Dag og Tid nr. 32, laurdag 7. august 2004:


Bøker:
Sentimentalt forsvunnen
Alle mine kjære har ein sterk tematikk, men druknar i såpeglatt sentimentalitet.

ROMAN
Alice Sebold
Alle mine kjære
Orginaltittel The Lovely Bones (2003)
Omsett av Anne Karin Torheim
Det Norske Samlaget 2004
318 sider

Ei fjorten år gamal jente har nett fått sitt første kyss. På veg heim frå skulen møter ho ein mann som valdtek, drep og parterer henne for så å dumpe henne i eit gjørmehol. Etter ei tid blir olbogen hennar funnen, men mordet blir aldri oppklara.

Alle mine kjære
kom ut i 2003 og er den amerikanske forfattaren Alice Sebold (f. 1963) sin debutroman. Boka er allereie vorte ein prislønt bestseljar og er komen ut i over 30 land. Det er sjeldan at slike internasjonale bestseljarar blir omsette til nynorsk. Det er Anne Karin Torheim som står for omsetjinga.

Romanen har ei sterk opning: «Namnet mitt var Salmon, som fisken. Fornamn: Susie. Eg var fjorten då eg vart myrda den 6. desember 1973. Mordaren var ein mann frå nabolaget», men grepet glepp eit stykke ut i romanen. Det er Susie som er forteljaren og det er frå blikket hennar, frå livet etter døden det blir fortalt. Romanen er fri frå kristne førestellingar om ein paradisisk tilstand etter døden. «Til å begynne med då eg nett var kommen inn i himmelen, trudde eg at alle såg det eg såg», seier ho. I staden blir himmelen hennar forma etter dei barnlege ønska og draumane ho til kvar tid har. Her er det hundar, is og venninner, men også ei sterk sorg. Ei vaksen kvinne som prøvar å trøyste, men ingen kan hjelpe henne med det ho ønskjer aller mest. Ho kan aldri få fortalt familien sin kva som eigentleg skjedde. Himmelen er også på jorda. Taust og alltid til stades som ei blafring med lysa, eit vindpust eller ei kjensle, ser Susie korleis den ein gong så lykkelege familien hennar går i oppløysing etter tragedien.

Det barnlege blikket

Styrken i romanen er dette barnlege blikket og den nøkternnaive barnelege forteljemåten. Susies døde nærvær og historie er skriven fram med ein lett penn som ofte nyttar overraskande vinklar og detaljar som veg inn mot personane sine kjensler, tankar og handlingar. Susie følgjer med i det som skjer med familien sin, vennene sine, etterforskaren og andre som blir råka av forsvinninga hennar. Forsvinninga bind lagnadene deira saman på godt og vondt. Korleis kan ein akseptere at eit barn er drepe på ein slik grotesk måte og at mordaren går fri? Korleis skal ein kunne skape ein samanheng i verda når det ikkje lenger finst meining i det som skjer?

Dei etterlatne har kvar sine måtar å takle sorga på. Nokre prøver så godt dei kan å leve vidare medan andre rømmer unna det grufulle. Faren forsvinn inn i seg sjølv og søstera seier det slik: «Korleis kan eg akseptere å vere bunden for resten av livet til ein mann som er frosen fast i tida?»

Handlinga i romanen liknar ein krim, men er det ikkje, sjølv om mordaren si historie også har ein sentral plass i forteljinga. Susie observerer mordaren sin i for- og framtid, og møter etter kvart andre ungjenter med same lagnad som seg sjølv. Men ho kan ikkje sjå inn i tankane hans. Dit inn, til rota av det vonde kjem vi ikkje. Dette er ei svakheit ved romanen. Sebold gir rett nok mordaren ein tragisk barndom og plasserer han i eit passe skummelt hus, men løfter han aldri ut av det stereotype.

For lang

Romanen er lettlesten og lang, alt for lang. Det barnlege blikket er interessant, men ikkje sterkt nok til å halde forteljinga oppe. Romanen flyt etter kvart utover alle moglege grenser og det er like vondt som å sjå is smelte i sommarvarmen. Det er trist, og eg kunne godt tenkt meg å luka bort ein sytti, åtti sider amerikansk tabloidfilosofisk sentimentalitet. For sjølv om historia som fortalt er vondt, tematikken grufull og dei eksistensielle spørsmåla store, blir Alle mine kjære aldri meir enn ein guida rundtur på smerta si overflate.
Nora Simonhjell

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |