Dag og Tid nr. 30/31, laurdag 31. juli 2004
Klok på bok:
Strålande debut
Heldigvis er ikkje sommaren over. Vonlegvis er dei finaste vekene att, men diverre har ho Helene Myrbråten pakka kufferten og sagt takk for seg.
Maken til vikar skal ein leita lenge etter. Ho diska opp med den eine oppgåva meir oppfinnsam enn den andre, og eg er blant dei som har gledd meg over den språklege spensten til ho Helene. Det er ikkje mange som er lette både på foten og pennen!
Difor er det litt stussleg å venda tilbake til garden og den tomme smalefloren, men heldigvis er det trøyst i bøkene. Førebels er han Dale Oskar slett ikkje å sjå, men folk som har sigla over Skagerak i sommar, skal ha sett snurten av han på ei strand der. Og då gjekk han heile tida rundt med eit salig smil om munnen. Det kunne sjå ut som noko vedunderleg hadde skjedd, vert det sagt.
Men tilbake til Johan Møllerstuguen og Klok på bok nummer 670:
Eg er samd med det i at dette er ei vanskeleg oppgåve, men berre med omsyn til tidfestinga av teksten, skriv Anstein Lohndal frå Stord.
Denne er ein av dei mange «stubbane» som Alf Prøysen skriv for «Lørdagskroken» til Arbeiderbladet. Stubben eller forteljinga heiter «Morosame gutter». Han er også teken med i band 2 av Alf Prøysens Verker, Tiden Norsk Forlag 1978, i samlinga «Kjærlighet på rundpinne», som Prøysen gav ut i 1958 på Tiden, skriv Lohndal.
Kva tid stubben først stod på trykk er eg sanneleg ikkje heilt sikker på, men i boka Alf Prøysen. Prøysen i prosa, som nyleg kom ut, står det at stubben første gong stod i Arbeiderbladet 22. mai 1954.
Johan Møllerstuguen er skildra med varme som ein lokal gledesspreiar, ein uløna kulturarbeidar utan høgare ambisjonar enn å vera morosam «i barnedåp og brøllop og kortlag og kvinneforeningar», men som likevel var berebjelken i det lokale kulturlivet. I grannebygda hadde Emil Baklykkjen ei tilsvarande rolle. Ein freistnad frå velmeinande bygdefolk på å arrangera eit møte mellom desse to kulturarbeidarane fall i fisk. For Johan øydela frakken sin i bildøra og måtte venda heim att, og Emil vart liggjande til sengs av isjas, legg Anstein Lohndal til.
Stordabuen er vinnaren denne veka, men han er ikkje åleine om å svara rett. Det gjer også Olav Molven, som slår fast at:
Prøysen er ein gigant!
Noregs beste forfattar på sjarmørariet, skriv poeten Helge Rykkja, som er imponert over Prøysen.
Kva dei seier no etter at den store og oppheita sommardebatten i Dagbladet om Alf Prøysen var bifil eller homofil, veit eg ikkje, men eg er nokså viss på at dei synest at hedmarksdiktaren er minst like stor for det.
Rett svarar også Kåre Opsahl frå Ørsta, Målfrid Nordvik frå Kvammen, Rannveig Lundquist frå Orkanger og Nils-Aksel Mjøs frå Bergen.
Fleire svar har eg ikkje registrert, og så spørst det om nokon no når sommaren endeleg har kome har tid til å løysa den nye oppgåva.
Klok på bok 672
Franz var den fornemste av forpakterne og så målbevisst at naboene av og til kalte ham bonden.
Men tidlig i livet, kanskje før han ble født, var han rammet av en urett, som plaget ham i alle år. I motsetning til naboene var det ikke forpaktningssvilkårene alene som ga ham grunn til å gremme seg. Det fantes en annen årsak dessuten, og den gjaldt bare for ham. Det er tungt å ha glemt foranledningen når harmen hveser og knirker.
Utsnittet er henta frå debutromanen som kom i 1955, og som vart ein stor publikumssuksess i heile Norden.
Dette burde vera ei lett oppgåve, og den som ikkje har lese boka, bør snarast sørgja for å gjera det.
Elendet og nauda er skildra med ein djerv, nesten maskulin humor som forvandlar fattigdommen til menneskeleg rikdom, heiter det på baksideteksten på mi bok.
Og det er ikkje så verst sagt.
Så håpar eg på mange svar med utfyllande kommentarar. Svara skal sendast til Klok på bok, Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, eller til klok@dagogtid.no, eller på faks til 22 41 42 10.
Så vonar eg at de alle har ein strålande sommar.
Barrabas
|