Dag og Tid nr. 32, laurdag 7. august 2004:


Klok på bok 673:
Alkoholikar og narkoman
Så vart sommaren strålande!

I halve dag har eg vegra meg mot å stikka den første tåa – eller – klauva – opp frå vatnet...

Men heldigvis finst det ferierande som løyser oppgåver sommarstid også, og difor kan eg gle meg over fire rette svar.

Frå Bergen fortel Olav Molven om ein by full av turistar og om vitjing av turistskip store som tre fotballbaner.

– Likevel, Göran T. er viktigare. Kpb har førsteprioritet
, skriv han.

Slik tale får meg i godlag; kvifor skal ein betala tusenlappar for å reisa med gigantiske skip når ei lita bok kan føra ein mykje lenger?

Ingrid i Naddvik har heilt rett, løysinga på Klok på bok nummer 671 er Juleoratoriet av Göran Tunström. Ho har til og med kjøpt Bach sitt meisterverk på CD og hatt musikken som følgje under heile lesereisa frå Sunne i Sverige til New Zealand.

Ho er vinnar denne veka, men det kom rette svar også frå Olav Molven, Steinar Teigen i Oslo og Ranveig Lundqvist i Orkanger.

Göran Tunström fekk eg oppleva berre ein gong. Det var på 17. mai tidleg på 90-talet. Han deltok i den alternative utefesten på Café Nordraak midt i norske hovudstaden. Og der las han ei historie med handling frå Oslo. Eg har aldri fått tid til å sjekka kva historia heitte, eller kvar ho har stått på trykk. Kanskje er det nokon som veit?

Diverre døydde Göran Tunström så altfor tidleg. Men sidan har Rolf Alsing, som ein gong var sjefredaktør i Aftonbladet, skrive bok om meisteren, Prästunge och maskrosboll.  

Det er ei bok om humoristen, trøystaren og den magiske realisten Tunström, men også om ikkje-sosialisten som trudde på sosialismen, om gudsfornektaren som heile tida arbeidde kunstnarleg med eit religiøst språk og med eksistensielle spørsmål som låg nær opp til religionen.

Og i forordet skriv värmlendingen Alsing:

– Dikta og romanane hans har hjelpt og hjelper meg til å sjå lys i mørkret, og det har fått meg til forstå at det trass alt ikkje er så langt til det som er langt borte. Finst det sorg, så finst det glede...

I ein artikkel i Aftonbladet for eit par år sidan avslørte Alsing ei ukjent side ved Göran Tunström. Han viser til at Tunström fortalde i avisa Dagens Arbete at han hadde planar om å skriva ein kriminalroman med politimannen Bertil Varg i Vedum i hovudrolla. Men prosjektet havarerte. Tunström rakk knappast å finna opp Varg før etterforskaren stupte. Varg døydde allereie på første sida i første delen av det som skulle verta ein serie på ni bøker.

Alsing fortel at Tunström skreiv ein kriminalroman midt på 60-talet, men det skjedde under pseudonymet Paul Badura Mörk. Hallonfallet heitte boka, og ho vann andreprisen i ei tevling. Sidan har ho høyrt til dei hemmelege og bortgøymde delane av Göran Tunströms forfattarskap. Hallonfallet handlar om den unge forfattaren Johan Omne og den målande kona hans Sara Sahlin som kjem til ferieøya på vestkysten og finn ei død kvinne oppe i ein bringebæråker. Sjølv hadde Göran Tunström og målaren Lena Cronqvist hus på Koster, og kanskje finn ein spor derifrå i boka?


Klok på bok 673

Jeg føler alltid en dragning tilbake til steder der jeg har bodd før – husene, omgivelsene. Det er for eksempel en mursteinsbygning i East 70. Street hvor jeg i begynnelsen av krigen hadde min første New York-leilighet. Den var på ett rom, fylt til trengsel med loftsmøbler: en sofa og tykke lenestoler trukket med rød plysj av den skabbete sorten som får en til å tenke på varme dager på toget.

Det er 20 år sidan forfattaren døydde. Bak på boka som har hamna i mitt hus, vert han omtalt som alkoholikar, narkoman og homoseksuelt geni.

Romanen som er sitert her, kom ut i 1958. Berre tre år seinare vart han filmatisert med Audrey Hepburn i hovudrolla.

Send svaret til Klok på bok, Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, eller til klok@dagogtid.no, eller på faks til 22.41.42.10.
Barrabas

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |