Dag og Tid nr. 30/31, laurdag 31. juli 2004
Bøker:
Det sanne andletet til afrikaans
Med Røyk og oker av Ingrid Jonker er den fyrste afrikaans-diktsamlinga tilgjengeleg på norsk.
DIKT
Ingrid Jonker:
Røyk og oker
Gjendikta av Liv Lundberg
Stemmens kontinent
Cappelen 2004
Jonker var ein afrikaans-språkleg, kvit sørafrikanar og dermed ein såkalla «boar» eller «afrikandar», etterkomar av nederlandske kolonistar i Sør-Afrika. Dei fleste dikta i samlinga er henta frå Røyk og oker, som kom ut i 1963. To år seinare tok ho sitt eige liv.
Livet hennar var fylt av ulykker, opphald på barneheim og seinare nerveklinikkar. Etter oppløysinga av apartheid for ti år sidan har Jonkers lyrikk vekt ny interesse.
Den politiske bakgrunnen er umogleg å oversjå hos Jonker. Ho skreiv på eit språk som på grunn av apartheidregimet har vorte stigmatisert som eit undertrykkingsspråk. Raseskiljepolitikken fremja afrikaans og ikkje engelsk som lingua franca i Sør-Afrika noko som førte til det kjende Soweto-opprøret i 1976. Far hennar, som ho hadde eit vanskeleg forhold til, var parlamentsmedlem for Nasjonalistpartiet. Dette partiet var med å danna biletet av den etnisk kvite afrikandaren, ein identitet som særleg var meint som reiskap mot språkpolitikken til det tidlegare engelske kolonistyret. Nemninga «afrikaans» føyer seg inn under tanken om eit eige kvitt afrikansk folk «Afrikaner Volk». Men dette biletet blir sett på spel hos Jonker. Som tittelen viser, inneheldt ideen om den kvite afrikandaren meir «røyk og oker», meir slektskap med det mørke Afrika, enn
ynskeleg.
Opphavet
Dyrkinga av den reine afrikandaren fungerte nemleg som eit lokk over ei indre, tragisk spenning. Som diktar lykkast det Ingrid Jonker å løfte på dette lokket. Afrikandarane tok ikkje berre avstand frå si «ureine fortid» alle boarar har afrikansk blod i årane men òg frå sitt europeiske opphav. Medan engelske sørafrikanarar har den eine foten i Afrika og den andre i det grøne England, står boarane med begge føtene planta i afrikansk jord. Vi ser konsekvensane av dette i etterordet til boka. Gjendiktaren Liv Lundberg fortel om ei danningsreise Ingrid Jonker ville gjennomføre i Europa. Det enda i angst og depresjon. Europeisk kultur gav inga lindring for fortvilinga hennar. I poesien er det derimot heilt andre krefter som hjelper Jonker. Dei surrealisme-inspirerte dikta handlar om kjærleikssorg og desillusjon hos eit barn som trer inn i dei vaksnes verd. Det mørkret diktaren vender seg mot er
Afrika. Nokre dikt framstiller «ein bastard hund». Jonker fortel «i denne kveld skal jeg flekke tenner/og skakes i månens listige rytme/lytte til min sødme og fjernhet/mitt lengelydende glam/fra hundehuset; hvite måne, hvite baas i natten».
Det er eit Afrika som tilhøyrer dei svarte Jonker påkallar, ei irrasjonell fortid afrikandaren ikkje vil vedkjenne seg. Dikta hennar kallar fram denne trugande verda med eldfluger, sikadar, «bittermandel sol» og Kneleren, guddomen til San-folket.
Ei anna side
Poesien hos Jonker viser dermed heilt andre sider ved afrikaans. For Sør-Afrika etter apartheid har eksistensen av ei slik dikting vore viktig. Ikkje berre har det vore viktig med redefinering og restitusjon av det sørafrikanske samfunnet, men også av afrikaans språk og litteratur det er ikkje tale om eit språk berre for dei kvite. Forfattarar som Jonker og kanskje den mest kjende poeten, Breyten Breytenbach, som sat mange år i fengsel, viser det sanne andletet til afrikaans. Og ikkje minst gjeld dette ikkje-kvite diktarar frå Townshipane. Innan det afrikaanske språkområdet utgjer dei to millionar boarane nemleg ein minoritet. Det finst meir enn fire millionar svarte og farga med afrikaans som morsmål.
Liv Lundberg har gjennomført gode attdiktingar og skrive eit interessant etterord. Det einaste eg reagerer på er rot i namnebruken. Byen ved Kapp det Gode Håp blir kalla både «Kaapstaden» og «Cape Town», og «afrikander» blir til «afrikaaner».
Ronny Spaans
|