Dag og Tid nr. 32, laurdag 7. august 2004:
Roald Helgheim:
Vegleiing for dei forvirra
Då den avhoppa israelske jazzmusikaren Gilad Atzmon heldt konsert på Vossa Jazz i fjor, sa han at bandet hans hadde som mål å frigjere Palestina. Så langt hadde dei ikkje kome enno, sa han, men i framtidsromanen hans er staten Israel historie. En veiledning for de forvirrede er full av svart satire, men er også ein roman til å få politisk forstand av, i ei tid då leiarane i landet Atzmon emigrerte frå, styrer rett mot avgrunnen. I romanen er det slutt for Israel før 2010. I fjor gav Atzmon og bandet ut plata Exile, med palestinske Reem Kelani som vokalist. Heimesida brukar han like mykje til politikk som musikk, med løpande kommentarar til det politiske spørsmålet som opptek han
mest: Så lenge jødar ser på seg som utvalde, blir det inga løysing. Det er ein kritikk som ikkje berre råkar det sionistiske høgre, men også ei venstreside og ei fredsrørsle som ikkje innser at ein «jødisk» grunngjeven kritikk av sionismen i seg sjølv er med på å legitimere han.
I eit intervju i samband med plateutgjevinga sa han at det finst ikkje noko autentisk i det som blir kalla «jødisk musikk». Klezmer-musikken dreier seg meir om Balkan og om aust-europeisk og orientalsk musikk. Resten er palestinsk. På den første sionistkongressen i 1897 sa Chaim Weizman at det finst ingen engelske, franske, tyske eller amerikanske jødar. «Det finst berre jødar som bur i England, Frankrike, Tyskland og Amerika.» Den jødiske forfattaren Arthur Koestler kritiserte skarpt dette synet. Etter at staten Israel var oppretta, hadde jøden fått eit val: Enten å emigrere til Israel eller å ikkje kalle seg jøde. Og som stat måtte Israel vere som alle andre, med rom for alle nasjonalitetar, ikkje ein stat tufta på «jødedommen». Gilad Atzmon, som vart fødd tidleg på sekstitalet, var soldat i den israelske hæren. Ein dag orka han ikkje å jakte på
palestinarar lenger, og emigrerte. At dette hende året etter Osloavtalen, var ikkje tilfeldig. Atzmon såg kva veg det bar.
I ungdommen er også hovudpersonen i romanen En veiledning for de forvirrede israelsk soldat. Namnet er Günther Wunker, ein seinare hebraisk professor som i 2052 får sine politiske livsminne utgitt post mortem, av Det tyske instituttet for sionismeforsking. Det siste livsteiknet etter han er frå 2032, då Wunker har vendt heim frå feiringa av 25 årsdagen for opprettinga av den palestinske staten. Memoarane hans er redigerte av leiaren for instituttet, Friedrich Sharavi, som i føreordet skriv: «Det er ingen hemmelighet at staten Israels kulturelle bidrag til klodens åndsliv i løpet av de seksti årene den besto, var ytterst beskjeden.» Bokhyllene er fulle av skriftene til jødiske intellektuelle, men frå den jødiske staten har det ikkje kome mykje av verdi. «Hva er det med jødene som lammer hjernevirksomheten deres og gjør dem til idioter så snart de flokker seg på ett
sted?», spør han. Kvifor valde dei forteljinga om Masada som ein sentral myte rundt opprettinga av staten sin? (Masada var eit fjellplatå der 1000 væpna jødar i år 73 gjorde kollektivt sjølvmord etter ha blitt omringa av romarane).
I tretti år har instituttet leita etter intellektuelle som kunne gi svar. Wunker vart oppmoda om å skrive memoarane sine, eit arbeid han ikkje rakk å fullføre. Det er desse brokkane frå eit liv, som utgjer den på same tid djupt alvorlege og svart satiriske romanen. Kvinnene står tidleg sentralt i livet til den kåte unge mannen som sjølv kallar seg ein profesjonell feiging. Som soldat nådde han ikkje opp til venen Alberto, som vart teken opp i ein topp hemmelege elitetropp, der det første dei måtte lære seg, var å gløyme alt dei hadde lært. Berre på den måten kunne dei meistre dei militære operasjonane. Gløymetroppen var ein elitetropp av hjernevaska. Men Wunker er ikkje innstilt på krigsdåd, og ein dag skyt han seg i foten. Smerteskriket blir tolka som eit kommandorop, soldatane går til aksjon, og dagen etter vaknar han opp på eit sjukehus som krigshelt.
Med tida flytter Wunker til Europa. Han gir avkall på den jødiske identiteten og slår seg opp som sexteoretikar, med den greina av pornoindustrien som kallar seg peep-show, kikking, som spesiale. Mystiske kvinner av mange slag kjem i vegen, og ei av dei er ei oppblesen plastdokke kalla Margrethe. Metodane for seksuell utløysing er altså mange, og det er under arbeidet med den voyeuristiske forskinga han finn det naudsynt å lage ein pedagogisk analyse med namnet Veiviser for de forvirrede.
Den politiske satiren er ikkje alltid like råkande som sex-historiene er absurde. Han vil truleg ikkje ruve blant beslekta politiske framtidsromanar som George Orwells 1984 og Jack Londons Jernhælen. Men i brevvekslingar på slutten nærmar roman-professoren seg problemstillingar som forfattaren Atzmon elles reindyrkar i andre politiske skrifter. Ein bestefar var med i terroristorganisasjonen Irgun, med den leiande sionistiske ideologen Vladimir Jabotinsky (1880-1940) som førebilete. Han forstår sionismen, som han ser på som den største trusselen mot verdsfreden. Han forstår ikkje dei som trur dei kjempar mot sionismen «i namnet til den sekulære jødiske identiteten sin», under slagordet «ikkje i mitt namn». Det einaste jødiske alternativet er assimilering. Det er tilhengarane av assimilering som historisk alltid har vore siomismens farlegaste fiende, skriv Atzmon.
Slik eg les han, er han det «jødiske» motstykket til Edward Said, palestinaren som såg på ein stat av likeverdige nasjonalitetar som den einaste løysinga i Midtausten.
|