Dag og Tid nr. 30/31, laurdag 31. juli 2004
Bente Riise:
Forpinte løgner
Heile Noregs Alf Prøysen er visstnok blitt skandalisert. Han likte ikkje berre kvinner, men menn også. Folk flest er overraska, og ikkje så rart. Folk flest har jo ikkje visst dette, og avsløringa om den seksuelle legninga hans er blitt ein «snakkis», noko alle pratar om. Det er bra.
For det viser seg at mange knapt vil tru på det, og mange som syns dette var unødvendig og meir enn dei treng å vite. Det er liksom så påtrengande å gå rundt å vite slikt om folk.
Etter avsløringa om at Prøysen skal ha vore bifil, er det med stor interesse ein les debattinnlegga. Biografen hans, Ove Røsbak, som kom med dei «nye» opplysningane i ein kronikk i Dagbladet, får sviande kritikk frå fleire hald, også frå folk som stod Prøysen nær og som lenge har visst at Prøysen også var tiltrekt av menn. Dei er overraska over at Røsbak offentleggjer dette. Og at han gjer det no.
Røsbak sjølv skriv at han fekk vite dette først då han var i innspurten med biografien om Prøysen for meir enn ti år sidan. Han syntest den gongen at det ville vere feil å ta det med som ei slags tilleggsopplysing, då han ikkje fekk tid til å integrere denne informasjonen i breiare forstand i biografien, om eg har forstått han rett. Sidan har dette blitt ein verk hjå Røsbak, og han har sett på det som ein stor mangel ved framstillinga av Prøysen.
Seksuell orientering eller legning er jo ikkje uvesentleg i nokon sitt liv, heller ikkje i Prøysen sitt liv, tvert om påverkar slikt store delar av livet og eksistensen. Og sjølvsagt har det også påverka Prøysen som kunstnar, og det han laga. Men det betyr jo ikkje at ein no må tolke homofili eller bifili inn i alt han skreiv og produserte, det ville då vere tøvete. Men at noko av det han har gjort er påverka av det, burde vere opplagt, noko også Røsbak påpeiker. Difor er det interessant å vite dette, det er slett ikkje uvesentleg, slik mange vil ha det til. Og det er til å forstå at Røsbak som Prøysens biograf ville vere den som offentleggjorde dette, fordi han meinte han hadde gitt ei mangelfull presentasjon av mannen og livet hans.
Fleire meir eller mindre framståande kulturpersonlegdomar meiner at Røsbak no svertar minnet til den folkekjære diktaren, at han grafsar i private ting som offentlegheita ikkje har noko med. At han skitnar til Prøysen. Men kva er det ein seier då? At det er griseri å vere tiltrekt av nokon av same kjønn? At det er skammeleg å vere homofil eller bifil? Ein skulle ikkje tru det var muleg å seie slikt i 2004, men det er faktisk det dei gjer. Og dei er mange.
For Prøysen sin generasjon var det umuleg å seie offentleg at ein var homofil eller bifil. Det var temmeleg mange, både menn og kvinner, som levde i løynd og skam. Liv med forpinte løgner og mangel på aksept og forståing. Homofili var kriminelt, ein kunne risikere fengselsstraff for seksuelle forhold mellom menn. Homofili var også ein psykiatrisk diagnose til langt inn i vår tid. Det seier seg sjølv at det var vanskeleg å stå fram med andre seksuelle orienteringar enn det som var norma. Og kanskje mest for dei som var såpass offentlege som Alf Prøysen var. Vi kan ikkje i dag seie at om han ville at dette skulle bli kjent for ålmenta, måtte han ha sagt det sjølv. Det ville vere å be om for mykje.
Ein må nesten minne om at det faktisk er ganske nytt at det er nokolunde greitt å vere open om homofil legning. Og det er framleis ikkje lett, slik ein kanskje kan få inntrykk av i dag. Det er vanskeleg både i forhold til familie, vener, arbeidsplass, lokalsamfunn og storsamfunn. Også i dag reiser unge homofile frå bygdene stort sett til større byar for å sleppe unna dei verste fordommane. Mange lever framleis i løynd og i skam.
Alt for mange unge homofile tar livet av seg fordi dei ikkje orkar dei påkjenningane dei fryktar livet deira vil innehalde. Ei levekårsundersøking som vart gjort av NOVA for nokre år sidan viste at homofile og lesbiske hadde større problem med både den fysiske og psykiske helsa, at rusproblem var meir utbreidd blant desse enn i resten av folket, at homofile var meir utsett for vald enn andre, og at talet på sjølvmordsforsøk var skremmande høgt. Vi veit ikkje kor mange unge homofile som faktisk tar sjølvmord, då mørketala truleg er store. Men nokre har skrive avskilsbrev og dette er pinefull lesing.
Sjølv om haldningane til homofili er heilt andre i dag enn for nokre tiår sidan, er det likevel langt att før ein kan seie at homofili er fullt ut akseptert. Det trur eg dei fleste homsar og lesber kan underskrive på. Truleg er det kanskje vel så tabu å vere open bifil enn homofil, også no i 2004. Særleg for menn. At kvinner er det, verkar ikkje vere like farleg. Når Madonna kliner med Britney Spears er det kult og trendskapande, men likevel ufarleg. Det er berre litt artig-sexy. Men at Prøysen skulle vere bifil, blir for mykje.
Folk lever sine liv meir mangfaldig enn ein ofte trur. Det burde fleire kunne gjere utan å bli påført fordummande haldningar og antikvarisk tankegods. Det handlar om respekt, både for Prøysen og for svært mange andre.
Bente Riise
|