Dag og Tid nr. 32, laurdag 7. august 2004:


Leiar:
Gass-strid

Statoil har lansert nye planar om gasskraftverk – denne gongen på Mongstad og Tjeldbergodden. Lokalpolitikarar både i Kr.F og Sp har teke til ordet for å satsa på gass, men det er verd å minna om at på Mongstad vert CO2-utsleppet på 900.000 tonn og på Tjeldbergodden 2,7 millionar tonn. Dei to gasskraftverka kjem til å auka dei norske CO2-utsleppa med heile ni prosent, og berre på Mongstad svarar det til utsleppet frå 250.000 bilar.

Trass i dette har fungerande konserndirektør i Statoil, Einar Strømsvåg, hevda at satsinga kjem til å gje positive miljøgevinstar. Han meiner at prosjekta reduserer dei globale klimagassutsleppa av di importen frå ureinande energikjelder vert mindre. Han er ikkje så oppteken av Kyoto-avtalen og at Noreg har plikta seg til å redusera utsleppa. Han nemner heller ikkje fiaskoen med Naturkraft, som skulle byggja ut gasskraftverk på Kollsnes og Kårstø. Denne veka kunne VG fortelja at Naturkraft har svidd av ein halv milliard kroner utan å få til noko. No kan det verta aktuelt å leggja ned selskapet.

Samstundes kjem det meldingar om at EU har redusert sine utslepp frå 1990 til 2002, medan Noreg har auka sine med seks prosent i denne perioden. Og veksten har halde fram med rekordfart i 2003, fortel Dagbladet. Dette skjer medan Storbritannia reduserer med heile 15 prosent.

I Naturvernforbundet omtalar dei den norske auken som pinleg. Statssekretær Øyvind Håbrekke i Miljøverndepartementet frå KrF er ikkje samd og slår fast at Kyoto-protokollen skal haldast. Difor meiner han at bygging av gasskraftverk med dagens teknologi er uaktuelt. Dette bør lokal- og fylkespolitikarane merka seg. I staden for å be om ureinande gasskraftverk, bør dei fortelja miljøvernstatsråden kva tiltak som skal setjast i gong for å redusera utsleppa.
Ottar Fyllingsnes

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |