Dag og Tid nr. 33, laurdag 14. august 2004:


Sakprosa:
Dagleg, ikkje laurdag
Eit klassisk spørsmål lyder: Kva ville du helst hatt med deg på ei aude øy?
Dersom øya heitte Batalden, Nekkøy eller Ålvora, ville eit godt svar vera «Rutehefte for Sogn og Fjordane».

SAKPROSA
Sogn og Fjordane fylkeskommune:
Felles rutehefte for buss, båt og ferje i Sogn og Fjordane.
209 sider (hefta).
Illustrert.

Og det ville vera eit godt svar same kor du har tenkt deg hen i det mangfaldige fylket mellom Sunnmøre og Nordhordland. Ruteheftet er nemleg sjølve lykelen til å koma seg til og frå både dei nemnde øyane og tusenvis av andre stader over heile fylket.

Bokserie

Kvart år samlar rutelaga i Sogn og Fjordane alt som er av båt-, buss- og ferjeruter i eit tjukt hefte, som ein like gjerne kan kalla ei lita bok. Til saman gjev denne bokserien eit eineståande bilete av samferdsla i fylket, og av dei store omskifta som har vore opp gjennom åra.

Ei bok som inneheld alle ruter med buss og båt i heile fylket er sjølvsagt nær uunnverleg for svært mange. Men i tillegg til å vera ei daglegdags bruksbok som fortel når bussen går frå Grotle til Nødset (07.25 dagleg, ikkje sundag, mot førehandstinging) er dei vel to hundre sidene også ei kjelde til mykje annan kunnskap om fylket som ligg fyrst eller sist på alle statistikkar. Som til dømes at det framleis bur folk langs mange veglause strender og på ytste øyar, og at det ein stad må finnast ein vilje til å knyta desse saman med resten av samfunnet. Dei mange båtrutene i ytre delar av Flora og Solund kommunar er døme på dette. Etter rådande tankegang mange stader burde både busetnaden og i alle fall båtrutene her vore nedlagde for lenge sidan. Det same gjeld langs den veglause stranda mellom Arnafjorden og Ortnevik på sørsida av Sognefjorden, der «MS Sylvarnes» framleis går mjølkerute med folk og fe og inntil sju personbileiningar.

Viljen til å halda oppe ruter til alle desse utpostane ligg i stor grad i Sogn og Fjordane fylkeskommune, som har ansvar for kollektivtrafikken i fylket. Dét passar fylket nøye på å fortelja på eigne informasjonssider fyrst og sist i ruteheftet, og for ein institusjon som mange ynskjer livet av, er det nok viktig å syna at ein faktisk har ei oppgåve.

Samferdsle og reiseliv

Ein kan også lesa seg til at turisme er ein viktig næringsveg i fylket. Dei mange utvida og særskilde sommarrutene (i raud skrift) syner det. Ruter som eigentleg er nedlagde (på grunn av nye vegar og tunnelar) får nytt liv for turistane om sommaren, til dømes båtane frå Gudvangen mot Lærdal og Flåm. Utgjevarane synest òg å vri sjølve heftet noko over frå rein samferdsle mot reiseliv, med naturbilete på omslaget og slagordet «Vi knyter opplevingane saman!». Ein kunne tenkja seg at ein la inn nokre sider om turistmål og overnattingsstader for å gjera ruteheftet til ei meir komplett reisehandbok, men det er sikkert best å la det vera. Det er mest eksotisk slik det er.

For boka er uansett full av flotte utferder for den som vil sjå seg om, frå bussturar over høgfjellet til øy-hopping ytst i havgapet. Mange av haldeplassane er langt utanfor allfarveg og nytta berre av dei spesielt interesserte. Uttrykka «stoppar dersom passasjerar» og «berre mot førehandstinging» går ofte att i den korthogne prosaen som pregar boka.

Tunnelar og grenser

Ein kan lesa denne bokserien som årbøker over samferdsla i Sogn og Fjordane. Det fyrste bandet eg lærde å kjenna, var 1990-årgangen. Då var eg på ei vekes rundreise i Sogn, og ei nærlesing av ruteboka syner at mykje er annleis no 14 år etter. Ytst i Lustrafjorden har ferjeruta Solvorn – Urnes overlevd nedleggjingstrugsmålet, men går ikkje lenger utover til Kinsedalen, der dei har fått veg no. Derimot er Fylkesbaatane framleis usamd med seg sjølve om heimstaden til eldste stavkyrkja i landet skal skrivast med O eller U.  

Men det mest synlege nyhendet er nok alle dei lange tunnelane i Sogn, med Gudvanga- og Lær-dalstunnelen som dei lengste. Dette har snudd opp-ned på mykje: langrutebussar har lagt om ruta, nye bussruter er komne til, ferjekaiar er flytte og båtruter lagde ned. Og handelslekkasjane tek nye vegar. Ei heil bygd skifte kommune då Fjærland vart vegfast med Sogndal, trass i bompengane som stadig stig.

Det tradisjonsrike fylkesrutelaget har skifta ham siste åra, men ny-namnet «Fjord1» er ikkje mykje synleg i denne teksten. Her er det framleis Fylkesbaatane som gjeld.

Boka er oversiktleg delt inn i eigne kapittel etter reisemåte og -mål, og kvart kapittel byrjar med eit kart over ruteområdet. Fyrst kjem ekspressbåtar og -bussar, så lokalbussar i sju soner i kvar sine kapittel. Ferjer og snøggbåtar har kvar sine bolkar, sameleis rutebrigde i høgtidene. Heilt til sist kjem eit utbrettskart over heile fylket (i fargar). Eit nyttig hjelpemiddel, som hadde vore endå nyttigare med fleire stadnamn på. Boka kunne elles hatt godt av noko korrekturlesing.

Ruteheftet er å få tak i på ferjer, bussar og rutebilstasjonar over heile fylket. God tur!
Øystein Skjæveland

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |