Dag og Tid nr. 30/31, laurdag 31. juli 2004


Elektronisk litteratur:
Blogg meg
BERGEN: Ho likar seg best når ho kan på-verke andre sine tekstar med nokre tastetrykk. Til hausten  startar Jill Walker ELINOR, den første organisasjonen i Norden for elektronisk litteratur.
Tekst og foto: Bente Kalsnes
bente@dagogtid.no

– Dersom det er noko eg ikkje vil at mora mi eller mora til kjærasten min skal lese, lar eg vere å publisere det. Det har skjedd at eg har stått opp midt på natta og sletta noko frå webloggen min. Jill Walker smilar over kaffikoppen med tanken på sine nattlege turar til datamaskina. Litteraturvitaren og universitetslektoren i Humanistisk informatikk ved Universitetet i Bergen er ein av Noregs få ekspertar på litterære tekstar på internett. Interessa for litteratur og teknologi møtest på Walkers weblogg jill/txt som ho har oppdatert dagleg sidan 2000. Ein weblogg er ei hyppig oppdatert heimeside som kan innehalde tekstar, kommentarar, bilete eller lenker om alle moglege tema. Tilbakemelding frå andre lesarar eller brukarar er også eit anna særtrekk. Enklare teknologi og nettstader som www.blogger.com har gjort webloggar stadig meir populær dei siste par åra. Walker reiser jorda rundt for å snakke om webloggar og elektronisk litteratur på internasjonale konferansar.

Tidleg ute

I 1993 hadde få høyrd om e-post og world wide web, også kalla verdsveven. Men omringa av ingeniørar på ein datalab på Høgskulen i Stavanger, lærte litteraturvitaren Walker seg å lage enkle websider. Men då ho i 1995 ønska å skrive hovudoppgåve om hypertekst eller interaktive tekstar, protesterte professorane ved Institutt for litteraturvitskap i Bergen. Det ville ikkje vere lurt fordi «ein på instituttet allereie hadde skrive om det.» I fjor haust disputerte Walker med doktoravhandlinga om interaktive tekstar på internett – om korleis brukarar kan bli dregne inn i fiktive verder gjennom blant anna spel, søppelpost, e-post og hypertekst. Det skulle vise seg at det gjekk an å ha fleire enn eitt synspunkt på elektronisk litteratur.

– I doktoravhandlinga mi såg eg blant anna på spam (søppelpost, red. merknad) som ofte brukar fiksjonelle verkemiddel lik det ein finn i forteljingar. For eksempel har eg fått e-post med pornoreklame som liksom er sendt av ei jente eg møtte på byen sist veke der det står «Takk for at du gav meg adressa di, her er linken til bileta eg lovde å sende deg.» Dei same verkemidla blir brukte i interaktive forteljingar. Ei eg likar godt er Online Caroline (www.onlinecaroline.com). Caroline vil at du skal vere venninna hennar, og du må sjølv gjere noko for å setje forteljinga i gang. Dermed blir du delvis medskuldig i det som skjer med ho. Det synest eg er spennande og veldig annleis frå å lese ein roman der ting skjer utan at eg kan gjere noko med det, seier Walker.

Digtalt til stades

Den unge universitetslektoren som underviser i digital medie-estetikk sit framfor meg på ein kafe på Høyden i Bergen og forklarar med engasjerte hender. Jill Walker er ein særdeles nærverande person, ikkje berre i den «verkelege» verda, men også den virtuelle. Frå webloggen jill/txt skriv ho små rapportar meir eller mindre dagleg. Medan denne artikkelen blir skriven, er Walker ein stad i Frankrike, og ho fortel at ho prøver å leggje ut tekstar på nettsida via mobilen hennar.

– Kva er så fascinerande med elektronisk litteratur?

– Teksten er eit nettverk. Ein kan vere ein stad i teksten og teksten inviterer deg til å flytte rundt.  

– Vil det seie at teksten mistar autoritet over deg, den bestemmer ikkje lenger kva som skal vere først og sist?

– Ikkje nødvendigvis. Det kan også fungere motsett, ein elektronisk tekst kan få meir kontroll over deg enn ei bok. I ein del internett-tekster kan det vere vanskeleg å finne ei bestemt side, og det er berre bestemte lenker ein kan følgje. Les du i ei bok, kan du bla fram og tilbake. Nokon gongar gongar kan faktisk forfattaren ha meir kontroll over lesaren på internett, seier Walker.

Lenker til litteratur

I løpet av hausten reknar Walker
med å starte arbeidet med prosjektet ELINOR – Elektronisk litteratur i Norden, støtta av Nordisk Råd. Føremålet er å framheve og oppmuntre elektronisk litteratur i eit område som er rikt på både litteratur og teknologi, men ikkje på kombinasjonen av dei to.

– Vi er så fokusert på boka her i landet. Vi søkjer oss veldig til papir, seier Walker når eg spør kvifor ikkje fleire er opptekne av elektronisk litteratur.

Ein annan årsak til bokas sterke stillinga i Noreg er bransjeavtalen og innkjøpsordninga, som Walker har stor sans for.

Ho fortel om ein skribent som søkte Kulturrådet om støtte til å publisere ei fiktiv dagbok på nettet. Då fekk han til svar at det var eit upublisert manus fordi det var på internett.

– Ein kan seie kva ein vil om kvaliteten, men slik litteratur fell ofte mellom to stolar.

Men det finst håp, nokon skriv elektronisk litteratur også her i landet, og nokre av Walker sine favorittar er www.imellomtiden.no og www.poetikon.no 

– På i mellom tiden finn ein både bilete og tekstar; små dikt kjem fram mellom video og bilete. Forteljar- og biletperspektivet blir like viktig.

Med ELINOR og pengane frå Nordisk Råd ønskjer Walker å lage ei nettside om elektronisk litteratur, arrangere ein konferanse om temaet og arrangere turnear for forfattarar som skriv elektronisk litteratur.

– Men det har jo ikkje gått noko bra med e-boka, kvifor trur du folk vil lese litteratur på nettet?


– Eg trur absolutt det kan fungere, og det gjer det allereie i mange tilfelle. Ifølgje Norsk mediebarometer brukar nordmenn i snitt mellom 60 og 90 minutt på internett kvar veke, avhengig av kjønn. Det er opplagt at når ein er på nettet, les og skriv ein, sjølv om ein ikkje alltid les så langt. For eksempel Online Caroline, som er lagt opp som en føljetong, fungerer veldig bra. Då les ein i 5-10 minutt. Difor fungerer også bloggar, e-postforteljingar og dikt, som er korte bitar med tekst, bra, seier Walker.

Digitale fotspor

Tida er knapp for norsk-australske Jill Walker med den klingande bergensdialekten. Straks må ho springe tilbake til instituttet for å feire bursdagen til ein kollega. Eg veit eg kan nå ho på nettet, men eg skundar meg å dytte inn eit spørsmål til.

– Du snakka om kva som er dine grenser for kva du vil skrive om på webloggen din. Er folk naive når det gjeld kva dei etterlet seg av informasjon på nettet?

– Eg trur det. Ein journaliststudent ringde meg og spurte kvifor eg ønska å utlevere livet mitt i ein blogg. Han var dum nok til å seie at han skulle ringje meg tilbake neste dag og eg søkte på namnet hans på nettet. Han hadde sjølvsagt ikkje ein blogg, men eg fann mange hundre treff på Google frå tåpelege diskusjonar han hadde delteke i. Ein stad fann eg ein beskjed han hadde lagt igjen i ei gjestebok til ekskjærasten i Sverige. Dersom han hadde hatt ein blogg, kunne han sjølv valt kva som skulle kome ut. Ein etterlet seg mange spor på nettet, seier Walker.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |