Dag og Tid nr. 30/31, laurdag 31. juli 2004
Sudan:
Drakampen om Darfur
Tragedien i Darfur-regionen i Sudan begynte som ein kamp om vatn, men har utvikla seg til å handle like mykje om hudfarge og religion. Ein av Noregs fremste ekspertar på Darfur, Sean OFahey, er redd FN-sanksjonar mot regjeringa i Khartoum berre vil gjere vondt verre.
Bente Kalsnes
bente@dagogtid.no
Eg er tvilande til at FN-sanksjonar vil ha noko verknad i realiteten. Spørsmålet er om den sudanske regjeringa i Khartoum i det heile kan stoppe og avvæpne den arabiske militsen i Darfur. I eit intervju i Sunday Times fortalde nyleg leiaren av den arabiske Janjaweed-militsen at han ikkje tok ordrar frå regjeringa, han tok mot heller ikkje mot hjelp frå henne, seier professor i afrikansk historie, Rex Sean OFahey ved Senter for Midtausten og islamske studium ved Universitetet i Bergen.
Problemet
Han har forska på Sudan og særleg Darfur i meir enn 30 år og har i fleire periodar budd og undervist i Sudan. Han har skrive fleire bøker om Darfur, blant anna State and Society in Darfur frå 1980. No arbeider han med ein serie bøker om arabisk litteratur i Afrika. OFahey seier at det er ein lei tendens som gjentek seg i media, nemleg at alle framstiller konflikten som om han plutseleg har dukka opp. Derimot går årsakene til konflikten som FN har kalla «verdas største humanitære krise» heilt tilbake til 60-talet.
Sudan var britisk koloni til 1956, og Darfur var det fattigaste området i Sudan. Der fanst absolutt ingen utvikling i området, og det einaste Darfur eksporterte var menneske til å jobbe i Sentral-Sudan. Då eg besøkte Darfur første gongen i -68, var der ingenting, ingen vegar, heller ikkje skular. På den tida begynte ei gryande politiske utvikling i Darfur, etter kvart kalla Darfur Development Fund, som kjempa for regionen i hovudstaden Khartoum, fortel OFahey på telefon frå Bergen.
Kampen om ressursar, og då særleg vatn og beiteområde, blei prekær på 80-talet etter fleire år med ekstrem tørke. Etter kvart som Sahara strekte seg lengre sørover, gjekk lokale konfliktar mellom fastbuande svarte bønder og arabiske nomadar over til å bli ideologiske konfliktar. Dei arabiske nomadane, organiserte i Janjaweed-militsen, fekk støtte sentralt då den noverande islamske regjeringa tok makta i eit militærkupp i 1989.
Problemet har vore at vestlege regjeringar, Noreg inkludert, har einsidig fokusert på nord-sør-konflikten i Sudan. Ein har ikkje ønskt å diskutere Darfur noko særleg fordi mange har vore redde for setje nord-sør-avtalen i fare?
Har det vore meir prestisjefylt å få til ein fredsavtale mellom nord og sør i Sudan?
Ja. Blant andre har dei amerikanske styresmaktene vore veldig opptekne av å få til ein fredsavtale i Sudan, kanskje fordi dei manglar gode nyheiter frå Irak, undrar OFahey.
Noreg har vore involvert i fredsforsøk i Sudan i fleire år, og det ser ut til at ein slik avtale kjem i stand, men det får følgjer for befolkninga i Darfur.
Kvifor?
Dersom ein ser på nord-sør-avtalen, dreier han seg først og fremst om olje og om deling av oljeressursar. Avtalen skal gi 60 prosent av oljeressursane til Kharthoum-regjeringa og 40 prosent til SPLA (frigjeringsrørsla i sør). Det finst ikkje olje i Darfur, difor er det heller ikkje stor interesse for Darfur, og Darfur har no blitt ei hindring for fredsavtalen, seier OFahey.
Folkemord er eit ord som stadig fleire brukar om det som skjer i Darfur. Den amerikanske kongressen har tatt i bruk ordet folkemord, og samanliknar Darfur med det som skjedde i Rwanda, medan FN, Amnesty International og Human Rights Watch ikkje strekkjer seg så langt.
Folkemord
Enno har ikkje drapa, dei systematiske valdtektene, nedbrenningane av landsbyar og folkeflyttingane fått dei store internasjonale aktørane til å ta det første steget.
Utan tvil er det ein katastrofe av enorme dimensjonar, men eg kan ikkje stadfeste at det er eit folkemord som i Rwanda, seier Anders Breidlid, leiar i Støttegruppa for fred i Sudan og forskar ved Høgskolen i Oslo.
Støttegruppa hadde nyleg besøk av ein som hadde vore i Darfur for tre veker sidan og besøkt fire landsbyar. Han fortalde om store menneskelege tragediar, men han kunne ikkje seie om det var folkemord, seier Breidlid.
Grunnen til at det juridiske folkmord-omgrepet er viktig, er at det gir andre rett til å kome inn i området og stanse overgrepa. Den britiske utanriksministeren Jack Straw har sagt at dersom det blir erklært at det skjer folkemord i Darfur, vil Storbritannia sende 5000 soldatar, noko den sudanske utanriksministeren Mustafa Osman Ismail stiller seg sterkt kritisk til.
Det undrar meg ikkje at regjeringa i Khartoum er lite interessert i å støtte opp om «likskap og fridom» for alle folkeslag i Sudan. Den islamistiske regjeringa driv ei hard prioritering av muslimar og islamistiske mål. Den førebels avtalen om fred mellom nord og sør har blitt til fordi dei er tvinga til dette internasjonalt, seier Breidlid.
På spørsmål om FN bør gripe inn i Darfur, er Breidlid klar.
Det er nødvendig at FN grip inn no, kanskje ikkje med økonomiske sanksjonar, for det kan lett råke dei som allereie er svake. Heller bør dei ty til sanksjonar som rammar styresmaktene i Khartoum direkte, slik Thorvald Stoltenberg har foreslått, seier Breidlid. Når det ein gong blir fred i Sudan, skal han reise ned som observatør på oppdrag for FN. Den turen er førebels utsett på ubestemt tid.
Folkemord eller ikkje
Er utanlandske soldatar einaste løysinga på den dramatiske krisa i Darfur-provinsen i Vest-Sudan?
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no
Hittil er det statsminister Tony Blair som har sagt klarast ifrå om at verda har eit moralsk ansvar til å gripe inn i Darfur, også militært, om ikkje anna nyttar. Men forslaget frå general Sir Mike Jackson om å senda 5000 soldatar for å forsvara Darfurs flyktningar, førte til sterke protestar i Khartoum.
Både i USA og Storbritannia er det frykt for å verta skulda for ikkje ha handla, som etter massakrane i Rwanda og Srebrenica. Så langt har den amerikanske kongressen samla vedteke ein resolusjon som karakteriserer drapa i Darfur for folkemord. Samstundes bad kongressmedlemmene Bush-administrasjonen om å ta til orde for å senda ein FN-styrke for å verna befolkninga i Darfur. Men Bush-administrasjonen har ikkje vore viljug til å kalla det folkemord. I staden vert det hevda at både den amerikanske og den britiske regjeringa samlar prov for å avgjera om det verkeleg skjer eit folkemord i Darfur. Men det britiske utanriksdepartementet sa denne veka at dei ikkje ville vika unna ubehagelege konklusjonar, sjølv om erklæringa av folkemord inneber ei lovleg plikt til å intervenera, fortel The Guardian.
Utan verknad
Men det finst nok av åtvaringar om at eit vestleg militært engasjement i Sudan er risikabelt, ikkje minst for USA og England etter krigen i Irak.
Ein militær intervensjon er ikkje noko godt alternativ, skriv Peter Moszynski i The Guardian.
Han har 25 års bakgrunn som hjelpearbeidar i Sudan og meiner at ein kan pøsa inn titusenar av soldatar i Darfur utan at det har nokon verknad.
Ironisk nok er president Omar Hassan al-Bashirs styre så upopulært at det truleg ville krevja langt færre soldatar å fjerna regimet, men det er nok det siste Storbritannia vil prøva på, skriv han.
Moszynski meiner at ein eventuell intervensjon i Darfur kjem til å vera noko heilt anna enn intervensjonen i Sierra Leone og Kosovo.
Sjeldan har det vore ein klarare moralsk grunn til intervensjon, men Storbritannia har aldri vore dårlegare i stand til å ta affære, meiner han.
Regional løysing
Denne veka vart det klart at utanriksminister Colin Powell har hatt møte med politikarar frå Saudi-Arabia, og føremålet var å få til ein muslimsk styrke som kunne støtta amerikanarane i Irak.
Når det gjeld Darfur, har Christopher Preble som er direktør for utanlandsstudier ved Cato Institute, teke til orde for ei regional løysing. Han viser til at Egypt, Tchad og Kenya innser at ei stabilisering i Darfur er i deira interesse. Preble meiner at USA bør oppmuntra desse statane til å rydda opp i sin eigen bakgard.
I Tchad er ein uroleg over at den islamske Sudan-geriljaen janjaweed kan koma til å destabilisera også dette landet. Nyleg drap Tchad 69 janjaweed-soldatar, visstnok etter at dei hadde følgd etter folk over grensa og inn i flyktningleirar i Tchad.
I Kenya har utanriksministeren sagt at landet er villig til å spela ei leiarrolle i å løysa krisa i Darfur. USA skal også ha hatt møte med libyske leiarar for å diskutera kva rolle Libya bør spela for å stabilisera Darfur.
Preble meiner ei regional løysing ikkje må inkludera amerikanske troppar. USA bør heller oppmoda EU om å gå aktivt inn i Darfur-konflikten. Han meiner at sanksjonar ikkje vil føra til stogg i drepinga.
Sanksjonar
EU kom nyleg med krav at FN må innføra sanksjonar overfor Sudan, om landet ikkje får kontroll med den væpna militsen. Men Tryggingsrådet i FN har vore splitta i synet på sanksjonar. Torsdag ville ikkje USAs FN-ambassadør John Danforth seia noko om resolusjonsteksten kom til å innehalda trugsmål om sanksjonar mot Khartoum. NRK viste same dagen til Algeries FN-ambassadør som hevda at minst sju av dei 15 medlemene i Tryggingsrådet er mot å truga Sudan med sanksjonar.
|