Dag og Tid nr. 30/31, laurdag 31. juli 2004
Leiar:
Sponheim seier nei
Venstre kan verta det første nei-partiet som snur i EU-saka, hevda Lars Sponheim. Det er ein reell sjanse for at me gjev veljarane eit anna råd i EU-saka enn me gjorde i 1994, la han til før landsmøtet i vår.
Slik tale fekk mange til å tru at partileiaren var i ferd med å verta ja-mann.
Men Lars Sponheim er trass alt litt bonde og litt vestlending, sjølv om det ikkje alltid høyrest slik ut. Og så langt tyder det på at han har brukt sommaren godt. Det klare nei-signalet han kom med i Bergens Tidende sist laurdag har merkeleg nok fått lite eller inga merksemd. Der slo han fast at det er «galt» å seia at han er på gli i EU-saka. Han er framleis i tenkjeboksen. Men slik det ser ut no, seier han, skal det mykje til før han endrar standpunkt og rår til norsk EU-medlemskap. Skepsisen til EU-byråkratiet og detaljstyringa i Brussel hindrar han frå å verta ja-mann med det første.
Samstundes kjem Sponheim med ei klar melding. Med Noreg som EU-medlem, vert det kroken på døra for norsk kornproduksjon. Med norsk medlemskap er det ikkje lenger lønsamt å dyrka korn her i landet, og austlandsbøndene må skifta over til husdyrhald. Dette kjem til å få store følgjer både for Vestlandet og andre landsdelar.
Naturlegvis også for bonden Lars Sponheim. I eit intervju i Dag og Tid for eit par år sidan snakka han om det vedunderlege livet på garden i Ulvik. Det var ingen tvil om at han skulle tilbake dit. Sponheim skulle bruka siste delen av livet sitt til å driva bruket på heiltid, sa han.
No ser det ut til at Lars Sponheim har innsett at skal han realisera draumane sine, nyttar det ikkje med norsk medlemskap. Difor bør han kunngjera nei-standpunktet endå tydelegare så heile landet høyrer det.
Ottar Fyllingsnes |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|