Dag og Tid nr. 32, laurdag 7. august 2004:
Paranormaliteten:
Kvar vart det av alle UFO-ane?
Det er dårlege tider for både UFO-ar, sjøormar og spøkjelse. Ikkje berre i Noreg, men i store delar av den vestlege verda, er dei i ferd med å tørka heilt inn.
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no
Det er nesten ingen som fortel om paranormale fenomen lenger, melder både norske og utanlandske observatørar.
UFO-bølgje
På 90-talet hadde ei avis som VG stadig nye artiklar om overnaturlege fenomen. Var det ikkje UFO-ar eller sjøormar, var det gjerne attergangarar.
Den gongen laga til og med Dag og Tid reportasje frå Hessdalen nokre mil nordom Røros. Der var det observert fleire UFO-ar dei siste åra, og aktiviteten var så stor at kommunen tenkte på byggja opp turismen kring alt det merkelege som bygdefolket såg på kveldshimmelen. Sidan las me at det vart bygt opp ein observasjonspost på staden. Særleg meir vart det visst ikkje, og no er UFO-artiklar sjeldan kost i norske aviser.
Internasjonal trend
Dette er ikkje berre uttrykk for at nordmenn vil ha meir nøkterne historier. Det er uttrykk for ein internasjonal trend.
Har Nessie vorte einebuar?
Vitjar ikkje mennene frå Mars oss lenger?
Har spøkjelsa vorte borte for godt?
Kvar har det vorte av dei mange observasjonane, spør den engelske kvalitetsavisa The Guardian. Og prøver å etterforska den mystiske døden til det paranormale. Avisa slår fast at dei siste åra har det vore eit krasj i den spektakulære marknaden for paranormal aktivitet. Verda er ikkje lenger så merkeleg som ho var.
Sidan sjøormen Nessie i Loch Ness i Skottland vart sett første gongen i 1933, har Nessie-observatørane kvart år fått inn 15-20 rapportar frå folk som har sett sjøormen. Og i spesielt gode år, har det kome inn opp imot 40 rapportar. I januar i år måtte den offisielle Loch Ness Monster-fanklubben vedgå at i dei siste 18 månadene hadde dei berre høyrt om tre observasjonar. Og dei var gjorde av lokalbefolkninga. Turistane hadde ikkje observert noko som helst.
Unaturleg nedgang
Det er ikkje gode tider for spøkjelsa heller. I Storbritannia er The Society for Psychical Research den mest prestisjetunge instansen som driv med spøkjelsejakt. Visepresidenten Tony Cornell har vore aktiv i spøkjelsejakta i 50 år, men han har ikkje fått sjansen til å bruka det dyre jaktutstyret sitt i det siste. Før brukte dei å få mellom 60 og 80 spøkjelsesrapportar i året.
No får me ingen. Ein merkeleg nedgang. Det er verkeleg rart, seier han til The Guardian.
Like merkeleg er nedgangen i talet på UFO-ar. Tidlegare i år vart det klart at det leiande britiske tidsskriftet som skriv om flygande tallerkenar, har hatt ein nedgang i salet. Samstundes rapporterte Bufora, som er det leiande forumet for himmelsjåarar, at talet på UFO-observasjonar hadde gått nedover sidan slutten på 1990-talet. Mest talande er det at The British Flying Saucer Bureau har stogga aktiviteten, etter at talet på observasjonar gjekk ned frå kring 30 i veka til nærare null.
Men nedgangen er ikkje berre eit britisk fenomen. I Indiana i USA har den amerikanske amatørforeininga av UFO-interesserte registrert eit stadig og akselererande fall i UFO-aktiviteten like sidan midten av 70-talet.
Årsakene
Det er mange som funderer på kva som er årsaka til denne merkelege tilbakegangen. Kanskje er det den sterke teknologiske veksten i observasjonsutstyr? Den sterke veksten i talet på mobiltelefonar har også vorte nemnd. Kanskje lir spøkjelsa av denne innblandinga, eller kanskje heng nedgangen saman med at folk ikkje lenger har tid til å sjå etter spøkjelse. Når folk heile tida rasar rundt, spelar dataspel og surfar på nettet, er det kanskje ikkje så bra for den som skal møta overnaturlege vesen.
Også når det gjeld tilbakegangen for UFO-ane er det ulike teoriar. Somme har meint at den globale oppvarminga har vore medverkande. Andre har hevda at det er like mange UFO-ar som før, men at ein konspirasjon av media og styresmakter har valt å oversjå dei. Sosiologar har kome med meir sannsynlege forklaringar. Dei viser til at når fjernsynet og Hollywood er interesserte i UFO-ar, vil folk flest også vera meir på jakt etter flygande tallerkenar.
Global forklaring
Fortean Times, som er Storbritannias leiande magasin om uforklarlege fenomen, prøver seg med ei global forklaring. Ein talsmann for magasinet viser til at den vanlege verda har vorte meir trugande og interessant enn ho var for nokre år sidan. Journalistar har krigar og fælslege ting nok å skriva om. Dei treng ikkje rykkja ut når det vert rapportert om eit spøkjelse.
Somme trur at 11. september og terroråtaka har greidd å fylla dei mørke hola i menneskesinnet som ein gong var reservert spøkjelse og overnaturlege vesen.
Walter Furneaux, som er klinisk psykolog ved Brunel University som spesialiserer seg på paranormalitet og parapsykolgi, har si forklaring. Han viser til at for folk er ideen om ein al-Qaida-terrorist mest lik eit framand vesen.
Me skjønar ikkje kulturen deira, og me veit ikkje heilt korleis dei ser ut. Dei bur langt borte og vert oppfatta som eit trugsmål om lag slik framande vesen vart det, seier han.
Somme meiner at me har vorte mindre godtruande, men ikkje alle er så positive.
Tessa Kendall er medlem av London-foreininga Skeptics som analyserer det paranormale. Ho vedgår at det har vore ein nedgang i talet på spøkjelse og monster, men Kendall minner samstundes om at det har vore ein sterk vekst i talet på konspirasjonsteoriar. Ho meiner at folk er meir paranoide og urolege enn nokosinne. Så kanskje er det slik dei uttrykkjer si innarste frykt i dag, seier ho.
Færre norske UFO-ar
Hittil i år er det berre observert to UFO-ar i Hessdalen og fire i Nord-Noreg.
Langt færre enn tidlegare.
Hessdalen
Erling P. Strand er til dagleg høgskulelektor i Østfold, men han har vore ei av drivkreftene på observasjonsstasjonen for UFO-ar i Hessdalen i Sør-Trøndelag. Han fortel om ti UFO-observasjonar i fjor, seksten i 2002 og ti i 2001. Strand veit ikkje kva som er skuld i nedgangen; om det faktisk er ein nedgang, eller at folk har vore mindre flinke til å fortelja om eventuelle observasjonar.
Sjølv har han vore i USA ein del av dette året, og stasjonen i Hessdalen har dessutan lege nede. Dette kan naturlegvis ha hatt innverknad på talet på observasjonar.
Er interessa for UFO-ar på sterk retur?
Nei, men eg er kanskje ikkje den rette til å svara på det. Framleis har me bra besøk på nettstaden vår.
Skriv media mindre om UFO-ar no enn tidlegare?
Dei to siste åra har me hatt science camp og fått bra mediedekning. Denne hausten kjem det to filmteam, frå Irland og Sverige, til Hessdalen. Og framleis får ein førespurnadar frå utanlandske journalistar, men mengda er heilt avhengig av at det skjer noko, seier Erling Strand.
Nord-Noreg
Leif-Norman Solhaug er leiar for UFO-Nord Noreg, og han fortel om ein sterk nedgang i talet på observasjonar; frå 26 i 2002 til 13 i fjor og berre tre-fire så langt i år. Den siste skriv seg frå Kjerringøy nordom Bodø. Der vart det sett ein trekanta tingest som rørte seg på ein underleg måte, men hittil har ein ikkje funne noko forklaring på fenomenet.
Det har vore svært roleg den siste tida. Nedgangen er uforståeleg. Kanskje folk er trøytte av hysteriet. Kanskje er dei ikkje så merksame som før, seier Solhaug på telefonen frå Flakstad i Lofoten.
For kring 20 år sidan var UFO-ar det mest spennande. No er fenomenet ikkje så interessant lenger, og det fører kanskje til at folk i mindre grad ringjer inn og fortel det når dei har sett noko. Men me ser berre
toppen av isfjellet, og det er nok difor langt fleire observasjonar enn det som me får kjennskap til, seier Leif-Norman Solhaug.
Ventar på sjøormen
Seljordsormen har ikkje vist seg i år, men kanskje dukkar han opp no i hundedagane.
Det vonar i alle fall kultursjef Bernt Solvoll i Seljord.
Det er i hundedagane frå 23. juli til 23. august at sjøormen parar seg. Det er når det er varmt i vatnet at dei fleste observasjonar vert gjorde. Hittil i år har me ikkje fått inn ei einaste melding om at nokon har sett han, men i fjor kom ein vaksen familiefar frå Telemark med ein filmsnutt som synte noko rart. Det var det same som mange har sett tidlegare; på heilt blikstille vatn, kjem det brått bølgjer som slår imot deg. Og så ser du buktingar. I fjor var det to av dei.
Er det færre observasjonar enn tidlegare?
Det går i rykk og napp. I nokre år var det svært stille, seier Solvoll.
Han meiner at det har vore gjort sjøorm-observasjonar kvart einaste år sidan han vart kultursjef i Seljord i 1998.
Det er ikkje uvanleg med to-tre observasjonar i året, men mørketalet er høgt. Mange held kjeft av di er redde for å verta ledd ut, og slik var det med karen som såg noko i Seljordsvatnet i fjor. Sommeråpent i NRK ville han til å stå fram, men han våga ikkje.
Flyt i vasskorpa
I 1998 gjekk Seljord kommune inn i eit prosjekt som skulle avsløra sjøormen, men det gjekk ikkje så bra.
Det skapte stor interesse, og Discovery Channel kom for å laga reportasje. Svensken som kom for å avsløra sjøormen, har vore i Seljord eit par gonger seinare, og han kjem visst tilbake no i august også. Det undrar meg ikkje om det vert gjort observasjonar også denne sommaren.
Du trur på sjøormen?
Sjølvsagt. I kommunen likar me helst å la sjøormen flyta i vasskorpa midt mellom draum og røyndom.
Viss ikkje får de sparken?
Det er heilt rett, seier kultursjefen og ler.
|