært bra. Berre dei færraste liknande arrangement greier å samla så mange.
Men det var ikkje berre det litterære seminaret som dreia seg om Hamsun. På programmet stod kyrkjekonsert med Hamsun-dikt, Hamsun-filmar, vandring i Hamsuns litterære landskap og fleire Hamsun-inspirerte kunstutstillingar.

I tillegg vart det arrangert ein forsoningskonferanse mellom nordmenn og samar som også var knytt til Knut Hamsun forfattarskap. Underteikna var ikkje til stades på konferansen. Den som har lese Markens grøde, veit at Hamsun skreiv nedsetjande om samane, men eg finn det rart at det skal vera behov for ein forsoningskonferanse mellom dagens samar og ein død forfattar.  

Provokasjonsfritt:

Hamsun-dagane er omfangsrike, men det skortar på provokasjonar.

– Ein kan tulla med andre store norske diktarar, men ikkje med Hamsun, seier ein seminardeltakar.

Og sånn verkar det. Så skikkelege er Hamsun-dagane at det kunne vera behov for ein liten frynsefestival – med teater, rap, rock, viser og dikt som er knytte opp mot Knut Hamsun. Det er å håpa at dei som sit på opphavsrettane ser vitsen i å la dei unge få sjansen til å ta Hamsun i bruk.

Idretts-Hamsun:

I dag held litteraturseminaret til i ein avdelt del av Hamarøyhallen. Der er det lite som minner om Knut Hamsun og hans rike. I år var i alle fall eitt arrangement lagt til Hamsund grendehus. Me får tru at idrettspreget forsvinn når Hamunsenteret står ferdig – i god tid før 150-årsdagen for Knut Hamsuns fødsel – i 2009.

Skral medieinteresse:

Ingen riksaviser fann det i år for godt å dekkja Hamsun-dagane, bortsett frå Dag og Tid. Men trass i at både riks- og regionaviser ikkje var å sjå, er direktør i Hamsun-stiftelsen, Knut-Erik Høiby, nøgd med mediedekninga. Han viser til god dekning i NRK og i regionalavisene.

Mange oppturar:

Foredraga til Ingar Sletten Kolloen, Ragnar Hovland og Britt Andersen var oppturar. Det var også konserten med Ole Paus og Jonas Fjell, Landstrykere som nattkino og Hamarøy-naturen.  

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |