Dag og Tid nr. 32, laurdag 7. august 2004:
Walid al-Kubaisi
Jakta på den historiske Luther
Martin Luther er reformasjonens far. Det var reforma hans som bana vegen for at Europa vart berga ut av den knugande kyrkjemakta frå mellomalderen. Dette lærde eg i den arabiske verda av muslimske intellektuelle som står for sekularisme og rår samfunnet til å fylgja Europas historiske spor. I denne delen av verda ventar dei opplyste på ein Luther som skal berga islam frå dei religiøse mellomaldertankane.
I Noreg møtte eg Luther i ei bok av Jens Bjørneboe: Der siterer han Luther og fortel at då nazistane okkuperte Noreg, brukte dei sitat frå Luthers skrifter for å legitimera ei religiøs jødeforfølging i Noreg. Då eg las dette, trudde eg ikkje Bjørneboe meinte den same Luther som var ei stjerne i verdshistoria.
Nyleg las eg ei bok med Luther-sitat, omsette frå tysk av Ronnie Johanson: Luthers lille brune. Sitater fra Martin Luther, Religionskritisk Forlag, utgjeven med støtte frå Human-Etisk Forbund). Luther har late etter seg eit hundretal store band med talar, bordtalar og samtalar. Å lesa alt Luther skreiv, er ei uoverkomeleg oppgåve, seier Johanson i føreordet til boka. Men han omsette utvalde sitat som viser at Luthers skrifter og tankar ikkje er sømelege å tru på i vår tid. For Luther «hadde en mørk side som ofte forties». Luther hata jødar og bønder. Han ville gjennomføra slaveri, han forakta fornufta og kjønnsdrifta og kalla dei for grove synder. Han kalla kvinnene for djevelens prestinner og ville avretta dei som nekta ektemannen sex. Han meinte tyranni og diktatur er den styreforma vi treng. Luther var medskuldig i at heksebrenninga auka etter reformasjonen. Å gje ut Luthers sitat i
dag, tener til opplysing om grunnleggjaren av dei protestantiske samfunna, trua deira og historia deira.
Sitata spenner i 14 kapittel frå jødane og djevelen til heksene og bøndene. Om ein prest i dag hadde uttala eitt av desse sitata, ville Den norske kyrkja ha reagert sterkt og presten vorte meldt for kvinnediskriminering eller antisemittisme. Han ville ha mist arbeidet og vorte teken avstand frå.
Kyrkja har utvikla seg, gudskjelov, slik at av Luther er det ikkje mykje att i dag. Difor meiner eg at det interessante og konsise føreordet snublar når forfattaren kritiserer Den norske kyrkja i dag: Han seier at når kyrkja blir konfrontert med Luthers usømelege sitat, svarar kyrkja med at Luther er eit barn av si tid. Forfattaren konkluderer: «Man kan trygt si at Den norske Kirke er et barn av Luthers tid.»
Den norske kyrkja er fødd som eit barn av reformasjonen, men barnet har klart å veksa opp med tida. I dag er det ingen som aksepterer Luthers utsegner om pavemakta, jødane, kvinnene og kjettarane osb. Kva er att av Luther i Den norske kyrkja? Evangelia. Modifiserte tolkingar i harmoni med vår tid. Reine teologiske, tidlause tankar som er baserte på Luthers katekisme. I praksis har Luthers negative personlege meiningar løyst seg opp med tida og blitt borte frå standpunkta til kyrkja.
Den historiske hendinga som skil Luther frå resten av teologane i si tid, er ikkje meiningane hans, dei nyskapande tankane og dei teologiske tolkingane hans, men det praktiske steget han tok med å protestera mot pavemakta. Det er spranget han tok, det som endra historia. Paven og kyrkja miste makta og då skilde også den teokratiske makta seg frå politikken. Det var dette som redda kristendommen frå politikken, førte Jesus tilbake til Evangelia som understrekar «gje keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er». Kristendommen kom på plass att, etter mange hundreårs samanblanding med politikk, korrupsjon, blod og krosstog.
At ein kritiserer Den norske kyrkja for Luthers meiningar, er like meiningslaust som å kritisera dei einskilde humanistane i våre dagar for den franske revolusjonens opplysningstankar; dei òg hadde mørke sider når det gjeld stillinga til kvinnene. Men den franske revolusjonen elta seg med tidsutviklinga og skapte føresetnader for at kvinnene reiste seg for rettane sine og for likestilling.
Den norske kyrkja har i dag frigjort seg frå Luthers jødehat, hekseforfølging og fanatisme. Det er eit klart skilje mellom Luthers tankar og det frie klimaet i kyrkja i dag. Biskopane var mellom dei få som protesterte mot deportasjonane av jødane i Noreg. Det var ikkje humanistane, ikkje dei opplyste intellektuelle, men biskopane i Den norske kyrkja. Det var dei som skreiv brev i 1942 og tok avstand frå deportasjonane av jødane. Difor er det nesten ingenting som knyter Den norske kyrkja moralsk og symbolsk til Luther anna enn ein historisk spindelvev.
Walid al-Kubaisi
|